BN+

Cowboy up: «Gir opp eit hakk. Slutt å klage og ikkje gi opp». Du må sjølv ta ansvar for at noko skal skje, så Cowboy up!


Du må finne ein god strategi for kalveoppdrett og mjølkefeber. Deretter kan du berre nyte fordelane med Jersey – nesten.


Liv Kristin Sola
Det starta med Bjørg. Bjørg kom frå Undheim og var den første jerseykua på garden, då far til Sonja, Hans Herikstad, dreiv. Då Sonja og Per Ådne overtok, skulle buskapen aukast og det nye fjøset skulle fyllast med Jersey. Det kom dyr frå sør i Rogaland til Førde i Sogn og Fjordane. I lag med to andre bønder hadde Sonja og Per Ådne etablert Jærkua DA. I tillegg til livdyrkjøp vart det kryssa inn Jersey i NRF-besetningen. Dei første kjønnsseparert oksane, Q Zik og Q Impuls, kom rundt år 2003. To oksar dei har bygd heile buskapen på.
For Sonja og Per Ådne er ei funksjonell robotku med eit godt jur og god haldbarheit det viktigaste i avlen. Dei har nytta danske avlsrådgivarar, men no overtek Lars Byberg Timpelen i Tine. Bøndene på Herikstad har nytta tilnærma 100 prosent kjønnsseparert sæd heilt sidan det vart introdusert. Dei GStestar alle kvigene og nyleg fekk dei kåra heile buskapen. Avlssjef i VikingJersey, Peter Larson, var svært nøgd og kom med følgjande kommentar: – Besetningen er svært lik danske besetningar. Den har eit bra gjennomsnitt og god spredning. Enkelte kyr kunne godt ha presentert rasen på utstilling.

Sta, engasjert og framsynt

Interessa for jerseyrasen vart delvis motivert av svigerfar Hans, og jerseykua sin sterke forkjempar, Ola R. Undheim. Frå Hans fekk Per Ådne danske jerseyblad. Hjå Ola R. vart han overlessa med avisutklypp, brev og korrespondanse.


– Ola R. er den viktigaste årsaka til at Jersey har ein posisjon her til lands. Han opplevde mykje motstand mot rasen opp gjennom åra, men på mange områder var han før si tid. Han fekk rett i mykje av det han forfekta, meier Per Ådne.


– Kvifor Jersey?


– Eg har Jersey for å kunne køyre Fendt og ha kona heime, seier Per Ådne. Sonja reagerer knapt. Dette har ho høyrt før.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , , ,