Katrine (t.v.), Siri og Alfred (t.h.) har gått på skule og barnehage i lag med Henrik frå dei var små. Dei fire er ofte i lag på garden til Henrik, og hjelper til i lamminga.

Tonje og Atle Kloster inviterer skule og barnehage til gards for å sjå nytt liv kome til verda. Under årets lemming har rundt 200 barn vore innom på garden, kohort for kohort.

Liv Kristin Sola

 

Det er sauer og lam, ute og inne. Lamminga er snart over. 150 søyer har lemma, medan dei tre siste lar vente på seg. 332 lam er kome til verda.

– Alt i alt har lamminga gått bra. Men litt utfordringar skal det jo alltid vere, seier Atle.

Midt i denne hektiske tida, inviterer familien skuleklassar og barnehagegrupper til gards.

– Me har hatt rundt 200 ungar innom her, kohort-vis, sidan påske, seier Tonje.

Ja, det er travelt, men Tonje, som er førskulelærar, meiner det er viktig å vise landbruket frå innsida. Ho fortel barna om saue-året, og svarar på det dei lurer på.

I eit normalt år, hadde dei grilla pølser til ungane, sponsa av Nortura. No er det strenge smittevern-reglar som rår, og barna et matpakkane sine, kohortvis.

Bondevennen følgjer Tonje Nærland Kloster og Atle Kloster og barna Mathilde, Henrik og Johan, gjennom eitt år med sau. Paret overtok heimegarden til Tonje i 2019.

På terrassen er det saft og lappar å få, og tid til spørsmål. F.v. Tonje, Katrine, Mathilde (bak) og Siri.

– Me prøver å lage det litt triveleg i lamminga. Det sa forresten Stian (rådgivar i Nortura) og, seier Tonje og ler. Ho får god hjelp av heile storfamilien som bidreg på kvart sitt vis i den travle tida. 

Kaffi, saft og vatn utanfor sauehuset.

Lapper til alle som vil smake. 

Tid i lag med kvarandre og med dyra.

Barnehagebarna fekk med seg to lammingar. Den eine vart litt krevjande og søya fekk hjelp av Henrik til å få ut lamma. Foto: Tonje Nærland Kloster.

Barna frå barnehagen ventar spent på om denne søya kjem til å lemme før dei må gå. Foto: Tonje Nærland Kloster. 

Henrik trivst godt ute i sauehuset i lamminga og hjelper mor og far når han er ferdig på skulen. Ekstra stas er det å få vise fram sauer og lam til andre ungar. 

Kopplamma lever i sei eiga vesle verd kor dei har tilgang til det dei treng av mat og drikke, og lune liggeplassar på halm i ei Gilde-bakke.

Siri (t.h.) bur på gard og er van med dyr. For Katrine er det ei litt større utfordring. Då er det fint å ha Siri der, som kan vise korleis ho skal halde lammet.

Veneflokken er ikkje vanskelege å be når søyer og lam skal inn for natta. Frå venstre: Henrik, Katrine, Torbjørn, Alfred og Siri.

Mine tankar om lemming

Lemminga 2021 har vore lærerik og spennnandes. Det har kome mange lam både rett og feil veg. Henrik og Johan trivest best i lag ute med sauene, mens eg trivest best inne. Eg er av og til med ut, men eg dreg ikkje ut nokon lam. Mor og far har vore veldig mykje ute, så me har ikkje fått vore like mykje med dei som til vanlig. Men heldigvis bytter dei på å vere ute sånn at me får vere sånn cirka like mykje med begge.

Lamma som me har fått er både søte, rare, kule, fine og kosete. Me har hatt nokon gardsbesøk og dei fleste har fått sett ein fødsel. Når klassen min kom så
kom dei i 3 grupper, og den eine av dei gruppene fekk sjå ein litt uvanleg fødsel. Eg tenkjer ofte spesielt i lemminga at eg ikkje vil bu på gard, for mor og far er altfor mykje ute. Men når eg tenkjer meg om så er det faktisk litt gøy også. Spesielt fordi lamma er så veldig søte.

MATHILDE KLOSTER

Torbjørn er syskenbarn til Mathilde, Henrik og Johan. Han er sikkeleg bonde og brukar mange timar i lag med tante og onker på garden.

Barnehagen danna eit levande gjerde då saueflokken med lam skulle ut første gong. 

Ikkje kvardagskost. For ungane gir det mange inntrykk og spørsmål å sjå små lam kome til verda. 

Her er det god plass til å få ut energi. 

Det er godt å vere mannsterke når flokken skal inn.  

Fire gode vener i leik og læring.

Stikkord denne saka: ,