Utfordrar seg sjølv: Gjennom 38 år som bonde søker Carl Peder Eiane stadig nye områder kor han kan utfordre seg sjølv og bli betre bonde.

Grip moglegheitene

Carl Peder Eiane har som mål å drive betre enn snittet og levere råvarer av topp kvalitet til Tine og Nortura. – Givande og meiningsfullt, men til tider har det vore beintøft, seier bonden.

Liv Kristin Sola

– Eg kunne funne mange grunnar til å la vere å satse, men det går ikkje. Eg kan aldri la ein god moglegheit gå frå meg, seier Carl Peder Eiane.

I 27 år på rad har Idsal-bonden levert elitemjølk til Tine. På hylla står Sølvtina som eit bevis for femten år, og Mjølkespannet som ein takk for 25 år med elitemjølk. På bordet ligg Avlsdiplom frå Geno for oksen 12037 Eiane som vart eliteokse i 2019. Nyleg kjøpte Geno inn enda ein oksekalv frå Idsal for vidare testing.

– Å få ein eliteokse er ein bonus. Samstundes tolkar eg det slik at me gjer noko rett i avlen, seier Carl Peder.

I fjøset går kua 1018. Ho er i sin ellevte laktasjon og manglar berre to tusen liter på å nå milepælen på 100 tonn mjølk i livstidsproduksjon.

– Ho fekk nyleg jurbetennelse. Eg tenkte det ikkje var så viktig og vurderte slakt. Men eg vart motivert av å høyre andre som nådde dette målet. Eg bestemte meg for å prøve, seier Carl Peder.

Kua er behandla og er no på veg opp i mjølk. No skal ho tas godt vare på slik at ho når denne milepælen.

Gardsfakta

I 1982 overtok Carl Peder og Jorunn Eiane eit småbruk på øya Idsal i Strand i Rogaland. Bruket hadde ein kvote på 47.190 liter, ni kyr, nokre få kviger, og 21 slaktegris. Snart fire tiår seinare har dei utvikla drifta til å omfatte kring 62 årskyr og 40 okseslakt per år og ein kvote på 600 tonn, der 380 tonn er sjølveigd. Dei har full konsesjon på egg med høner i frittgåande system.

Carl Peder er politisk engasjert og har vore aktiv både i Bondelaget, Nortura og lokalpolitikken. Han er styreleiar i Landbrukstenester i Ryfylke og engasjert i jordvern og arealpolitikk.

Tor Erlend er eldst av dei tre sønene på garden. Han har full jobb som serviceteknikar i DeLaval, og driv i tillegg ein maskinstasjon. Han og sambuar Anne Synnøve Ueland skal på sikt overta garden.

Frå venstre: 1) Kvige nr 798 har 30 i avlsverdi. Far er 11914 og morfar 11039. Ho er inseminert med RedX 12027 og venter kalv i januar neste år. 2) Ku nr 710 har 30 i avlsverdi og er i første laktasjon. 3) Ku nr 654 er mor til eliteoksen 12037 Eiane. Ho er i fjerde laktasjon, har 15 i avlsverdi og har produsert 40.000 liter. Ho er drektig med 12024 og venter kalv i desember. 4) 585 er bestemor til 12037 Eiane. Ho er født i februar 2012 og er i sjuande laktasjon. Ho er i sjuande laktasjon og har produsert 58.300 liter. Kua er drektig med 12015 og skal kalve i november. Mora, 533, var ei svært god ku som dei har mange kyr etter i fjøset. I tillegg krysser Carl Peder fingrane for å få fram ein 100-tonnar. Kua 1018, født i 2008, er i 11. laktasjon og har levert 98.670 liter per 7. juli. 

Fire millionar liter elitemjølk

– Jess!, var det første eg tenkte då eg fekk telefon om Sølvtina, seier Carl Peder.

For det er Sølvtina som heng høgast. Han og kona Jorunn reiste til Oslo til Tine sitt årsmøte for å ta imot utmerkinga. Bonden var stolt. Han kjende seg sett – og verdsett, for jobben han gjer kvar einaste dag. Så kom det fleire tankar. For det har vore beintøft til tider.

– Sølvtina blei også eit symbol på år med slit og utfordringar. Ei påminning om kva det har kosta å produsere råvarer av topp kvalitet, seier Carl Peder.

Om det er dyktigheit, flaks – eller fortent flaks, bonden trivst ikkje med å vere på hælane.

– Eg tar ingen sjansar med mjølkekvaliteten, seier han.

– Det er mest som eg ikkje må snakke høgt om det. Det kan bli feil på neste prøve. Me har ingen garanti.

Sølvtina og Mjølkespannet har blitt symbol på å vere litt sær, sta og uthaldande. Dag ut og dag inn i sin faste arbeidsrytme og eigne tankar. Fire millionar liter elitemjølk har han levert til Tine. No vil han ikkje ha fleire utmerkingar. Tor Erlend er samd.

– Det må gå ei grense. Desse utmerkingane må ikkje bli så ettertrakta at det vert ei utfordring for neste generasjon å få overta, seier odelsguten.

Valde mjølk framfor olje

At Carl Peder skulle bli bonde var ikkje sjølvsagt. Men faren, Peter Eiane, var avdelingsleiar på Frue Meieri på Sola i ein mannsalder og sterkt engasjert i landbruket. I oppveksten var Carl Peder ofte på Idsal på småbruket til tanta og onkelen. Det vekte interessa hjå byguten frå Stavanger og han fekk seg avløysarjobb hjå familien Røyneberg på Sola.

Med vitnemål frå Stavanger Handelsgymnas, fekk han jobb i Philips. Det kunne blitt ei lukrativ framtid med høge lønningar og status som ein del av oljeeventyret ingen den gong kunne drøyme om. Men då onkel og tante skulle slutte som bønder, vart byguten bonde på Idsal. Det er 38 år sidan.

Carl Peder er ikkje i tvil om at han valde rett. Med agronomutdanning i ryggen og ein solid praksis frå Røyneberg, gjekk den unge bonden på med friskt mot.

– Nei, eg har ikkje angra. Eg trur ikkje eg ville hatt eit betre liv som oljearbeidar.

Utfordrar seg sjølv: Gjennom snart fire tiår har Carl Peder Eiane utfordra seg sjølv som mjølkebonde. Han har ikkje angra. Etterkvar skal sonen Tor Erlend og familien drive garden vidare. 

Alltid klar: Border Collien Joey ligg utanfor det gamle kårhuset kor han har full oversikt over kva som skjer på garden. Når Carl Peder viser seg, er Joey som regel hakk i hæl.

Ein revolusjon

Første vinteren gjekk med til grøfting og få skikk på jorda. Året etter utvida han fjøset til 16 båsplassar. At fylkesmannen sin driftsplan berre omfatta tolv kyr fekk han ikkje med seg.

– Det vart bråk. Landbruksbyråkratiet på sitt verste. Kall det gjerne naivt, men eg hadde ikkje sett føre meg alle regulativ og ordningar som følgde med det å bli bonde, seier Carl Peder.

Bråket stilna. Den unge bonden fekk tilgjeving. Med inspirasjon frå framoverlena Sola-bønder gjekk han på med krum rygg. Grøfta og dyrka, bygde to seksmeter tårnsiloar, utvida fjøset og dobla buskapen.

– Eg trudde det skulle vere slik, seier han.

Men på eit bruk kor hesjer og høy hadde vore kvardagskost for dei ni mjølkekyrne, vart det ein liten revolusjon. Ein innvandrar, både i landbruket og i bygdesamfunnet, snudde opp ned på det etablerte.

Årevis med godt mjølkestell:  I fjøskontoret heng diplom frå Frue Meieri 1969 for framifrå godt mjølkestell og frå diplom frå Vestlandske Mjølkesentral 1972 for godt fjøs- og mjølkestell, tildelt tidlegare generasjonar på garden.

 Ein ny kvardag

Rundt 20 år seinare var båsfjøset blitt lettstelt, med rundballesnittar og appetittfôrvogn med kraftfôrautomat. Men det var ikkje framtidsretta. Carl Peder ville bygge lausdrift med mjølkerobot. Kvoten var på 160 tonn. Ved innflytting i 2011 kunne han levere 250 tonn.

Med tanke på ein gong å kunne utnytte kapasiteten til roboten, vart fjøset bygd med 70 kubåsar. Kusida har to liggebåsrekker for å få meir plass til ungdyr på motsatt side. I tillegg gir det ein eteplass per ku.

Carl Peder og Tor Erlend er svært nøgd med at dei valde uisolert fjøs med gardiner. Det gir mykje lys og luft – og fin utsikt. I tillegg var dei nøye på plasseringa av det 1800 kvadratmeter store bygget. Styrt kutrafikk vil dei heller ikkje gje slepp på.

– Det handlar ikkje berre om kyrne, men også om arbeidsdagen til oss bønder, seier Tor Erlend.

Nye mål

Valet av smalt fôrbrett og automatisk fôrvogn skulle dei gjerne gjort om på. Systemet er sårbart. Når det ikkje fungerer får dei ein tung og tidkrevjande jobb med å fôre buskapen på 180-190 storfe.

– Skulle me bygd i dag hadde det blitt breitt køyrbart fôrbrett. Og eit nyttig tips er å legge inn mannhol i frontane på ungdyrsida, seier Tor Erlend.

Ein stasjonær fullfôrblandar på 19 kubikk blandar 5,5 tonn fôr per dag. Ein miks består av fem rundballar av ulik kvalitet, der tre av dei utgjer ein stabil grunnrasjon.

Kraftfôret er Premium 80 og roesuper i tillegg til erteskal. Nyleg har dei begynt å supplere med 40 kilo kjernemjøl per dag for å prøve å auke feittprosenten. Vaksne kyr mjølker rundt 10.000 liter, målet er at kvigene klarer 8.000.

– Me er ikkje heilt i mål enda, seier Tor Erlend.

Dei siste åra har dei hatt ei utfordring med kalvane. Dei er oppstalla i eit isolert og ventilert kalverom med høgt under taket. Mange får diare frå første veka og blir ikkje betre før dei sluttar med mjølk.

– Det er mykje motstridande råd å få om kalvestell. Kva me gjer gale er det ingen som har klart å gi gode svar på, konstaterer Tor Erlend.

Litt lite plass og utfordring med diare gjer at dei vurderer å lage til eit opplegg for kalvane i hytter ute.

 

Deler buskapen i tre

Tor Erlend har ansvar for avlsplanlegginga, med god hjelp frå Svein Egil Skartveit i Tine. Yting og protein har stått øvst på prioriteringslista dei siste ti åra. No legg dei til feittprosent for å auke tørrstoffbetalinga.

Alle kyr og kviger er gs-testa og gjennomsnittleg verdi for buskapen er 12. For dyr under eitt år er talet 20. Informasjonen skal nyttast til å sortere buskapen og spisse avlen. Den beste tredjedelen skal inseminerast med kjønnsseparert sæd (RedX), medan kjøtfe, gjerne hanndyrsæd, skal nyttast til den svakaste tredjedelen. Dei midt mellom skal inseminerast med vanlege NRF-dosar.

– Grensa for kjønnsseparert går ved 20 i gs-verdi. I tillegg vil me ha kvigekalvar etter gode slekter i fjøset, som blant anna slekta til 12037 Eiane, seier Tor Erlend.

Målet er å avle vekk den dårlegaste genetikken og få raskare avlsframgang. Meir kjøt og betre tilvekst og klasse på okseslakta er ein bonus. Utfordringa er å få det til å balansere, at det ikkje blir for mange eller for få kviger til rekruttering.

– Derfor bruker me nokre vanlege dosar for å sikre nok kviger. Det optimale hadde vore å få avtale om å levere mellomkalv frå den midtarste gruppa, seier Tor Erlend.

«Sølvtina blei også eit symbol på år med slit og utfordringar.
Ei påminning om kva det har kosta å produsere råvarer av topp kvalitet.»

Carl Peder Eiane

Usikkert

Dei siste åra har Carl Peder auka produksjonen i fleire omgangar. I dag har kvoten passert 600 tonn. Litt er kjøpt og mykje er leidd. Det same gjeld jorda. Bonden eig hundre dekar dyrka jord og leiger femti. Han har avtalar om kjøp av fôr, både på rot og ferdig pressa.

Sønene Tor Erlend og Lars Petter tek seg av slåttane. Dei presser om lag 600 rundballar på jord dei disponerer og kjøper to gonger så mykje.

– Ja, eg søv godt om nettene, stadfestar Carl Peder, då han registrerer journalisten sitt skeptiske blikk.

Han likar ikkje usikkerheit, men blir heller ikkje stressa. Han innrømmer likevel at mykje leige, både av jord og kvote, ikkje berre er eit kostnadsspørsmål. Det gjer livet som mjølkebonde meir ustabilt. Han har mista kvote, men fekk kjøpt 165 tonn til ein akseptabel pris.

– Det var eit sjakktrekk, sett i ettertid, seier Carl Peder.

Han er kritisk til måten kvotane vert formidla i Rogaland.

– At ein aktør har teke på seg oppgåva og pressar prisar på vegne av dei som skal ut av næringa, det høyrer ikkje heime nokon stad. Sjølv Oslo Børs er ryddigare, seier bonden. 

Nøye planlagt plassering: Ikkje ein dekar jord vart brukt til fjøstomta, korkje dyrka eller beite. Store massar er sprengd vekk og nytta til å planere tomta. Dei opparbeidar meir beite og kan berre opne døra og sleppe dyra ut.

Lite jord, men fôr på lager

Med lite jord må dei bruke areala best mogleg. Dei sikrar alltid ein buffer av grovfôr slik at dei har til over neste sommar. Nytt i år er å prøve erter og kveite i attlegg av raigras for å auke avlinga. Dei fekk seg ein knekk i den kalde våren i 2013 då raigraset fraus vekk. Det er gløymt – no blir det meir raigras i jorda framover.

Carl Peder er skeptisk til måten arealtilskotet er innretta.

– Me må auke sjølvforsyninga her til lands, då må me sikre landbruk i heile landet og då er grovfôret ein nøkkelfaktor, seier Carl Peder.

Han meiner kvar bonde må innrette seg slik det passar dei best, men det bør vere krav til aktivitet. Bønder som driv grovfôrarealet heilt marginalt for å heve tilskot på linje med aktive bønder som treng fôr er ei stor utfordring for næringa.

– Det kan me ikkje tillate oss i framtida, seier han.

Stor fallhøgd

Carl Peder har ikkje angra på vala han har tatt og interessa har ikkje blitt mindre med åra. Han minner likevel om at ein større produksjon ikkje gjer det enklare å vere bonde, heller tvert om.

– Fallhøgda er stor for dei som ikkje taklar den nye kvardagen, åtvarar den erfarne bonden.

Han meiner at interesse og trivsel er avgjerande for å lukkast.

– Hadde eg ikkje trivst i det gamle fjøset hadde eg heller aldri bygd nytt. Den mjølkebonden som ikkje likar spenar kan få seg ein aha-oppleving som ikkje blir bra, seier Carl Peder.

Han vil ha kontroll på detaljane og bruker tid til planlegging og legg ikkje skjul på at det har vore hektisk med så stort ansvar heilt åleine. Spesielt krevjande har det vore etter at kona vart råka av ein alvorleg sjukdom.

– Det blir for mykje for ein person. Eg må nok prioritere kva eg brukar tid på og kva eg bør overlate til andre, seier Carl Peder.

Sjølvhjelpte: Sonen Tor Erlend (t.v.) driv maskinstasjon. I lag med maskinparken Carl Peder rår over, er dei sjølvhjelpte med tanke på jordarbeid og slått.

Stikkord denne saka: ,