BN+

Uredd satsing: Stig overtok garden i ei tid kor pilene peika oppover og framtida var full av moglegheiter - for dei som torde gripe sjansen.

Ser alltid framover



Stig Gimre satsa frå første dag då han overtok i 2000, berre 25 år gammal. No har han og kona Kari bygd opp ei solid drift der heile driftsopplegg er basert på eit godt og rimeleg grovfôr.


Liv Kristin Sola


Mykje var i endring då Stig Gimre overtok heimegarden for snart 20 år sidan. Kjøp og sal av mjølkekvote var så vidt i gang og samdrifter vaks fram som eit høve til å utvide produksjonen. Overskrifta var fleksibilitet, produksjonsmoglegheiter og volum. Mange avvikla. Andre fekk auka handlingsrom til å effektivisere og vekse. bEin moglegheit mange, ikkje minst på Jæren, greip fatt i med begge hender.

Ungt pågangsmot

Stig starta med 190 tonn i kvote og 70 purker. Han fekk avtale om samdrift og auka kvoten til 400 tonn. Kampen om jorda var ikkje så tøff som no, og den unge bonden fekk kjøpt litt jord i tillegg til leigejord med langsiktige avtalar.
Båsfjøset vart bygd om til 62 mjølkebåsar, medan planar for eit nytt lausdriftsfjøs tok form, med god hjelp frå danske rådgivarar. Rett før nyttår i 2001 stod lausdrifta klar til innflytting. Fjøset har plass til 150 kyr, fullt påsett av kviger og mjølkekarusell med 24 plassar.


– Eg var innom tanken på mjølkerobot, men dei var ikkje godt nok utvikla den gong, seier Stig.


I ettertid har han aldri angra – mest på grunn av låge driftskostnadar samanlikna med mjølkerobot. Kvart andre år har dei ein omfattande service, med ein mindre gjennomgang åra innimellom. Dei to servicane kostar i snitt 60.000 kroner i året. Stig meiner tilsvarande kostnad for to robotar fort ville tredoble seg.


– Alt er jo dyrt i mine auge, men eg meiner økonomien er betre med karusell for vår del, seier han.


Han har ein fast mjølkar som brukar to timar morgon og kveld for å mjølke 100-110 kyr, spyle, vaske og fli i båsane.


– Mjølkinga er ein del av det daglege arbeidet – og så er det noko med det å ha kontakt med dyra og sjekke jura kvar dag, seier Stig.

Motstraums

Frå 2015 har kvoten vore på 900 tonn. Steg for steg har Kari og Stig bygd seg opp til å bli eit av landets største husdyrbruk. Eit godt grovfôrgrunnlag og stor etterspurnad etter storfekjøt gjorde at dei bygde oksefjøs i 2008. Ni år seinare bygde dei eit nytt oksefjøs og dobla produksjonen av storfekjøt.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , , , ,