Nøgde: Arve, Jorunn og Daniel Vignes er nøgde med lausdriftsfjøset på garden. Ein lettare kvardag med betre oversikt, konkluderer dei.

Testar nytt kraftfôr med kårfolket

31. oktober 2022

Daniel tok over heimegarden i 2020. Men fulltidsbonde blir han først når avløysarane gir seg. I mellomtida er kårfolket med og testar kraftfôr for arbeidsgivaren hans.

Jane Brit Sande

Daniel Vignes driv familiegarden Skarabø på Finnøy i Rogaland. Dagleg er han salssjef i Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA). Han tok over garden etter foreldra, Arve og Jorunn Vignes, i 2020. Dei er tilsett på garden, og har det daglege ansvaret for drifta.

– Me held fram slik, så lenge mor og far synest det er greitt, seier Daniel.

God planlegging

Snautt to månadar før Daniel tok over garden, stod lausdriftsfjøset klart. Kvar veke i eitt år sat han saman med faren, der dei drøfta idear, teikningar, problemstillingar og løysingar, før dei landa korleis fjøset skulle bli. Tilfelle gjorde at dei naudsynte brikkene falt på plass slik at dei kunne sette i gong med å bygga fjøs.

– Me fekk tak i leigekvote og -jord, foreldra mine fekk innvilga tidlegpensjon, og me fekk tilskot frå Innovasjon Norge til bygginga, seier Daniel.

Faren, Arve, var rådgivar i Tine fram til han gjekk av med pensjon i 2019. Jorunn dreiv garden.

– Kvardagen min no, er som då eg hadde ferie medan eg var i arbeid. Kona er framleis sjefen i fjøset, seier han.

Gardsfakta:

Daniel Vignes driv gard på Finnøy i Rogaland, saman med foreldra Jorunn og Arve Vignes.

Han tok formelt over garden i 2020, men foreldra har halde fram med å ha det daglege ansvaret for drifta. Daniel er også salssjef kraftfôr i Felleskjøpet Rogaland Agder.

Mjølkekvoten er på totalt 365 tonn. Av dette er 220 tonn leigekvote. Familien sel oksekalvar som Gourmetkalv når dei er mellom seks og sju månadar. Dei kjøper også oksekalvar frå nabobønder. Totalt slaktar dei kring 40 oksekalvar i året. Det er også 30 vinterfôra sauer på garden.

Mykje lys: Fjøset er konstruert slik at dagslyset fløymar inn. På fôrbrettet legger bøndene ut heile rundballar, og så ordnar dyra rester sjølve.

Klar for å toppe laget

I det gamle fjøset var mjølkekvoten på 140 tonn, og gradvis har dei auka til 365 tonn.

– Talet på timar i fjøset er det ikkje stor skil på, trass i at produksjonen er meir enn dobla, seier Daniel.

Den gradvise auken i produksjonen gir fleire fordeler.

– Det gir oss høve til eigenrekruttering, og me unngår «importsjukdommar » i fjøset og å låne pengar til livdyr. Me har planlagt produksjonen, utsett kalvingar og samla opp kviger, seier Daniel.

Etter tre år i lausdriftsfjøset kan dei snart toppe laget.

– Me har hatt lite trøbbel, men det skal bli godt å sortere ut nokre av dei kyrne som ikkje fungerer så godt, seier Daniel.

– Det er far som har kontrollen på kva kyr som skal først ut, seier han.

Den grovare strukturen verkar appetittvekkande på kyrne.

Daniel Vignes

Prøvekanin for arbeidsgivaren

Som éi av ti besetningar, har Finnøygarden vore testbesetning for FKRA si nye kraftfôrblanding FK Premium Mysli. Bøndene har testa blandinga sidan mai.

– Blandinga er utvikla for høgtytande besetningar, og er ein ny blanding i Formel Premium-serien, seier Daniel.

– Den inneheld 20 prosent valsa bygg, blanda med 80 prosent pellets, og har eit høgare innhald av mjølkedrivande næringsstoff.

Valsa byggflak har ein grovare struktur enn bygg som er malt og deretter pelletert.

– Den grovare strukturen verkar appetittvekkande på kyrne, og gjer at stivelsen bryt langsamare ned i vomma. Det er positivt for høgtytande kyr som står på relativt høg kraftfôrmengd, seier Daniel.

Utviklinga av blandinga har vore nokså hemmeleg, fram til lansering i slutten av september.

– I fjor fekk me ei ny strukturlinje på fabrikken, for å lage mysli-fôr til rugeeggproduksjonen. Det var ei kostbar investering, og derfor ville me sjå om me kunne nytta strukturlinja til fleire dyreslag. Mysli er mykje brukt i Danmark, så dette er ikkje noko nytt, seier salssjefen.

Dreiv garden: Fram til Daniel tok over garden, og Arve gjekk av med pensjon frå jobben i Tine, var det Jorunn som dreiv garden. No har ho selskap av mannen. Hjå kalvane er ho sjefen.

Nytt: Daniel har vore prøvekanin for arbeidsgivaren, og testa eit nytt kraftfôr i eiga besetning. Han er nøgd med resultatet så langt.

Meir feitt

Arve og Daniel har samanlikna næringsinnhaldet i mjølka dei leverte i sommar, med den dei leverte i fjor.

– I fjor klaga eg på feittinnhaldet. Eg tykte det var for lågt, seier Arve.

– Det er normalt at feittprosenten daler i beitesesongen. Hjå oss falt det ned til mellom 4 og 4,2 prosent, seier Daniel.

I beitesesongen i fjor fekk kyrne Roesuper og Premium 80.

– Ein nokså vanleg fôringsstrategi til den tida av året, seier Arve.

I år har kyrne fått Premium Mysli og Kjernesuper i kraftfôrserveringa, mellom to og fire kilo Kjernesuper og opp til ni kilo Premium Mysli. På fôrbrettet har dei fått forsyne seg av fjorårets grovfôr frå første- og andreslått. Grovfôrprøvane var på 0,92 FEm.
I år vart Arve meir nøgd med feittinnhaldet i mjølka.

– Det kom opp på 4,6-4,8 prosent. Det er spanande med så god effekt allereie første året, seier han.

– Me er nøgde med eit høgare feittinnhald i mjølka, men det er ikkje gitt at mysli-kraftfôret er einaste årsak. Kjernesuper har også påverknad på feittprosent i mjølka, det same med beite, påpeiker Daniel.

Dei erfarer at dyra både likar og toler det nye kraftfôret.

– Me ser at det er betre kutrafikk inn i mjølkeroboten. Når kyrne er ivrige på meir kraftfôr, er det eit teikn på at smaken er god, seier Arve.

– Ein god konsistens på avføringa tyder på at dei toler kraftfôret, og har eit god vommiljø, seier Daniel.

Når kyrne er ivrige på meir kraftfôr, er det eit teikn på at smaken er god.

Arve Vignes

Kalvar ute

Kalvingane er spreidd utover året, med flest om våren og sommaren. Det er på ingen måte tilfeldig.

– Då får me med oss sommarmjølkbetalinga, seier Daniel.

– Dessutan er det best viss kyrne kan kalve ute, seier Arve.

– Det er heilt suverent, seier han.

Kyr som nærmar seg kalving, blir flytta til eit beite der bøndene har god oversikt og kontroll. Dyra ordnar seg sjølve.

– Å la kua kalve ute, gir eit lågare smittepress for ku og kalv, samanlikna med miljøet inne i fjøset. Me flytter dei sjølvsagt inn viss det er meldt uvêr, men dyra toler godt regn, seier Arve.

Utekalving har vore praksis på garden i fleire år, men meir medvite dei siste åra, fortel bøndene.

– Dette er også lettare for oss, seier Daniel.

– Me har god oversikt over beitet dei kalvar på, og så snart kalven er fødd treng me berre sjå etter at den pattar, seier han.

Ku og kalv går saman ute på beitet i om lag eitt døgn, før dei blir flytta. Då blir kalven sett i kalvehytte på eit uteområde.

– Me erfarer også at nervøse kviger blir rolege når dei får gå saman med kalven sin, seier Arve.

Kalvesjefen Jorunn har styringa på kalvane.

– Eg vi helst ha dei ute så lenge dei får mjølk, i maks to månadar, men det hender det blir fullt. Då må dei inn i fjøset litt tidlegare, seier ho.

Kalvehyttene står på rekke. Det er rikeleg med halm i underlaget, og eit par av dei har også fått kalveteppe.

– Dei kan fort bli kalde den første tida, seier Jorunn.

Avløysar med eit mål

Jorunn og Arve er innstilte på å halde fram med det daglege ansvaret ei stund til. Kvardagen i lausdriftsfjøset er langt mindre belastande no, enn i båsfjøset.

– Eg har to mål eg skal i hamn med, før eg gir meg, seier Arve.

– Feittprosent skal opp på fem. Alle kyrne skal vere kolla.

Stikkord denne saka: ,