Eit godt team: Janne Salte og Ole Johan Bergene har funne småbruket sitt. På Feden Gard dyrkar dei felles interesser for natur, jakt og fiske, for islandshestar og motorsyklar – og for svartfjessauen og gjetarhunden Jack.

Hektisk telefonverksemd og mykje reising pregar arbeidsdagen til Ole Johan Bergene. Då er det godt å sjå til sauene på beite, – eller i hagen, som bonden kallar det.

Liv Kristin Sola

Ole Johan Bergene er klar med kraftfôrbøtta. Han skal sjå til saueflokken som beitar i kulturlandskapet i bakkane ovanfor garden. På vegen møter me små mindre grupper av dyr. For svartfjessauen beitar ikkje i store flokkar. 

Ole Johan kjenner dyra sine på lang avstand. Han veit kor gamle dei er og kan peike ut dyr som er i slekt. Og alle har namn. Dei kjenner stemmen til Ole Johan og veit kva han har i bøtta. Men dei er sky, og held seg på trygg avstand til framandfolk.

 

Gardsfakta

Ole Johan Bergene og Janne Salte kjøpte Feden Gard på Helleland i Eigersund i 2012. To år etter kjøpte dei 20 svartfjessøyer. I dag tel flokken 70 vinterfôra sau. Lamma vert slakta hjå Nortura, men skore ned hjå Nyyyt i Bjerkreim og selde som pinnasteik. 

Garden er på 800 dekar fordelt på 40 dyrka, 100 dekar kulturbeite og resten utmark. Dei leiger i tillegg 800 dekar der 20 dekar er dyrka. 

Janne jobbar hjå Ålgård Landbruksservice og tek utdanning innan sal og service. Ole Johan har full jobb som teknisk seljar hjå Svea Maskin. Han er styreleiar i Svartfjeslaget og jaktleiar i Skakksida jaktlag. Jaktområdet på 40 tusen dekar har både rådyr, hjort, elg og orrfugl. 

Ole Johan har to gutar på 26 og 29 år. Janne har ei dotter på 25 og ein son på 22 år. To islandshestar og border collien Jack høyrer også til familien.

Det måtte bli svartfjes: Søyene lammar lett og rasen er nøysam på beite. Lamma er kjøtfulle og kjøtet er ettertrakta for sin milde og reine smak. At dyra er fine å sjå til er heller ikkje feil.

Rase i vekst

Svartfjes er ein rase i vekst, og med godt avlsarbeid håper Ole Johan å selje livdyr til bønder som vil avle på rasen. Han inseminerer dei beste dyra, gjerne med sæd frå Skottland.

Raselaget vil halde på den litt kraftige varianten av rasen, gjerne kalla lyngfår, men skal samstundes få inn nye genar som dreg avlen vidare. 

– Her gjer Gerhard Håkull i styret ein fantastisk jobb med å plukke ut gode seminvêrar for laget, seier Ole Johan, som leiar svartfjeslaget. 

Ryggen skal vere rett og kraftig, og horna skal vere vide og symmetriske. Teikningane i ansiktet skal vere minst femti prosent svart og nasen skal vere konvekst bua. 

Gode mordyr er viktig og vêren skal ikkje ha meir enn to spenar. Sjølv om søyene er gode mordyr, sikrar Ole Johan alltid at lamma får i seg råmjølk. Dei får 1,7 lam i snitt, legg ikkje på trillingar, og parar ikkje lam om hausten. 

– Det er for tidleg. Lamma er ikkje skikkeleg utvikla i bekkenet og det kan bli komplikasjonar, seier Ole Johan.

Svartfjes på topprestaurant

Lamma er mellom 15 og 19 kilo slakta. Målet er å slakte flest mogleg rett frå beite, men det hender han må ty til kraft – fôr på dei minste lamma.

– Men det er vel å jukse litt, seier han.

Etter innsett får sauene surfôr, men når frosten kjem går dei over på høy. Alt av førsteslått vert tørka til høy – om det går. Under lemminga er det høy og kraftfôr på menyen, pluss mineral og saltstein.

– Det gir fast gjødsel og ei tørr og fin talle, seier bonden.

Dei slaktar hjå Nortura, men dei fleste lamma går til nedskjering og produksjon av pinnasteik hjå Nyyyt i Bjerkreim. Pinnasteik har merket «Spesialitet unik smak», og vert blant anna selt til kjende Renaa restaurant i Stavanger. For bonden gir det ein meirverdi frå sju til ti kroner per kilo. 

Mild i smaken: I tømmerkoia serverer Ole Johan fenalår av svartfjes produsert av Nyyyt. Med rømme og flatbrød vart det eit fantastisk måltid.

 

Neste prosjekt er å gjere ulla meir verdifull, også for bonden. Ole Johan er ein av initiativtakarane til svartfjeslaget sitt ullprosjekt, kor verdilaus ull frå svartfjes er spunne til eksklusivt garn hjå Oslo Mikrospinneri.

Les om svartfjesgarn her.

Lite kravstor rase: Svartfjes er den rasen som passar best til garden og kvardagen, når dei begge er i jobb. Foto: Ole Johan Bergene.

Den perfekte søya: Vide symmetriske horn, bua naserygg og svart i ansiktet. Søya i midten er født i 2016 og har hatt sitt fjerde kull. – Lammet er ikkje til sals – det skal eg ha sjølv, seier Ole Johan. Foto: Ole Johan Bergene.

Byguten vart bonde

Ole Johan er «bygut» frå Bryne på Jæren. Han vaks opp i byggefelt, men var ofte på garden hjå besteforeldra, og seinare hjå onkelen. I ungdomstida var han avløysar på mjølkebruk. Men i vaksen alder vart islandshest den store interessa.

Janne og Ole Johan kjøpte garden i 2012. Dei var eigentleg på utkikk etter eit småbruk, då Ole Johan tilfeldig kom over garden Feden på Helleland. Janne vart med på visning.

– Det første me såg var ein rådyrflokk. Då var me selde, seier Ole Johan.

Driftsbygningen frå 1976 er i god stand og har plass til heile buskapen. I det eldste fjøset er det uendeleg med moglegheiter for to med kreative hender og allsidige interesser.

I fjøset blir det snikkarverkstad. Interessa for tre og snekring har bonden hatt frå ungdommen. Sjølve låven er restaurert og innbyr til lange kveldar i lag med gode vener.

Interessa for sykkel og veteranbilar har dei begge to. På låven står to Harley Davidson, ein Indian, og ein 67-modell Ford Mustang kabriolet.

Mange hobbyar: Den gamle låven er gjort om til eit lokale kor dei kan ta imot slekt og vener. Her har dei også parkert dei flotte syklane sine, ein Indian og to Harley Davidson, samt ein Ford Mustang kabriolet, 67-modell. 

Felles prosjekt: På Feden Gard fann Janne og Ole Johan det dei leita etter, eit småbruk kor dei kan drive med hest og ha med god plass til å dyrke dei mange hobbyane sine. At dei vart sauebønder i tillegg passa fint inn i livet på garden.

Måtte bli svartfjes

Første sommaren leidde dei beitene ut til storfe. Det vart inga god løysing.

– Storfe blir for tunge på desse beitene. Me fann ut at me måtte nytte beitene sjølve. Då måtte det bli sau, seier Ole Johan.

Og det måtte bli svartfjes. Ikkje minst på grunn av Ken Rune Birkeland, og seinare også Rolf Gravdal og Bernt Undheim. Dei erfarne bøndene har vore gode rådgivarar og samtalepartnarar. Ole Johan skryt også av Siri Haugland i Nortura som har vore til god hjelp.

– Svartfjes er den rasen som passar best til garden og kvardagen vår, når me begge er i jobb. Dei er nøysame beitarar, lette på foten og lite kravstore. Og dei er større og meir kjøtsette enn villsauen, seier Ole Johan.

Dei klarar seg stort sett sjølve, både i lemming og på beite. Men dei går ikkje på sjølvstyr. Janne og Ole Johan har god oversikt og kontroll på dyra sine. Sauene kan klare seg ute heile året i dette klimaet, men Ole Johan vil ha dei heime om vinteren. Her har dei god plass i fjøset og går ut og inn som dei vil.

Stillheit i naturen

Med god hjelp av ein kamerat har Ole Johan brukt mange timar med å rydde skog og kratt i beitene. Dei har tynna skogen og opna opp rundt dei grøne lungene, og ein tapper kamp mot lyssivet er i gang. Brenning og sprøyting skal ta knekken på ugraset – på sikt.

– Me tek det i vårt tempo. Det er ingen som tek jobben frå oss, seier bonden.

Her i hagen sin, kan han sette seg på ei tue, sjå ut i lufta, puste djupt og høyre på stillheita. Over oss krinsar to ørnar. Ligg på vengjene og berre flyt i lufta. Janne og Ole Johan er begge ivrige jegerar. På eigedommen har dei både rådyr, hjort, og elg, samt orrfugl. 

Heggen står i full blomst. Lukta er ikkje til å ta feil av. Rogna skal tas vare på som mat til fuglar, bier og rådyr. Ved bekken har bonden planta to rododendron. Til minne om foreldra. Dei passar her ved det rennande vatnet.

Ei anna verd: Her oppe i beitet, berre ein gåtur frå garden, kan dei nyte ein sommarkveld utanfor den vesle tømmerkoia. Her held også dei to islandshestane til.

Skulle eg leve av garden måtte eg blitt mange gonger så stor.

Ole Johan Bergene

Aldri fri frå mobilen

På eit høgdedrag står ei lita lafta tømmerkoie. Eit rom, men med alt ein treng for å flykte frå kvardagen nokre dagar. Men ikkje frå mobilen. Som teknisk seljar i Svea Maskin er telefonen den viktigaste arbeidsreiskapen. Etter seksten år i jobben har Ole Johan til gode å ta ferie frå mobilen. Samstundes gir jobben utanfor bruket den fleksibiliteten han treng til å drive garden slik han vil.

– Eg trivst som deltidsbonde og sluttar ikkje i jobben. Men eg må ikkje bli større enn at eg kan rå med det. Skulle eg leve av garden måtte eg blitt mange gonger så stor, seier Ole Johan.

Han fryktar tidsklemma og gjeldskarusellen mange bønder blir pressa inn i. Som deltidsbonde kan han i større grad tilpasse drifta til det han meiner er forsvarleg i forhold til jord og bygningen.

– Ikkje minst blir beitepresset for stort om eg skal auke saueflokken for mykje. Då må snyltarbehandlinga intensiverast. Det kostar både tid og pengar, seier Ole Johan.

Bonden ser til dyra sine minst ein gong om dagen. Og etter ein dag bak rattet med mobilen på handsfri, er det fint å ta med hunden Jack for å sjekke dyra på beitet.

Stikkord denne saka: ,