bv46_leiar

Etter ti år med politisk press og eit mediekjør som ville knekt ryggen på dei fleste, står pelsdyrnæringa framleis rakrygga mot stormen. Men no røyner det på. Det blir ein hard vinter før den endelege lagnaden for næringa blir handsama i Stortinget.
Dei som hadde vona på eit klart svar frå regjeringa då ho presenterte meldinga om framtida for pelsdyrnæringa først i november, vart skuffa. Framtida for pels er ullen og i det blå. Sjølv om regjeringa ikkje går inn for avvikling, er krava til eit framtidig pelsdyrhald, som blir lagt til grunn, nærast umogleg å sameina med lønsam produksjon. Ramevilkåra i meldinga er ikkje bærekraftige. Pelsdyrnæringa fryktar ei ukontrollert avvikling av næringa.

At reaksjonane på meldinga vart motteke med skepsis i pelsdyrnæringa var kanskje overraskande for mange. Burde ikkje produsentane tenkt at her er eit handterbart halmstrå og eit høve til framleis drift som bør gripast med entusiasme? Er ikkje bøndene løysingsorienterte og innovative nok til å løysa dei skisserte krava med kreative tiltak?
Ved å redusera talet på mink i kvart bur frå dagens praksis med tre til fem dyr til to dyr, vil, i følgje meldinga, skaderisikoen kunna reduserast frå 8 – 9 prosent til 2 – 3 prosent. Men reduksjonen av talet på mink i kvart bur vil i snitt tilseia eit investeringsbehov på 3 – 3,4 millionar kroner på eit bruk med 1000 – 1200 tisper, om bruket skal oppretthalda dagens nivå, i følgje tal frå Mattilsynet. Ei halvering av talet på dyr er heller ikkje ein økonomisk farbar utveg. Fôrprodusentane må førehalda seg til sine faste kostnadar, medan kapasiteten på anlegga må halverast. Fôrkostnadane per produsert skinn vil auke monaleg.

Meir dokumentasjon, auka dyrevelferd og redusert tal på skader blant dyra er kravet frå styresmaktene. Motkravet frå pelsdyrnæringa til politikarane er bærekraft. At politikarane vil stilla seg bak med ein høveleg økonomisk verktøykasse for å stetta dette kravet er meir tvilsamt, slik det ser ut no.

Det er ikkje vanskeleg å henta fram argument for å behalda pelsdyrnæringa. Skinn frå pelsdyr blir omsett utan landegrenser og reguleringar. Det er tilbodet og etterspurnaden på verdsmarknaden som avgjer produksjonsomfang og prisar. Norske skinn har kvalitet i verdstoppen og er produsert under stadig strengare krav til dyrevelferd. Det er lite truleg at produsentar i andre land, som skal dekka marknaden når norske pelsdyrfarmar har stengt dørene og avvikla produksjonen, er i nærleiken av eit norsk dyrevelferdsnivå, noko Landbruks- og matminister Jon Georg Dale også brukte som argument for pelsdyrhald då han presenterte meldinga.

Rundt omkring i landet fins til saman 240 bruk med pelsdyrhald. Kring halvparten av desse har anna husdyrhald i tillegg. Verdiskapinga er betydeleg og utgjer om lag ein kvart milliard kroner årleg. Mykje av verdiskapinga skjer ute i distrikta kor høve til å driva med pelsdyr også gjer det mogleg å driva med konvensjonell matproduksjon på marginale bruk.
Norges Bondelag og Norges Pelsdyralslag er ikkje framande for å driva korridorpolitikk. Denne gongen er det vanskeleg. Saka om pelsdyr er betent og kjensleladd. Nå skal meldinga vidare inn i dei politiske prosessane og til handsaming i Næringskomiteen, kor mykje blir avgjort, før endeleg handsaming i Stortinget til våren.

Framtida til pelsdyrnæringa heng i ein tynn tråd, men det er von i eit hangande snøre om dei bærekraftige argumenta frå pelsdyrnæringa når fram til politikarar som vil lytta før dei røystar.

Sjur Håland, Bondevennen

Stikkord denne saka: ,