image description

 

ME HAR HØYRD det mange gonger no. Gjennom heile valkampen har jordvern saman med klima vore blant politikarane sine favorittar. Til det keisame fortel representantar for alle politiske retningar om kor viktig det er å verne matjorda for komande generasjonar. Det høyres veldig bra ut, men kan me tru dei, når dei seier det er slutt på nedbygging av matjord.

SKAL BARE, er eit uttrykk dei fleste har med seg frå barnhagealderen. Barna skal legge seg, men skal bare … først. Det kan sjå ut til at dette ­fenomenet kjem att for dei som ­entrar kommunepolitikken. Ja, dei vil verne matjorda. Dei skal berre bygge ned all jorda mellom byen og fjella først. Når det er gjort, skal dei bygge på uproduktiv jord. Samstundes ser me at bustadmarknaden ikkje er like brennheit som før. Olja gir ikkje like mange kroner i kassa, og kanskje held nyrike Noreg på å lande.

– EG HÅPER politikarane vil drive med meir enn festtalar, sa Inge Martin Karlsvik, leiar i Møre og Romsdal Bondelag. Du kan lese om kva fylkesleiarar i Bondelaget meiner er dei viktigaste sakene under årets lokalval i denne utgåva av Bondevennen. Bonde­lagsleiarane er samrøystes einige om at øvst tronar jordvern. Politikarane har plukka opp signalet.
– Det er bra at mange politikarar snakkar mykje om jordvern, men me lever ikkje av vakre ord, sa Tor-Erik ­Leland, leiar i Vest-Agder Bondelag.
Først gjennom handling kan politikarane vise at dei forstår kva dei sjølv seier. Jordvern bør vere vern av all matjord, også små jordlappar som ligg nær byen.

DET ER FOR SEINT når jorda ligg under asfalt. Alle som har prøvd seg på nydyrking veit kva som skal til for å skape ny matjord. Det er ikkje gjort i ein fart. Ein kvar politikar som vil bygge ned matjord burde få hente stein i minst ei veke. Bak kvar dekar dei byggjer ned, ligg generasjonar med arbeid og slit.
Me meiner svært få argument kan forsvare å bygge på produktiv jord, når tre prosent av landets areal er dyrka. Så enkelt er det. Barna lærer det i barnehagen. No bør politikar­ane også få det med seg. Eit nei, er eit nei!

Jofrid Åsland

Stikkord denne saka: ,