
Født bonde: Øystein Børve kastar seg ut i bondeyrket. – Eg trur ikkje sjansane for å lukkast ville vore betre om eg var ti år eldre, seier han.
Siste helga i februar brukte Øystein Børve i Etne 11,5 millionar kroner på å kjøpe nabogarden til bruket der han vaks opp. – No skal eg jobbe for å få mest mogleg ut av drifta, seier han.
Liv Kristin Sola
Øystein Børve er nøgd. Til våren avsluttar han tre år på Voss vidaregåande skule, studieretning naturbruk med spesiell studiekompetanse. Planen var å bli bonde, men om det ikkje var mogleg, skulle han studere juss eller bli veterinær.
Heimegarden for liten
Øystein vaks opp på eit sauebruk i Etne i Sunnhordland. Ein eldre bror har overteke drifta heime. For Øystein var det like greitt.
– Heimegarden er for liten. Det fant eg tidleg ut, heilt av meg sjølv, seier han, og smiler breitt.
Det låg i korta at nabogarden ville kome for sal, men at det vart akkurat i år var ikkje gitt. Når det først vart slik, var ungguten på hogget.
– Det kom litt brått, men eg har berre denne sjansen til å drive denne garden, seier Øystein.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.






