Storfe: Tor Wincent Byberg har drive med gris i «alle» år. Med det nye ammekufjøset har han også lagt til storfe i husdyrporteføljen.

Tor Wincent Byberg ville gå frå poteter og korn til gras. Dermed bygde han seg like godt eit nytt ammekufjøs.

Sjur Håland

Grisen har fått selskap med drøvtyggjarar på garden til Byberg på Klingsheim på Rege i Sola. Sist i november vart det arrangert fjøsopning i ammekufjøset til Byberg. Bonden har drive med kombinert produksjon i ei årrekkje. Dermed har jorda kunna nyttast til poteter og korn.

– Siste åra har det ikkje nytta med poteter her hjå oss. Anten druknar potetene, eller så renn jorda vekk utover hausten, fortel han.

Heller gras

Med dei uføreseielege vekstsesongane, vil 55-åringen nå heller dyrka gras til eige bruk.

– Klart eg kunne produsert silofôr for sal, men grovfôrprisane er varierande, eg vil heller produsera til eigne dyr, argumenterer han.

Bonden tar turen oppi ein av bingane i det nye fjøset, legg eine armen kring ein to vekers ung kalv og klør han i nakkegropa, medan kua står rett ved og følgjer nøye med. Frå fjøset vart teke i bruk i september, har han fått tre nye kalvar.

– Så kjem det nokre kalvar til kring nyttår. Enkelte vil ha konsentrert kalving i ammekuproduksjonen sin. Eg vil sjå det an og prøva meg litt fram.

Eit jamt sig med nysgjerrige bønder var innom på opningsdagen. Dei fekk servert grillmat, byggeinfo og eit par blå plasttrekk til å ha over skoa.

– Eg har alltid likt storfe. Me hadde storfekjøtproduksjon tidlegare, seier verten, med fartstid i yrket frå 1991. Det meste av jorda på garden blir nå brukt til grasproduksjon. I tillegg leiger han ein gard med 40 dekar beite, som no skal nyttast av eigne dyr.

Nysgjerrig på nytt: Eit jamt sig av skuelystne stakk innom nyfjøset på opningsdagen

Ikkje feil hest

– Marknaden er i endring. Er du redd for å ha satsa på feil hest?

– Nei. Eg reknar med at det er tørken som har ført til den store pågangen på storfekjøt siste tida. Då eg starta planlegginga av fjøset var det 8-10.000 tonn for lite storfekjøt i den norske marknaden.

Fjøset er bygd med god plass til 52 mordyr pluss påsett og full framfôring av oksar.

– Eg startar forsiktig. Det blir ikkje fullt trykk i bingane dei første åra, eg må læra etter kvart og bygga opp produksjonen.

Påsett: Fjøset har plass til 52 kyr med fullt påsett. Denne kalven synar alle teikn på å ha funne seg godt til rette

Hummar og kanari

Dyra i nyfjøset er av ulike rasar.

– Ja, her vart det litt hummar og kanari. Eg hadde bestemt meg for charolais, men så kom eg over ei heil besetning med ulike dyr, som var for sal. Dyra her kjem i hovudsak inn under kategorien tung rase.

– Fjøset er flunkande nytt. Men er det likevel noko du kan seia du er ekstra nøgd med alt no?

– Det er, som du kjenner, fantastisk luftig i fjøset. Slik var det ikkje før, då me hadde oksar i eit båsfjøs. I tillegg er det stilt og roleg, det verkar som om dyra trivst svært godt.

Fôrar med hjullastar

Den breie fôrgangen gir høve til fleire mekaniseringsalternativ. Førebels har han valt å bruke minilastaren til handtering av grovfôret.

– Fullfôrvogn kan bli eit alternativ fram i tid. Nå startar eg forsiktig, prøver meg fram og tar litt om gongen.

Gjødselkanalane under fjøset har plass til kring 500 kubikkmeter husdyrgjødsel. Resten pumpar han inn i gjødsellageret under grisehuset, der han har ledig kapasitet. Byberg er ikkje arbeidssky. Alt av grunn- og betongarbeid på det tusen kvadratmeter store bygget har han gjort sjølv, medan eit byggefirma har teke seg av overbygget.

– Dei siste rekningane har ikkje kome inn, men eg reknar med at sluttsummen ikkje kjem til å enda på særleg mykje over fire millionar kroner. Om du inkluderer dyra, vil samla investering truleg enda på kring fem millionar kroner.

– Har du fått tilskot til bygginga?

– Det har det blitt mindre av. Feil alder, feil kjønn og feil plass, så det kunne eg berre gløyma, smilar han.

Arbeidshjelp: Minilastaren lettar arbeidet med grovfôrhandteringa

Enkelt og funksjonelt

Det er Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA), som har levert innreiinga til fjøset. Per Arvid Ueland er Salskonsulent storfe med særleg ansvar for ammeku og ungdyr.

– Dette er eit kaldfjøs med naturleg ventilasjon, med gardin frå Munters. Frontane i innreiinga er kraftige og berekna for ammeku. Dei kjem frå det danske firmaet Orla Hansen, medan DeLaval har levert båsar og gitter elles, forklarer han.

Kanalomrøraren er av merket Landia. Ueland kommenterer at Byberg har valt enkle, trygge løysingar.

Per Arvid Ueland

– Enkelt og funksjonelt. Med oksebingar med spaltegolv, lenger nede i rekka kjem ungdyravdelinga med liggebåsar, før du kjem rundt på andre sida der mordyra og kalvane held til.

Felleskjøpet har selt innreiing til fleire ammekufjøs både på Jæren, i Egersund og i Lund siste tida.

– Ammeku er eit spanande satsingsområde. Med dette fjøset vil me visa at FKRA leverer gode løysingar med fleire valmuligheiter også i ammekuproduksjonen, held han fram.

Stikkord denne saka: ,