bv08_fag

Frå 1. januar 2014 blei det innført eit nytt kvalitetstilskot for ulike kategorier av storfe. Tilskotet vert utbetalt for slakteklasse O og betre og utgjer fort over 1.000 kroner per dyr.

Karl Oddvar Vie
Nortura

Kvalitetstilskotet, kr 3,70 pr. kg slakt, gjeld for storfekategoriane ung okse, okse, kvige og ung ku, under føresetnad av kvalitet i klasse O eller betre. Tilskottet har ingen feittkrav. Tabell 1 syner at om lag 1 av 5 storfe for dei aktuelle kategoriane ligg i klasse O- . Ein bør ha potensiale til å kunne oppnå ein klasse betre og dermed oppnå kvalitetstilskotet på ca 1.000 kroner ekstra per dyr.

Korleis oppnå tilskotet?

  • Dei aller fleste NRF oksar har genetisk potensial til å oppnå klasse O. Av kvigene vil og mange ha mulegheit for å imøtekome kravet .
  • Det vert normalt levert ein del dyr som ikkje er slaktemodne. Desse vil bli klassa i dårlegare klassar som P og O-. Unngå å levere dyr som ikkje er slaktemodne.
  • Sterkare fôrstyrke aukar sjansen for betra klasse.
  • For dei som leverar oksar i vektintervallet 270 til 300 kg slaktevekt vil det vere aktuelt å heve medelvekta med rundt 10 kg. Då vil ein redusere andelar av oksar i O-. Ein vil ha relativ tydeleg effekt i det nemnde vektintervallet. I og med at feitklasse ikkje har betyding for tilskotet, vil ikkje ei moderat feittauke øydelegge for fordelen med å oppnå kvalitetstilskotet. Å heve slaktevektene for oksar på over 300 kg, vil ikkje vere noko poeng då potensialet for å heve klassen er betydeleg mindre og fôrforbruket aukar for mykje.
  • For ung ku (under 36 månader) vil mjølkeproduksjonen vere styrande for utslaktinga.
  • Sats på kalvestellet. Ein god start for kalven vil vere viktig for å utnytte tilvekst og å sikre god slaktekvalitet. Gode råmjølksrutinar og tidleg og tilstrekkeleg kraftfôrtildeling er viktige faktorar i så måte.
  • Auka andel av bruksdykryssing i mjølkebuskapane vil vere med å betre slaktekvaliteten. Særleg i dei større buskapane bør kryssing vere høgaktuelt. Det vil alltid vere kyr som det ikkje skal rekrutterast etter. Desse bør ein inseminere med kjøttferase. Dei som vil drive intensiv oksekjøttproduksjon bør velje tung rase.

bv08_fagb

Stikkord denne saka: ,