BN+

Timoteislått: Raking og pressing med variabelkammerpresse av ei langt komen timoteieng på ei myr på Klepp, sommaren 2020. Same utstyret blir brukt hjå Gunn og Jan Arild Anda. Foto: Leif Harbo.


Gunn og Jan Arild Anda fôrar dyra på garden med rundballar med forskjellig innhald og kvalitet frå ni ulike slåttar.


Sjur Håland


Dei ulike slåttane lagrar dei kvar for seg. Dermed kan dei plukka og miksa den kvaliteten dei vil ha til dei ulike dyregruppene.


– Å stable slåttane for seg er eit avgjerande poeng. For meg hadde det ikkje vore aktuelt å lø ballane i ein stor stakk utan å kunna velja frå dei ulike kvalitetane, seier Jan Arild.

Timotei og raigras

Dei to har valt å satse på rundballar. Fôret som blir brukt til ammekyrne er timoteieng der han haustar to slåttar. På eldre eng der han har blanda raigras i timoteienga, haustar han tre slåttar. På eng som inneheld reint fleirårig raigras, haustar han fire slåttar. Dei ni slåttane haustast på ulike tidspunkt.


– Areala i kvar slått er avgrensa. Me slår graset, vender, raker, presser og transporterer ballane på plass. Det tar ikkje så lang tid, seier han.


Husdyrgjødsla med ti-kubikk vogn med stripespreiar blir lagt på så snart vêret syter for fuktig jord og helst litt regn.


– Dermed er veksten oftast i gang att på kort tid, seier han.

Ideelt ammekufôr

Alternativet hadde vore at dei måtte handtera 3-400 dekar på ein slått. Då hadde det gjerne gått ei veke eller meir før han hadde fått ut husdyrgjødsla på alt arealet. Eit anna argument han brukar er at dei ikkje hadde hatt nok fôr til alle dyra om alt hadde vore fleirårig raigras. Langt komen timoteieng gir store volum til ammekyrne.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,