Slår rot i bygde-Norge: Etter snart to år som økonomirådgivar i Tine, har Johanna Owen fått stor respekt for bøndene sin kunnskap og investeringsvilje, men også deira engasjement i lokalsamfunnet. Det kjem også sonen Cedric (4) til gode.

Frå Alaska, Hawaii og Taiwan – til Innvik

 

– Viktigheita med lokal matproduksjon tilpassa lokale forhold blir innlysande når ein bur i ei lita bygd på Vestlandet, meiner Tinerådgivar Johanna Owen.

Liv Kristin Sola

Sola varmar godt denne sommardagen. Johanna Owen har sett seg i skuggen medan dei tre barna, Leona (8), Eliana (6) og Cedric (4), leiker i hagen. Far, Tobias, er på jobb. I snart to år har Johanna jobba som økonomirådgivar i Tine.

– Det har vore ei bratt læringskurve. Johanna smiler, og fortel om ein oppvekst prega av mykje flytting – og lite landbruk. Faren er amerikansk, og mora har røter frå indre Nordfjord i Sogn og Fjordane. Johanna og systrene vaks opp i Alaska, på Steinkjer og på Hawaii.

Verdsborgar

Ho budde på Hawaii nokre år då ho var liten. Då ho var tretten, var ho attende. I lag med faren, budde ho i det ho kallar «ingenmannsland». Utan innlagt vatn. Eit solcellepanel på taket ga liv til ei lyspære, resten var parafinlamper. Ei avskore tønne over eit hol i skogen fungerte som toalett.

– Eg tenkte ikkje over at det var eit vanskeleg liv. Det var ei oppleving, seier Johanna.

Etter ungdomsskule på Steinkjer, vart Norge for traust. Tenåringen flytte til Canada for å ta vidaregåande og bu på internat. Seinare vart det både økonomiutdanning og arbeidserfaring i Canada, før ho pakka sekken og kjøpte einvegsbillett til Taiwan. Ho hadde spart pengar, snakka litt mandarin (eit kinesisk språk), og var klar for nye opplevingar.

– Som du forstår – lite landbruk, seier Johanna.

Utan framtidsutsikter

I snart seks år har dei budd i Innvik. Overgangen frå folketette Taiwan til bygdelivet her heime vart ei utfordring. Johanna skryt av korleis bygdefolket tok imot dei. Utfordringa var å skaffe seg jobb. Med utanlandske etternamn, høg utdanning og jobberfaring frå utlandet, vart sjølv det å kome på intervju ei utfordring. På eitt år var eit hundretals jobbsøknadar sendt rundt om i vårt langstrakte land.

– Vi var på nippet til å gi opp, seier Johanna.

Dei snakka om å flytte attende til Taiwan. Der ville dei fått jobb, men med heilt andre arbeidsvilkår. Johanna fortel om ektemannen, som jobba tolv timar arbeidsdag, og fire dagar fri i månaden. Eit konstant prestasjonspress heilt ned til skulenivå. Arbeidarane får ein time lunsjpause. Når maten er spist, vert lyset sløkt og arbeidarane får ein halvtimes kvil ved pulten, fordi arbeidsdagen er så lang.

– Slikt blir det ikkje familieliv av, seier Johanna.

Dei valde å halde ut litt til, fordi det finst ingen betre stad enn Norge – for familiar, meiner Johanna.

Imponert over bøndene

Johanna budde i Innvik det året ho var ni. Mykje er endra sidan den gong, også landbruket. Ho peiker på dei store kvite bølgjande «viddene» som dekker dei mange frukthagane i bygda. Ei næring i stor utvikling, ikkje minst i Innvik.

– Eg er imponert over bøndene sitt pågangsmot og vilje til å ta økonomisk risiko. Dei investerer tid og pengar – og mange må i tillegg ha jobb utanfor bruket, seier Johanna.

Spesielt har ho merka seg den sterke viljen til å halde liv i drifta og i bygda, og kor viktig landbruket og lokal matproduksjon er for busetting og bygdeliv.

– Alle desse verdiane som handlar om meir enn bonden sjølv. At folk støtter kvarandre, vil andre vel. Det imponerer meg at også små bruk, gjerne litt avsides, har det store biletet, seier Johanna.

Ho er glad Tine torde å satse på henne. Det har opna ei ny verd for økonomen, som etterkvart har fått god erfaring og kunnskap om landbruk.

 

«Eg er imponert
over bøndene sitt
pågangsmot og vilje
til å ta økonomisk
risiko»

Henteplikt, odelsrett og småbruk

I tillegg til pågangsmot og investeringsvilje, trekker Johanna fram henteplikt, odelsrett og tal små mjølkebruk, som eit særpreg ved norsk landbruk. Ikkje minst er Vestlandet, med utfordrande arealbruk og aktiv bruk av utmarka, eit bilete på det.

– Utan samvirke hadde nok Vestlandet sett annleis ut, seier Johanna.

Ho meiner at eit sterkt samvirke, med henteplikt og utjamning, er avgjerande for at det framleis kan drivast landbruk på stader der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

– Vi tek det for gitt, men det er ganske unikt, seier ho.
– Og så har vi odelsretten. At den står så sterkt og er kjønnsnøytral, må vere ganske spesielt? undrar Johanna.

Johanna er ein av rådgivarane som skal hjelpe bonden å jakte på marginane, når forholdstalet går ned og omsetningsavgifta opp.

– Kvart bruk er unik i ressursgrunnlag med eigne utfordringar og potensial. Det er spanande å få jobbe med produsentar som er så kunnskapsrike og framtidstenkjande, som vil forbetre seg og drifta, seiar Johanna.

Må klare seg sjølv

Norske bønder eig jorda og sitt eige driftsapparat. I store delar av verda er det aksjeselskap og kapitalinteresser
som eig jord og produksjon. Johanna fortel om store sukkerrørplantasjar på Hawaii som no ligg brakk. Årsaka er
avvikling grunna dårleg økonomi blant anna på grunn av handelsliberalisering og økt turisme.

På Taiwan er det lite mjølkeproduksjon, og ingen tilskotsordningar. Dermed er det mindre kunnskapsdeling og openheit rundt drifta og kva enkeltbruk lukkast med, til stor forskjell frå Norge.

Mange dyrkar grønsaker på hustak, på balkongar og i opne by-rom. Ho fortel om små jordlappar med kompliserte eigartilhøve i byane, etter år med oppdeling som følgje av arv.

– I slike tilfelle dyrkar kvar eigar eller leigetakar ofte sin eigen vesle bit, som kan vere berre nokre få kvadratmeter store.Overalt er det lokale marknadar kor folk prøver å selje avlinga si.

Johanna fortel om dårleg utvikla pensjons- og sosiale ordningar. Mange eldre må syte for seg sjølv, og somme sper på pensjonen ved å dyrke litt grønsaker eller lage mat som dei sel på marknaden.

Billig mat

Johanna samanlikna matprisar på Taiwan og her heime.

– På Taiwan er det vanleg å ete ute. Ein god lunsj, eller middag på restaurant er svært rimeleg samanlikna med kva det kostar å handle på butikken, seier Johanna.

Ho meiner norsk mat ikkje speglar verdien av kva det kostar å produsere. Ikkje minst mjølk. Ein liter mjølk på Taiwan kostar nær hundre norske kroner, justert for inntekt.

– Det seier noko om verdiformidlinga av det som vert produsert. I Norge betaler vi lite for mjølk og vi betaler lite for kjøt. Vil vi fortsatt ha lokalprodusert mat, må samfunnet vise at vi verdset trygg mat av god kvalitet, som i tillegg har mindre transport enn dei importerte produkta. Men det er naturleg at lommeboka ofte
avgjer kva folk vel i butikken. Difor er importvern viktig, meiner rådgivaren.

Røter

Cedric kryp opp i fanget til mora og lurer på når dei kan gå inn.

– Just a few more minutes, seier Johanna, og fireåringen startar nedtellinga.

Barna snakkar Innvik-dialekt. Johanna svarar dei på engelsk. Faren sørgjer for at barna også kan forstå og gjere seg forstått på mandarin. Sjølv kjenner ho seg verken norsk eller amerikansk eller taiwansk.

– Eg manglar desse «knaggane» som andre, med felles oppvekst, kjenner seg att i, seier Johanna.

Etter at dei flytte til Vestlandet har ordet slekt fått ei ny meining.

– Her er eg liksom i slekt med «alle». Barna går i klasse med firmenningar og femmenningar. Det gjer meg rotfesta og glad. Ei heilt ny oppleving, seier Johanna.

At nabobøndene inviterer barnehagen og skulen til gards, set ho spesielt pris på. Denne miksen av bygdefolk og bønder, korleis bøndene inviterer barna til å møte dyra, plukke bær eller vere birøktar for ein dag. Smake på honning, eller møte lamma når dei fraktast over til beite frå andre sida av fjorden.

– Alt dette, i tillegg til den tryggleiken vi kjenner her i Innvik, gjer det absolutt verdifullt å bu i ei lita bygd. Det vi kan mangle av aktivitetstilbod får vi att i, seier Johanna.

Stikkord denne saka: ,