Fruktbønder med ein draum: Trine og Ole Christoffer har mange draumar og planar for Nedre Røste Gard og NeRø frukt og sider.

Pangstart for sidersatsing i Notodden

Ole Christoffer Røste og Trine Flaaten pressa eple til sider for sal for første gong i fjor. Allereie har utmerkingane begynt å rulla inn.

Jane Brit Sande

Læringskurven har vore bratt for fruktbøndene Ole Christoffer Røste og Trine Flaaten på Nedre Røste Gard på Hjuksebø i Notodden. Ole Christoffer tok over heimegarden i 2011. Den gong var det 70 mål med korn på garden.

– Eg ville driva garden, men eg ville legga om. Dette er jo eit fruktdistrikt, seier Ole Christoffer.

For tre år sidan vart også Trine ein del av livet og drifta på garden. Saman står dei bak NeRø frukt og sider.

Søker kunnskap

I 2016 kom dei første frukttrea til gards. Ole Christoffer starta i det små, med 1000 epletre og litt morelltre. Sidan har frukthagen vakse. På 55 dekar har dei økologiske eple, hovudsakleg Discovery og Raud Aroma. På 12 dekar har dei også morellar.

– Me er heldige med nettverket rundt oss. Her er det mange som driv med frukt, og dei har vore god hjelp heilt frå starten, seier Ole Christoffer.

Det har vore fire hektiske år. No vil dei førebels ta det heilt piano med nyplanting.

– Det er betre med ei god avling på det me har, enn å doble arealet med frukt. Me vil heller nytte tida til å utvikle eige særpreg her på garden, seier Ole Christoffer.

Foredling har lenge vore i tankane til Trine og Ole Christoffer, som har vore fleire turar i Hardanger for å søka kompetanse. I fjor pressa dei mellom seks og sju tonn til eplemost og sider. 80 prosent av produksjonen blei levert til pakkeri.

– Me vil presse meir enn dette i år, og så vil det auke på. Eg anslår at me neste år vil pressa mellom 30 og 40 tonn eple, seier Ole Christoffer.

Han seier at dei begge likar fordelinga, det å skapa noko.

– Me starta først med litt eksperimentering, før me tok sats i fjor og bygde om deler av låven til produksjonslokale. No er planane klare for resten av låven, med meir rom til produksjon og besøkande, seier Trine.

Målet deira har heile tida vore klart og tydeleg.

– Me vil laga ein god sider som me kan stå for, og stolt kan selje, seier Trine.

Prisdryss

I vinter deltok dei på si første sidertevling. Norsk Eplefest og Hanen skulle kåra Norge beste eplemost, eplesider og fruktvin. Siderekspertar frå inn- og utland kåra NeRø–sideren Vill og Villig til Årets nykommar 2019.

– Kjempemoro, og ei stadfesting på at me er på rett spor, seier Trine.

Sommaren i år starta med gode resultat i VG sin store sidertest som vart utført av Ølkompaniet i juni. I kategorien ‘klassisk norsk sider’ fekk både Vill og Villig og Ekte Juxe terningkast fem. I klassen for spontangjæra sider, stakk sideren Spinnvill av med førsteplassen og terningkast seks.

– Me har merka godt ringverknadane av dette, kanskje særleg VG sin smakstest. No er me utseld for alle siderane, med unnatak av ein sort, seier Ole Christoffer.

Takka vere ei lovendring i 2016, kan dei drive direktesal av eigeprodusert sider opp til 22 alkoholprosent. Dei har per i dag eit kommunal løyve til å gjere dette, og har også søkt om eit statleg løyve.

– Det har vore ein travel sommar i tunet. Heilt fantastisk, seier Trine.

– Me set utrolig stor pris på høve til å ha denne kontakten med kundane. Me får fortelje om produksjonen, produkta, og i fleire tilfelle har me også vist fram frukthagen. Dette styrker både vår eigen merkevare, så vel som norsk matproduksjon i det heile, seier Ole Christoffer.

Snart hausting: Ole Christoffer og Trine gjer seg klare til hausting, dei startar neste veke. Frukthagen speglar seg i Heddalsvatnet.

Villgjær og aroma

Trine og Ole Christoffer har funne glede i å eksperimentera med smak. Dei snakkar om villgjær, råsaft og gjærsopp.

– Det er ein kompleks aroma. Det skal bli utruleg spanande å jobbe vidare med dette, seier Ole Christoffer.

Dei ulike gjærtypane jobbar forskjelleg med aromaen. Det gjer at same eplesort får ulik smak. Oppskriftene angir blandingsforholda mellom gjær, sukker og eplesaft.

– Dei ulike årgangane vil sjølvsagt variere i smak, då avlingane vil variere. Dette er ganske enkelt avhengig av vêret, seier Ole Christoffer.

Det ferdige produktet blir ikkje betre enn råstoffet ein puttar inn, påpeiker bøndene. Dei har satsa på sider av Discovery og Raud Aroma. Men fruktbøndene testar ein heil del andre sortar også. Ein sort dei har planta i år, er den engelske sider-sorten Ellis bitter.

– Me testar andre sortar for å prøve dei i eigne sider-blandingar, og me vil prøva å laga eit nytt produkt kvart år. Ellis bitter skal gi ein karakteristisk, bitter ettersmak. Me vonar den vil vere med å gi eit større smaksbilete hjå oss, seier Trine.

Drøymer om smakskonsept

Nedre Røste Gard ligg på Hjuksebø i Notodden, midt mellom kysten og høgfjellet. Trine og Ole Christoffer drøymer om å laga eit konsept der menneske kan møta både produksjon, natur og smak.

– Me vil utvikle eit besøkskonsept for grupper, litt som slike tilbod dei har på vingardar elles i verda, seier Ole Christoffer.

Dei vil tilby omvising og sider. La norske ostar og lokal sjokolade vere ein del av smaksopplevinga på garden.

– Me drøymer også om eit samarbeid med smakskresne kokkar. Nokon som kan vere med på å utvikle smak og tørrheit i sideren, og korleis den kan passe saman med maten eller osten som blir servert, seier Trine.

Dei meiner at den norske sideren begynner å få ei viss internasjonal anerkjenning. Kan Noreg bli både ein matnasjon og ein drikkenasjon?

– Mat og drikke er ein sentral del av opplevinga når ein er på reise. Me må tore å slå oss sjølve på brystet. Me kan også tilby noko eksotisk, seier Ole Christoffer.

Stikkord denne saka: ,