Tomat: Godt stell er viktig også i veksthusnæringa. Her syner Leif Johan Grude fram store tomatar av typen Caroleza.

Med grep om det grøne

I Grude Gartneri på Klepp Stasjon blir det gitt full gass med grønt og blomar. Også gartneriutsalet er lagt i eit høgare gir.

Sjur Håland

– Det er viktig å tena pengar på det me held på med. Då trengst fagleg dyktige tilsette og stor innsats i dei ulike einingane, seier bonde, gartnar og eigar Leif Johan Grude.

Regnet høljar ned og gradestokken synar 13 sommarfattige grader. Under taka i gartneriet på Klepp stasjon er temperatur og fukt nøye regulert. Travle arbeidsfolk er i sving med tomat- og agurkplanter, medan butikkpersonalet er i gang med å rettleia dei første kundane for dagen. Leif Johan, som driv gartneriet saman med kona, Hilde Grude, og resten av familien, har tid til ein kaffikopp.

70 mål veksthus

Grude Gartneri er ein familiesaga med utgangspunkt i eit småbruk med 14 dekar landbruksjord, som farfar, Leif Grude, kjøpte etter krigen. Her vart det drive tradisjonell husdyrproduksjon i mindre målestokk. Då foreldra, Janet og Odd Narve Grude, tok over i 1970 starta dei opp med gartneridrift og grønsaker på friland. Hilde og Leif Johan tok over stafettpinnen og organiserte verksemda som eit aksjeselskap i 2000. Alt midt på 1990-talet vart blomeproduksjon ein del av konseptet.

– Denne biten har me utvikla år for år, slik at blomeproduksjonen nå utgjer halvparten av produksjonsomfanget, seier Leif Johan.

Kortreist: I utsalet er det også eit stort kjølerom der kundane kan fråtsa i kortreist mat. Medarbeidar Lillian Friestad og Leif Johan Grude viser fram litt av mangfaldet.

Grønsaksproduksjonen består av tomat og agurk i veksthus, saman med hovudkål og kålrot på friland. Arealet har vakse monaleg sidan den forsiktige starten. Til drifta høyrer ein gard på Laland. Her driv dei med eggproduksjon i ei konsesjonsbesetning på 7.500 høner. Samla areal, inkludert areal dei har fått kjøpt av naboar på Klepp stasjon, er 370 mål. Med det siste veksthuset på 18 mål saman med leige av 19 mål veksthus, disponerer Grude Gartneri til saman 70 mål med veksthus. Det nye huset, som vart ferdig nærast samtidig med koronarestriksjonane som vart innført i mars, blir brukt til produksjon av tomat og agurk saman med oppal av agurk- og tomatsmåplanter til eige bruk og for sal.

– Det har blitt eit godt hus med tekniske, økonomiske og miljømessige føremoner som absolutt har svart til forventningane, seier Leif Johan.

Gunstig kombinasjon

Blomeproduksjonen startar med sal av påskeliljer i mars. Med april byrjar sommarsesongen med sal av stemorsblomar og andre sommarblomar som margeritt og lobelia saman med blant anna amplar.

– Me har opparbeidd oss kompetanse på blomar gjennom åra og opplever kombinasjonen blome- og grønsaksproduksjon som svært gunstig. Me får utnytta arbeidskrafta og drivhusarealet og oppnår godt sal også tidleg på året, seier han.

Det har vore råd å kjøpa blomar og grønsaker i gartneriutsalet i ei årrekkje. Men nå har dei oppgradert utsalet. Frå og med dette året er utsalet lagt i eit høgare gir. To tilsette syter for drifta av utsalet, som blir kyndig leia av Olaug Bjelland. Typiske varer er blomar og grønsaker frå eigen produksjon, saman med plantejord, gjødsel, pyntegjenstandar og rekvisita.

– Me styrker satsinga på utsal, noko som har slått godt an. Sortimentet er auka og omsetnaden har gått opp. Målet er å presentere eigne varer på ein god måte. Me sel ikkje grillar og hagemøbler. Der er konkurransen og mangfaldet allereie stort nok, seier han.

Facebook og jungeltelegraf

Verksemda ligg sentralt til på Jæren, med kort veg frå Gjesdal og Sandnes. Likevel ligg butikken litt gøymd i høve til hovudfartsårene.

– Ja, det er mange som ikkje veit om oss. Me har valt å profilera butikken gjennom Facebook for å avgrensa utgifter til marknadsføring. Så er det å håpa at jungeltelegrafen og eit godt rykte vil gjera resten. Klarer me ei jamn auke framover, er me godt nøgde. Det ligg an til at utsalet blir ein ekstra pilar å stå på, seier Leif Johan.

I høgsesongen, i sommarhalvåret, er talet på tilsette kring 45. Midt på vinteren har 10-20 personar sitt daglege arbeid hjå Grude Gartneri. Leif Johan reknar med at den samla omsetnaden vil ligga på kring 75 millionar kroner når rekneskapen for 2020 skal gjerast opp. Det er ei betydeleg auke frå år 2000 då omsetnaden var fire millionar kroner.
Leif Johan likar framleis å kjenna fuktig svart jord mellom fingrane, men registrerer at stadig meir tid går med til å styra verksemda.

– Å ha kontroll på produksjon og sal, leia og motivera dei gode medarbeidarane er blant mine viktigaste oppgåver, held han fram.

Leiar: Olaug Bjelland er leiar i gartneriutsalet. Foto: Grude Gartneri.

Mange bak suksessen

Gartnaren og bonden understrekar at han langt frå er åleine om drifta. I tillegg til familien har Tom Arild Bekkeheien ei nøkkelrolle som driftsleiar.

– Dei tilsette gjer eit godt arbeid. Ansvarlege for dei ulike avdelingane er nøkkelpersonar, så er det min jobb å ha den totale oversikten.

Ferske varer frå Grude Gartneri blir sendt med bil til grossistar i Oslo kvar dag. Både blomar og grønsaker er i vinden.

Utsal: Grude Gartneri utvidar og utviklar gartneriutsalet i Klepp stasjon for å få eit ekstra bein å stå på.

– Kva trendar ser du i marknaden?

– Sal av frukt og grønt synar ein positiv trend. Mange snakkar opp denne næringa for tida. Det er også mykje merksemd retta mot det som er nært og kortreist. Enkelte vil dyrka litt sjølv og kjem og vil kjøpa planter.

Sjølv med tollvern i delar av året, er import av billege varer frå utlandet ei utfordring.

– Me lever og arbeider i eit høgkostland. I konkurranse med land med billeg arbeidskraft og lågt energibehov, er det i periodar krevjande å drive i veksthusbransjen. Me har vore gjennom ei effektivisering av grøntnæringa i Norge dei siste 20-30 åra. Det har nok vore heilt nødvendig for å konkurrera med importvarene, seier han.

Nytt: Det nye veksthuset på til saman 18 mål vart teke i bruk i vår. Her får tomat- og agurkplanter optimale forhold, forsikrar Leif Johan Grude.

Færre og større

– Er det plass for nye produsentar?

– Det hadde heilt klart vore ønskjeleg med nye aktørar, men det vil nok vera krevjande å få avtalar med grossistane. Ei nyetablering vil også krevja store investeringar og det tek tid å arbeida seg inn i marknaden. Erfaringane syner dessverre at me blir færre og større. Trass i færre produsentar og større einingar, skryter Leif Johan av fagmiljøet i Rogaland.

– Her er det mange drivarar som bidreg til å halda miljøet oppe. Det er utruleg viktig med eit godt fagmiljø slik me har her i fylket, seier han.

Stikkord denne saka: ,