Innhald og prosentvis fordeling av artar i dei ulike såvarene (etter vekt).

FK = Felleskjøpet; SU = Strand Unikorn

 

Tenk haustestrategi før du kjøper frøblanding. Er vekstsesongen lang nok til tre slåttar, vil timotei mangla gjenvekstevne til ein tredjeslått. Dette gapet må tettast av artar med god gjenvekstevne. I område med kortare vekstsesong klarar timotei seg betre åleine.

Liv Østrem, NIBIO Fureneset
Anders Aune, NIBIO Fureneset/Stend vgs 

I august 2015 etablerte me to felt med ti ulike frøblandingar ved NIBIO Fureneset i Fjaler, Sogn og Fjordane. Felta vart hausta to eller tre gonger kvar sesong. Frøblandingane varierte i timoteimengde og tal artar, reine bladgrasblandingar og artar i reinbestand. Sjå tabellen for oversikt over innhaldet i frøblandingane. I engåra vart toslåttsfeltet tilført i snitt/daa 23 kg N, 4 kg P og 20 kg K og tilsvarande 29 kg N, 5 kg P og 25 kg K for treslåttsfeltet. Etableringa var svært god med unntak av bladfaks. Det var generelt lite ugras i forsøksfelta. Avling og fôrkvalitet for tre engår var omtalt i Bondevennen i februar 2019.
I fjerde engåret (2019) sorterte me prøvar frå førsteslåtten i ulike artar for å sjå kor stor del av tørrstoffavlinga dei ulike artane utgjorde, og korleis to og tre slåttar påverka konkurransen mellom artane og ugrasmengda.

Frøblandingar med timotei

For dei fem timoteibaserte frøblandingane med 45-70 prosent timotei, auka timoteidelen i snitt ved to slåttar og minka ved tre slåttar, høvesvis til 71 og 43 prosent av tørrstoffavlinga. Ugrasinnhaldet var høgast ved tre slåttar (13 prosent). Dette var i hovudsak knytt til dei to blandingane med færrast artar, altså frøblandinga med 70 prosent timotei og timotei-bladfaks-blandinga.
I frøblandinga med 70 prosent timotei var timoteidelen i tørrstoffavlinga 72 prosent og 61 prosent ved høvesvis to og tre slåttar. Det var tilsvarande 22 prosent og 13 prosent engsvingel i avlinga i dei to slåtteregima. Ved tre slåttar gav denne frøblandinga ein svært gresen grasbotn. Det kom inn mykje krypsoleie, og ved tre slåttar var heile 26 prosent av tørrstoffavlinga ugras mot 3 prosent i toslåttsavlinga. Bladgraset engsvingel toler godt tre slåttar, men ein viktig faktor her er at det heilt frå attleggsåret kanskje ikkje er nok engsvingel til å tetta dei opne romma etter kvart som timoteien går ut. Dette har truleg samanheng med at engsvingeldelen i frøblandingane gir relativt få planter, sidan engsvingel har store frø samanlikna med småfrøa timotei.
I tre frøblandingar var det tre – fire andre artar i tillegg til timotei. I ‘beiteblandinga’ var både engsvingel og engrapp på det næraste borte i fjerde engåret. Innslaget av ikkje-sådde grasartar var heile 50 prosent ved tre slåttar, noko som betyr at både engsvingel og engrapp viser lite aggressiv vekst. Eller at 20 prosent av desse artane i ei frøblanding er for lite til at dei kan etablera seg godt nok, eller at 50 prosent timotei gir for stor konkurranse i etableringsfasen for engsvingel og engrapp. Bildet er eit heilt anna i ‘timotei-bladgrasblandinga’ der det i tillegg til engsvingel og engrapp var med fleirårig raigras og raisvingel. Her er det lite av ikkje-sådde gras og ugras, og raigras/raisvingel utgjorde 19 prosent og 56 prosent av tørrstoffavlinga ved høvesvis to og tre slåttar (sjå figur). Å oppretthalda ein tett grasbotn er viktig for å halda ugraset borte. Her er fleirårig raigras og raisvingel viktige artar, eller generelt breie artsblandingar, altså med mange artar.

Treslåttsgras viktig i frøblandingar

Strandsvingel er på linje med fleirårig raigras når det gjeld å ta plass i enga. I frøblanding nr 22 (Strand Unikorn) har strandsvingel halde stand ved to slåttar og auka til knapt 50 prosent ved tre slåttar. Fleirårig raigras har hatt omtrent same utviklinga; liten endring ved to slåttar og dobling ved tre slåttar. Timotei som utgjorde 50 prosent i frøblandinga, opprettheldt denne delen ved to slåttar, men utgjorde berre 20 prosent ved tre slåttar (sjå figur). Den plassen var det altså strandsvingel og fleirårig raigras som begge tok over, men det kom også inn meir ugras her enn ved to slåttar. Kanskje er 50 prosent timotei litt for mykje til tre slåttar?

 

Figurane viser endring frå sådd frøblanding ved etablering til førsteslått etter to og tre slåttar i fjerde engår med tillegg av andre gras og ugras. For timotei-bladgrasblandinga er fleirårig raigras og raisvingel slått saman (grønkvitt mønster).

Artar i reinbestand

Hundegras (Frisk), bladfaks (Leif) og raisvingel (Hykor) vart etablerte i reinbestand. Raisvingel, ei kryssing mellom raigras og svingel, finst i mange variantar avhengig av foreldreartane, og om dei er selekterte mot ein av foreldreartane. Sorten Hykor er svært lik strandsvingel, og i reinbestand konkurrerte Hykor godt både ved to og tre slåttar. På grunn av tidleg vårvekst er dette ein typisk treslåttsart som utnyttar vekstsesongen godt. Hundegras er eit absolutt treslåttsgras. I reinbestand heldt hundegraset seg nesten heilt reint ved tre slåttar, medan ugraset auka til ca 20 prosent ved to slåttar, kanskje på grunn av den litt opne og tuete veksemåten til hundegraset. Når hundegras var i blanding med fleirårig raigras og kvitkløver (SU20), auka fleirårig raigras til 60 prosent i begge hausteregima og hundegraset vart redusert tilsvarande. Avlinga var utan kvitkløver og ugras. Etter kvart som hundegras i reinbestand tok seg opp, passerte avlingsnivået raigras- hundegras-blandinga (SU20) etter andre engåret. På grunn av ein litt treg start i hundegras, gav raigrasblandinga størst avling i begge haustesystema sett over fire år.
I rein bladfakseng kom det inn mykje andre grasartar og ugras både ved to og tre slåttar. Ved tre slåttar var omtrent halvparten av tørrstoffavlinga ugras. I 50-50-blandinga med timotei var det 12 prosent bladfaks ved to slåttar og omtrent ingenting ved tre slåttar, medan timoteimengda nærma seg ¾ av tørrstoffavlinga, og det vart mykje ugras. Bladfaks kan vera vanskeleg å etablera og var den største utfordringa i dette forsøket.

Kløver

I fjerde engåret såg me svært lite kløver i førsteslåtten. Raudkløveren var tilnærma borte der den var sådd (SU22), og det same gjeld for kvitkløver. Her spelar sjølvsagt nitrogengjødslinga inn i tillegg til artsvala i frøblandingane. Kvitkløver etablerer seg saktare enn raudkløver, og konkurransen med fleirårig raigras og hundegras kan bli for sterk for kvitkløver.

Stikkord denne saka: ,