Utfordrande: Jurbotn er tilskitna av bakføtene og gjer det vanskeleg for roboten å gjera reint. Foto: Ingve Dubland

Årsaka til sporar ligg oftast i grovfôret. Mjølkerutinar, reinhald, grashaustingsmetodar og bruk av rette ensileringsmiddel er viktige nøkkelord for å unngå dei i mjølka.

Ingve Dubland,
teknikar, TINE Melkekvalitet og service

Meieria har utstyr til å redusera sporar frå råmjølka til den mjølka som vert nytta i produksjonen. Til dømes bactocatch og bactofuge. Utstyret føreset at nivået i leverandørmjølka held seg på eit lågt nivå. Difor må du som bonde vera merksam på å unngå sporar i mjølka, og hugsa på at førekomsten av dei dreg ned kvalitetsbetalinga.
Vi har to typar sporar: anaerobe sporar, også kalla vintersporar, som oftast oppstår i surfôret. Vi har òg nemninga smørsyresporar. Desse er ei utfordring for ystemeieri, sidan dei lager feilgjæring i osten. Osten blir då ubrukeleg som salsvare. I artikkelen vil det meste handla om desse, men det generelle er òg gjeldande for aerobe sporar, ofte kalla sommarsporar. Desse sporane kjem oftast frå blaute beite eller drivevegar, og gir utfordringar i mjølk og fløyte. Dei aerobe sporane fører til søt koagulering, mjølka vert tjukk utan at ho er sur. Bacillus cerus er namnet på den aerobe bakterien, som kan gje matforgifting.

Overføring av sporar

Sporar i mjølka er nært knytt til sporar i fôret, som vert brukt til kyrne. Sporefritt fôr er som oftast synonymt med sporefri mjølk. Har du først sporar i fôret, må du gjera alt du kan for å få fjerna sporane frå jur og spenar på kua før mjølking. Ved mjølking i båsfjøs vil dette vera enklare og meir konkret, enn i lausdrift med robot. Å unngå sporar i mjølka handlar for det meste om å ha ein rein og sporefri spene før mjølking. I båsfjøs vil dette seia å ha ein rutine ved spenevask som endrar ein sporerik spene til ein sporefri spene. Gode hjelpemidlar, gode klutar og tørr ettertørking vil vera vesentlege detaljar, men òg eit tørt jur, personleg hygiene og reint mjølkeutstyr er viktig. I lausdrifter ser vi at sporar er ei større utfordring. Fjøset si utforming, rutinar ved reinhald og strøing tyder mykje for kor rein kua er når ho kjem til mjølking. Dette slår spesielt ut ved robotmjølking.

Robotmjølking

Det er viktig med kontroll og vedlikehald av reingjeringssystemet på robotane, til dømes det som gjeld reinhald og temperatur. Det finst innstillingar for sterkare reingjering både på kunivå og på besetningsnivå på robotane. Mange opplever at sjølv om alle innstillingane er justert opp, så er sporemengd i leverandørmjølka for høg. TINE tilrår svært god hygiene i lausdrifta, mykje manuell skraping og reingjering, og bruk av mykje kvalitetsstrø. Reinhald av kua er òg svært viktig, og me tilrår klipping av jur, lår og hale. Ofte vert alle tiltaka i sum så store og tidkrevjande at bonden faktisk ikkje har kapasitet til å utføra dei i lengda. Svært ofte løysast sporeutfordringa med å bytta til sporefritt fôr. Då endrar spormengdene i mjølka seg til det betre i løpet av kort tid.

Sporefritt fôr

Rask ilegging, godt nok press og rett mengde ensileringsmiddel er kjende og viktige faktorar som påverkar resultatet. Ofte ser vi at det er nye rutinar og metodar som gjer det vanskeleg å stette alle krava. Stor kapasitet på hausteutstyret set store krav til trakking og doseringsutstyret, til dømes. Sjølv om det verker som om ensileringa har blitt slik ein ønsker, og fôret har ein verdi som gjer det til eit kjempegodt mjølkefôr, opplever bønder at dei får sporeproblem. Ofte er det resultat av tilførde sporar frå jorda til graset under haustinga. Prøver av gras under hausting tydar på at bruk av samlerive er den operasjonen som tilfører mest sporar til graset, men òg bruk av pickup-utstyr gir risiko for å koma nedi grassvoren på enga og ta med seg sporerike delar inn i graset. Erfaringar har vist at bruk av ensileringsmiddel som er saltbaserte, slik som Kofasil-middel, kan fjerna/øydeleggja sporane i graset.

Sporefritt fôr og risikofôr

Mange har nytta store ressursar og følgd dei råda som er gitt for å dyrka eit sporefritt fôr. Likevel vert dei overraska av sporeproblem i mjølka. Store bruk har som oftast store surfôrlager. Mykje sporerikt fôr gjev bonden mange utfordringar med å bruka fôret rett. Det er vanskeleg å låna eller omdisponera så mykje fôr. Å kjenna status på fôrlageret før ein skal bruka av det, er viktig. Dette vil ha innverknad på fôrdisponeringa, på kva som skal brukast til kua, og på korleis bonde og fôringsrådgivar skal komponera ei blanding som gjev ønska resultat både med tanke på volum og kvalitet. For å få denne kjennskapen er det viktig å bruka tilgjengelege verktøy. For fôringsrådgivaren vil det vera heilt uråd å gje gode råd utan prøver av fôret. Like vanskeleg vil det vera å ta dei rette avgjerslene om kva som er sporefritt fôr, om ein ikkje har hygiene- eller sporeprøve av fôret. Har du smørsyre i fôrprøven vil det vera sporar i fôret, men du er ikkje sikker på at det ikkje er sporar i smørsyrefritt fôr. Planlegg utifrå dette når du tingar fôrprøve. Ta med analyse for sporeinnhald. Får du svar om sporefritt fôr, ta det som ein bonus. Ved prøvesvar om sporerikt fôr, planlegg utifrå dette og gjer dei rette grepa tidleg.
Vi opplever stadig at sporeutfordringa dukkar opp som ei overrasking. At fôret var sporefritt i fjor, er ingen grunn til å droppa sporeprøvar dette året. Med så store volum som det ofte dreier seg om hjå produsentane i dag, er det mest uråd å greia skaffa nok sporefritt fôr frå andre.

Stikkord denne saka: ,