Til for bonden: Astrid Brommeland gler seg til kvar dag på jobb. – Eg er privilegert som får jobbe med folk som vil noko, seier ho.

Jorda entusiasme

Astrid Brommeland slår seg ikkje til ro med gårsdagens kunnskap og etablerte sanningar, og rådgivaren deler raust av erfaring og nettverk.

Liv Kristin Sola

– Du møter meg på kaia på Nesvik. Kor tidleg kan du kome? spør Astrid Brommeland.

Astrid er rådgivar hjå Fylkesmannen i Rogaland og jobbar med næringsutvikling i Ryfylke, spesielt i Suldal, kommunen som grensar til tre andre fylke i nord og aust i Rogaland. Litt skeptisk, gjekk næringsutviklaren med å bli portrettert i Bondevennen – så ho gjer det på sin måte.

– Me skal først innom Fuglestein, før me skal ein tur til Jelsa og vidare til Sand og Vindafjord, seier Astrid, og set seg i førarsetet i min bil.

– Nøklar?

Ho skal køyre, eg skal notere.

I tre tiår, berre avkorta av to periodar i Zambia, har ho farta rundt på små og større bruk i regionen. Ho kjenner alle bøndene og kvar ein sving langs desse smale bygdevegane.

– Spennande, men planen var å skrive eit portrett om deg, prøver eg meg.

– Kva er vel eg utan etablerarane mine? Astrid set auga i meg og smiler.

– Dessutan er ikkje Bondevennen så titt i Ryfylke, minner ho om.

Eg kan ikkje nekte for det. Astrid har regien. Dette blir eit annleis portrett.

 

Frukt skal drikkast

På Fuglestein viser Jon Anders Fuglestein oss rundt i plantefeltet. Med god hjelp av faren, Arnfinn Fuglestein, har han planta 53 dekar med epletre – på to år. Han var freista å ta steg for steg, men Astrid oppmoda til å gi gass.

– Ho hadde ikkje bremser. Eg vart så gira at eg sprang rett him og planta, seier bonden.

Han fekk leveringsavtale og maks utteljing på tilskot til investering og produksjon.

– Når noko mest er for godt til å vere sant, varer det som regel ikkje så lenge, seier bonden.

– Ei genial satsing, heilt på rett tid, seier Astrid.

Lenge før epletrea er i full produksjon er bonden i gang med neste prosjekt.

– Frukt skal drikkast, flirer bonden, og kjem med to flasker sider.

Kan hende blir det bondens gull i komande år.

 

 

Genial satsing i rett tid: På to år har Jon Anders Fuglestein planta 17.000 epletre på garden som måler 53 dekar. Han har hatt god hjelp av faren Arnfinn og rådgivar Astrid. No forskar bonden på siderproduksjon. 

Smarte, løgne idear

På nabogarden har tre generasjonar Landsnes satsa på villsau, med foredling i eige lokale og direkte sal frå garden. Her vert den ein gong raudlista ursauen til spekepølser, pinnekjøt, fenalår og andre godsaker.

Astrid trur me vil sjå meir av dette som ho kallar ein motkultur. Næringsutviklaren er imponert over drifta og satsinga og ikkje minst over kulturbeita som er ein konsekvens av aktiv beitedrift og mange kilometer med veg inn i beiteområda.

– Det fantastiske kulturlandskapet gir meg frysingar på ryggen, seier Astrid.

– Kvifor villsau?

Knut Landsnes smiler lurt:

– Eg har nokre løgne idear, seier han.

Ein av ideane er å krysse villsau med svartfjes. Slik har han og kona Astrid, avla fram ein særeigen sau. Rykte går om god smak, og sjølv Arne Brimi freistar å ta turen til Jelsa ein gong i året for å smake. Marknadsføring skjer frå munn til munn, og ein lapp med telefonnummer er like godt som ei nettside for sauebøndene på Jelsa.

 

 Sine eigne vegar: Astrid og Knut Landsnes har alltid gått eigne vegar. Dei hald fast ved villsauen, som dei har kryssa med svartfjessau. Resultatet er ein særeigen sau med ein særeigen smak, og sal av kjøt frå eige foredlingslokale. Astrid næringsutviklaren, har vore ein viktig støttespelar for familien. 

Opp frå bakke: Helge Gjerde eig og driv Jelsa jordbær i lag med familien. Siste investering er dyrkingssystemet Table top. Men sjølv med moderne dyrkingssystem og importerte sortar vil kunden framleis ha norske koronabær.

Jordbærpionér

Ikkje langt frå Jelsapresten sitt hovudsete, har familien Gjerde 30 dekar jordbær, alt under tunnell. No er Helge spent på å ta i bruk si siste investering; dyrkingssystemet Table top. Jordbæra skal opp frå bakken, under tak, og dyrkast i kokos. 

– Det reduserer smittepresset for dei fleste sjukdommar, bortsett frå mjøldogg. Det betyr mindre sprøyting, noko som er viktig for omdømme og sal, seier Helge.

Frå Holland får han kunnskap og plantematerial, men Helge erfarer at folk framleis vil ha dei norske koronabæra.

– Alt som veks seint gir god smak og folk vil ha god smak, seier Helge.

 

Erstattar soya med fodder

Me køyrer mot Sand då Astrid svingar inn på garden til Rolf Henrik Tveit.

– Dette må du sjå, seier Astrid, og parkerer framfor eit heimesnekra drivhus.

Ein rask telefon, og bonden er på plass. Rolf Henrik driv med mjølk, sau og gris. Kvar sommar har han nokre utegris som han slaktar og sel direkte frå garden. Bonden jaktar ein erstatning for soya til utegrisen. Astrid har tru på fodder – modning av bygg, berre med lys, varme og vatn, utan jord.

Bonden tok rådet på alvor. No er drivhuset på plass og dei første bretta med byggkorn er i ferd med å modnast.

– Med fodder kan eg nytte 70 prosent av næringsverdien i kornet, mot berre 30 prosent utnytting i kraftfôr, seier Rolf Henrik. Astrid berre smiler.

Astrid smiler. Dette har ho god tru på og ho kjem til å følgje nøye med kva som skjer hjå Rolf Henrik.

Bøndene om Astrid:

– Ho har eit enormt nettverk og brei kunnskap. Ho kan alt om papirarbeid og kan finne pengar me ikkje veit me kan søke om. – Jon Anders Fuglestein.

– Astrid har vore veldig god for oss, det må eg seie. Ho er nummer ein, ordnar alt med papir og søknadar og slikt. – Knut Landsnes.

– Hadde alle kommunar hatt ei Astrid, hadde det vore mykje satsing rundt om i landet. Ho er svært lett å be og har vore avgjerande for satsinga her på garden. – Helge Gjerde.

– Astrid er ein pådrivar. Ho ser berre moglegheiter, ikkje avgrensingar. Me treng rådgivarar som går nye, utradisjonelle vegar, og tør å prøve nye ting. – Rolf Henrik Tveit.

Spennande med ny kunnskap: Rolf Henrik Tveit driv allsidig med mjølk, gris og sau i Sandsbygda. Om våren tek han ut nokre smågris som vert slakta og selt privat om hausten. No vil han erstatte innkjøpt soya med eigenprodusert fodder av byggkorn.

Ser berre moglegheiter

Me passerer Europas største steinbrot og Astrid bremser ned. Me må ut or bilen.

– Sjå! seier ho, og skodar ut over det imponerande steinbrotet.

At det gir arbeid til mange er flott, men Astrid er like oppteken av kva det nyttast til etterpå. Næringsutviklaren ser føre seg tørrdokk, eller landbasert oppdrett som passande alternativ.

– Tenk deg den kapasiteten. Dette er kjempespennande, seier ho og ser utover området. 

Suldal, Finnmark og Zambia

Astrid var i det første agronomkullet ved vinterlandbruksskulen i Ryfylke. Her møtte ho Ola Hovda, som sidan har vore ein viktig mentor for Astrid. Sidan vart det agroteknikk på Melsomvik i Vestfold, og høgskuleutdanning med fordjuping i reiseliv, matkultur og næringsutvikling.

Draumen om fiskestong, telt og uteliv gjorde at ho søkte seg til Finnmark. Først til Aust-Finnmark forsøksring, sidan som heradsagronom i Kvalsund.

– Eg stortreivst med folka og kulturen, men mørketida var krevjande, seier Astrid.

Etter tre år flytte ho heim, men eventyrlysta var sterk. Ho drøymde om Afrika. 27 år gammal kom ho seg gjennom nålauget hjå Fredskorpset og reiste på eit treårig oppdrag til Zambia.

Vel heime, vart ho tilsett som jordstyreteknikar i Suldal kommune, den gong ei statleg stilling under fylkesmannen. Her har ho vore sidan, under ulike yrkestitlar, berre avbrote av tre nye år i Zambia.

 I stova heng maleri, foto og anna kunst som speglar den afrikanske Astrid. Alt har ei historie – det handlar om folk ho kjenner eller berre har møtt, i ein kvardag langt unna Suldal. Seks år i Zambia har sett mange spor.

Astrid vitjar landet og sine afrikanske vener med jamne mellomrom. Ho finn mykje likt mellom Finnmark og Zambia.

– Folk er opne, artige og svært gjestfrie. Eg kjende meg heime både i nord og i Afrika, seier Astrid.

Planta i landbruket

– Versegod, forsyn deg no. I ein fart har Astrid klar lammekjøt i kvit saus med grønsaker og potet.

Astrid vaks opp på eit bruk med ti kyr, fire purker og tretti sauer på Brommeland i Sand i Ryfylke. Ho lærte om jorda, dyra og mattradisjonar. I matbua heng fenalår og skinke for langtidsmodning. Astrid ystar faste ostar og fetaost, og prøver seg på sider og øl. Ho er oppteken av kva me et og korleis maten vert produsert.

Rådgivaren jaktar kunnskap om jorda, om jordlivet under føtene våre. Ho snakkar varmt om meitemarken, bonden sin utrøyttelege medarbeidar som ikkje alltid får så gode vilkår i moderne agronomi. Ho stikk fingrane i jorda og fôrar jordlivet med sjølvprodusert kompost, og dyrkar fram planter og grønsaker.

– Me gjer klokt i å hente fram gammal kunnskap og sjå korleis den kan nyttast i eit moderne landbruk, meiner Astrid.

 

Tradisjonsberar

– Orkar du eit besøk til? spør Astrid.

Grytene er tomme. Klokka er sju. Det er ein time å køyre. Klart eg orkar.

På Fjellgardane i Vikedal vidareførar tømrar og tidlegare sauebonde, Tore Hunseid-Birkeland, tradisjonen med grindverksbygg. Eit sauehus på garden vekte hans interesse for byggeskikken allereie i tenåra. 

– Eg studerte teknikken og prøvde meg fram, seier Tore.

Interessa for byggeskikken er aukande og ordrebøkene er fulle. Eit sauefjøs på 25×12 meter er klar til levering. 12 meter lange stokkar hogd i eigen skog, ligg på tvers over dei 3,5 meter høge stavane.

Konseptet har dei kalla for Narvebygget. Astrid har vore engasjert heilt frå starten. 

– Me må få ned kostnadane på driftsbygningane, spesielt fjøsa, slår ho fast, og håper dette konseptet kan vere eit alternativ. 

 

Frå sau til grindverksbygg: HeiIt inne ved Fjellgardsvatnet i Vikedal i Vindafjord har tømrar og trekunstnar Tore Hunseid-Birkeland (t.v.) blåst liv i den gamle vestlandske byggeskikken med grindverksbygg.  

På tide å snu

Astrid er alltid på leit etter kunnskap. Ho vil skape og drive fram prosessar, både hjå seg sjølv, men ikkje minst i lag med andre.

– Mange syslar med tankar om å utvikle bruket. Min jobb er å hjelp dei i gang, finne kontaktar og søke om støtte til finansiering.

Rådgivaren meiner å sjå at ting er i endring. Bøndene ser nye moglegheiter – det er lov å tenke nytt og annleis.

– Alt handlar ikkje lenger om volum. Det er bra. Me gjer klokt i å hente fram noko av kunnskapen frå tidlegare tider og sjå korleis den kan nyttast i eit moderne landbruk. Landbruket må gå frå spesialisering til mangesysleri, seier Astrid.

Ho vil gjerne motivere til å satse, men kjenner også på eit ansvar. Ho kan ikkje, og skal ikkje, oppmode til ufornuftige eller uferdige prosjekt.

– Korleis veit du at eit prosjekt er liv laga?

– Eg får ei magekjensle, seier Astrid.

Rådgivaren understrekar at menneska bak prosjekta er avgjerande. Dei som skal satse må vere ekte interessert i det dei skal drive med, elles går det ikkje. 

– Landbruket har alltid vore spennande, men aldri så spennande som no. Eg er privilegert som får jobbe med folk som vil noko, seier Astrid.

 

Stikkord denne saka: , , ,
Share This