bv46_fag

Løysingsorienterte planleggingsgrupper:

Tine Rådgiving og Medlem (TRM) i Sør har fått spørsmål frå fleire medlemmer om utredning av planer for eit mjølkefjøs med robot, i storleiken maks 5 mill. kr, eller kostnad i forhold til størrelse – med ein makspris på til dømes 100.000 kr per båsplass.

Ingve Dubland, Tine-rådgjevar

Medlemmane har uttrykt ønskje om at utredninga føregår i form av planleggingsgrupper, som saman planlegg sine fjøs eller finn sine løysingar. I TRM har vi sett på ideen, og studert på kva som er gjort på dette feltet, både gjennom Folkefjøsprosjektet og gjennom enkelte fjøs bygd utanom noko prosjekt. Vi har sett at enkelte har fått dette til, og dermed ønskjer vi å gå vidare med ideen.

Forarbeidet

På Særheim-dagen tidlegare i haust fekk vi spørsmål frå ei gruppe medlemmer, og vi utfordra eit par av desse til å vera med på planlegginga av eit slikt tilbod. Alf Hadland, med feltet økonomi, og Ingve Dubland, med teknikk/bygg, gjorde eit forarbeid og følgde opp med eit møte med to bønder, Ola Eikeland og Christian Aasland. Begge driv gard i Time, to relativt store garder med mjølkeproduksjon og sau, der kulturbeite inngår som ein viktig del av grovfôrgrunnlaget.

Basert på dagens areal

Begge to var kome til eit punkt der dei ønska å gjera noko med forholda dei produserte mjølk under. Eldre bygningar som dei ikkje var lystne på å bygga på/ominnreia og samtidig ønske om å få til eit driftsapparat som baserte seg på dagens areal med utnytting av kulturbeitet. Ingen hadde noko lyst til å leige meir jord eit stykke frå garden med det som det fører med seg, stor transport av gras og gjødsel. Dei hevda óg at skulle dei utnytta kulturbeita, fører dette med seg arbeid, som dei var usikre på om det ville vera rom for, dersom produksjonsomfanget auka vesentlig.
– Kulturbeitene blir utnytta, men det blir fort mykje arbeid å leige ein nabogard med 500 til 1000 da til med kulturbeite. Du kan ikkje drive dobbelt så stort beiteareal med dobbelt så store maskinar. Det er vanskelegare å effektivisere, påpeikar Ola Eikeland.
– Ser ein på norske og utanlandske storfjøs, er dei ofte prega av dårleg økonomi og alt for mykje arbeid. Skal me oppretthalde norsk mjølkeproduksjon, må me kunne nytta meir marginale område og mindre bruksstørrelsar. Rogaland har 18 % av mjølkeproduksjonen i Noreg, og mangelen på grovfôr og spreieareal er allereie avgrensande, seier Ola Eikeland. Dette er nok ikkje første gong desse to bøndene tenker på fornying av bygningsmassen i mjølkeproduksjonen. Dei har vore på mange møter og i diskusjonar med blant anna bankar, og det har som oftast vore nemnt at eit nytt bygg vil koma på kring 7 millionar kroner. Dette har dei lagt bort, og som ein av dei poengterer: – Banken seier eit nytt fjøs vil koste 7 millionar, dette er eg ikkje interessert i. Å bli sitjande i traktoren og kjøra gras og lort er ikkje min draum.

For dyrt grovfôr

Dessutan ser bøndene ofte at reknestykke syner at kostnaden med grovfòret, når det skal transporterast eit stykke, blir for høg. Det vert mange gonger like dyrt som kraftfòr. Men begge er tydelege på at noko må skje på gardane om det skal verta mjølkeproduksjon framover, både for eigen del og for generasjonen etter. Skal mjølkeproduksjonen i landet oppretthaldast på mange av dagens bruk, må me tenka nytt. Det må gå an å få til fornying på mindre bruk også. Det må vera framtidsretta bygg som er tilpassa garden og familien, men det er og viktig at investeringa står støtt på eigne bein og berer seg både økonomisk og på drift. Dei er og opptatt av at det må vere ein bakveg ut om ting skulle endra seg.
Ola og Christian har og utdanning på andre område, og kan, om det skulle skje, få seg rimelig godt betalt arbeid her i regionen, derfor er det ikkje nødvendig å kjøpa sin eigen arbeidsplass for dyrt. Ein annan ting dei også ser som veldig aktuelt i denne tida me er inne i, er å få eit slikt prosjekt vurdert politisk. Dette vi dei også arbeida med å få til på andre arenaer.

Starter med orienteringsmøte

Planen for prosjektet er å ha to orienteringsmøter. Eit på Særheim og eit på Helleland. (andre stader kan óg vera aktuelt dersom ønskeleg). På møta vil det verte orientert om prosjektet, og folk får anledning til å søkja saman i små grupper, gjerne 4-5 stk. i kvar. Det vil også vere råd å bli kopla til grupper med omtrent likt grunnlag, om det skulle vera ønskeleg. Sjølvsagt blir det mogeleg for enkeltbønder å vera med på berre fellessamlingane. I fellessamlingane har vi tenkt å få med oss bønder som har bygd rimelig. Høyra deira erfaring og tankar om kva som skal til for å få eit slikt prosjekt i hamn. Vidare vil folk i bygningsbransjen vera med å informera om kva som er viktig å ta omsyn til for å få bygd så rimeleg som råd.

Rabatt med fellesinnkjøp

Mattilsynet vil óg vera ein naturleg samarbeidspartner. Dyrevelferd må vera sikra. Finansiering er viktig, her har vi óg fått positive signal om deltaking. Leverandører til slike prosjekt har også kome med melding om at dersom fleire går saman om planlegging av liknande fjøs, kan fellesinnkjøp vera ein måte til å oppnå svært gunstige avtaler.
Som sagt ynskjer vi å starte med to informasjonsmøter, på Særheim og Helleland. Vi vil koma tilbake til nøyaktig tidspunkt seinare, men tar sikte på i slutten av november. Me er gjerne interesserte i å få tilbakemeldingar frå bønder som kunne tenka seg å vera med på eit slikt prosjekt, slik at me er mest mogeleg førebudde på eit møte.
Om de vil gje ei tilbakemelding, kontakt: ingve.dubland@tine.no, 916 00 637 eller alf.hadland@tine.no
475 10 481.

Stikkord denne saka: ,