BN+

Sporekamp: Hans Aanestad t.v. og Ingve Dubland konstaterer at enga har klart vinteren greitt. Grasdyrkinga er eit nøkkelpunkt i arbeidet mot sporar i mjølka. Hans meiner det ikkje er mogleg å stoppa sporane berre gjennom tiltak i fjøset. Ute handlar det i følgje bonden om stubbhøgd, rett bruk av riva og nok ensileringsveske

Kan bli vanskelegare å unngå sporetrekk



Nytt kvalitetsbetalingssystem for mjølk kan gjera det vanskelegare å unngå trekk for sporeinnhald i mjølka. Hans Aanestad har hausta sporeerfaringar frå både grasdyrking og fjøsstell.


Sjur Håland


– Som mjølkeprodusent er det å unngå sporar i mjølka den største utfordringa. Nøkkelord for å få kontroll handlar først og fremst om stubbhøgd, raking og nok ensileringsvæske, seier Hans Aanestad.

Testar nytt kvalitetssystem

Eit anna system for kvalitetsbetaling av mjølk enn det gamle Elitemjølk-systemet er på trappene.


– Det etablerte kvalitetssystemet har blitt slik at Elitemjølk har blitt standard, med berre ein liten del av produsentane som ikkje oppnår denne klassen, seier hygieneteknikar hjå Tine, Ingve Dubland, som er med Bondevennen på besøket hjå Hans.


Eit av måla med nytt kvalitetsbetalingsystem er meir samsvar mellom kvaliteten råvareindustrien etterspør og kva dei betalar for å få den kvaliteten. Med det nye systemet vil kvar mjølkeleveranse frå gardstanken bli analysert. Då blir det resultatet den enkelte leveransemånaden som avgjer. Historie frå tidlegere månadar vil ikkje ha innverknad. Frå april månad og framover ut året, vil den nye kvalitetsrekninga bli testa ut, i tillegg til det gamle systemet (som framleis er det gjeldande) for å hausta erfaringar.
Dermed vil Hans og hans kollegar kunna samanlikna den gjeldande og nye kvalitetsberekninga.


– Denne testperioden vil gi eit grunnlag for avgjerd om kor vidt det nye systemet skal takast i bruk, seier Ingve.


Med ny kvalitetsbetaling vil det bli vanskelegare å unngå trekk for sporar i mjølka. Hans er ein av femten mjølkeprodusentar med mjølkerobot på Jæren som siste året har vore med på eit sporeprosjekt i regi av Tine, der målet er å analysera grovfôret, gjera registreringar og setja inn tiltak for å hindra at eventuelle sporar når tankmjølka.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,