I FØRRE VEKE kom rapporten Risiko-og sårbarhetsanalyse av norsk matforsyning frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). Rapporten, som er tinga av Landbruks- og matdepartementet (LMD) og Nærings- og fiskeridepartementetet, analyserer hendingar som kan utfordra norsk matforsyning dei neste 10-15 åra.

Dette er interessant lesnad for den som vil vita meir om verdikjeda for matforsyning, næringsberedskap og lovverket. Mest interessant er likevel LMD sin konklusjon om direktoratet sitt arbeid: «De har ikke funnet hendelser med høy risiko for norsk matforsyning».

RAPPORTEN NEMNER fem trendar  som er sentrale for mattryggleiken framover. Desse er knytt til klimaendringar, agronomi/teknologi/produktivitet, ressurstilgang, geopolitikk og marknadsmakt. DSB meiner desse trendane ikkje vil føra til overraskande hendingar med alvorlege konsekvensar for mattryggleiken, korkje globalt eller i Noreg. På sikt, vedgår direktoratet, vil dei likevel kunne koma til å krevja store omstillingar av matproduksjonen vår.
Rapporten tek utgangspunkt i fleire tenkte, dramatiske scenario: svikt i elektronisk kommunikasjon og straumforsyning, utbrot av dyresjukdom på Jæren, ei atomhending, kornmangel og invasjon av Nord-Noreg. Med unnatak for straumbrot skal ingen av desse scenaria vera særleg sannsynlege i dag. Ei heller meiner DSB at hendingane inneber høg risiko for norsk matforsyning.
Rapporten føreslår difor ingen tiltak for å styrka norsk matvareberedskap.

DEN TRYGGE TONEN i rapporten står i skarp kontrast til åtvaringane i ein rapport som kom frå det svenske landbruksuniversitetet i Uppsala i desember. Rapporten ser på korleis svensk landbruk kan bli påverka av forsyningskrise, drivstoffmangel, straumbrot eller importstopp av kraftfôr. Konklusjonen er at grannelandet vårt er svært sårbart og at konsekvensane av ei langvarig krise, eventuelt blokade, ville vera umiddelbar matmangel. Rapporten er finansiert at DSB sin svenske motpart MSB, som i dette tilfellet tykkjest å ha støtta ei mindre byråkratisk tilnærming til oppgåva beredskap enn sine norske fagfellar.

DSB SIN RAPPORT kviler på føresetnaden av eit fungerande handelssystem. Medan fleire land i Europa no styrkar matberedskapen sin, set Noreg sin lit til import. Kor framsynt er det?

MED FRAMTIDIG URO i verdshandelen in mente, gjer DSB framlegg om å utreda kva tiltak som er naudsynte for reetablering av lagring av matkorn. Direktoratet meiner også det kan vera lurt å kvantifisera Noreg si evne til sjølvforsyning og kor lang tid omstilling til dette vil kunne ta. Av beredskapsomsyn tilrår også DSB ein restriktiv jordvernpraksis i gode landbruksområder. Framlegga er greie nok, men at dei ikkje alt er etablert praksis seier også noko om i kor stor grad me tek mat for gitt, her til lands.

HANDELSSYSTEMET kan slå sprekker, kloden blir varmare og verda migrerer truleg nordover. Endringar vil koma, kanskje også kriser. Nokre av dei kan me planlegga for, andre kan overraska oss. Det handlar ikkje om alarmisme, men om framsyn.
Me meiner at regjeringa med denne rapporten ikkje er framsynt nok.

Bothild Å. Nordsletten

Stikkord denne saka: ,