Sporefritt: Bonde Per M. Moland og Karin Repstad Spanne frå Tine med det sporefrie andreslått-surfôret frå tårnsiloen.

Vart kvitt sporane

Per M. Moland frå Vikedal måtte skifte ut grovfôret for å kvitta seg med alvorlege sporeproblem i vinter. Bakteriane synte seg å liggja i fôret frå førsteslåtten.

Sjur Håland

Han kunne risikert eit trekk på 105 øre literen (2.klasse trekk + tap av e-mjølk tillegg) eller meir, men unngjekk trekk i mjølkeoppgjer så vidt det var.

– Det skuldast nok mest at me ikkje venta på resultata frå fôrprøvane før me skifta fôr, summerer Per, fire månadar etter at sjauen starta.

Hopp i brystet

Då meldinga om høgt sporeinnhald kom i månadsskiftet november desember, gjorde hjarta eit ekstra hopp i brystet til bonden. Han kontakta Tine sin rådgivar, Karin Repstad Spanne.

Gardsfakta:

Karine Anette Orset Klæboe og Per M. Moland driv gard på Mo i Vikedal i Vindafjord kommune. Det aller meste av jorda er fulldyrka. Eigd og leigd dyrka areal til grovfôrdyrking utgjer 280 dekar. Mjølkekvoten er 305.000 liter i 2019. Middelyting ligg på kring 10.000 kilo. Fjøset frå 2008 har mjølkerobot og 54 liggebåsar.
Framfôring av rekrutteringsdyr, livdyr til sal og slakteoksar finn stad i den eldre driftsbygningen på garden.

– Dette var eg ikkje van med, seier Per. – Karin roa meg ned, og sa at «høg» éin gong ikkje trong å vera så skummelt. Men skummelt vart det. Etter kvart kom resultat frå fleire prøvar. Dei svinga mellom «høg» og «låg» og «middels». Per var i jamleg dialog med Tine-rådgjevaren.

– Eg kan ikkje skryta nok av henne, seier han.

Snart oppdaga han at vaskekoppen på mjølkeroboten ikkje virka som han skulle.

– Den ga for lite vatn, noko som må ha skjedd gradvis over tid. Ein reguleringsventil var delvis defekt. Roboten vaska spenane mest utan vatn. Eg retta feilen, pusta letta ut og sette mi lit til at årsaka til det høge sporenivået låg her.

Vask og slakt

Ny ventil endra likevel ikkje på sporenivået i mjølka. I samråd med Karin, byrja han med andre tiltak.

– Delar av fôrbrettet byrja å bli grodd og sleipt. Eg vaska fôrbrettet og drikkekara, og slakta to kyr der mjølkeroboten måtte bruka mykje luft og mange forsøk for å få spenekoppane på.

Det hjelpte heller ikkje. Vask av robotgolvet etter annan kvar mjølking i staden for etter kvar tredje, og bruk av strø var andre tiltak, utan effekt.

– Per ligg i utgangspunktet i beste enden når det gjeld reinhald i denne typen robotfjøs. Han har batteriklipparen i lomma og klipper jura jamleg. I tillegg har han skraperobot. Med reine spenar og jur, skal mjølkeroboten fint greia resten før påsett, seier Karin, som har sitt spesialområde innan mjølkekvalitet og hygiene.

Grovfôret er utgangspunktet

Ho held fram at deira erfaring er at det er nærast umogleg å unngå høgare sporetal i mjølka med mindre dei greier å fjerna utgangspunktet for sporane.

– Dermed snakkar me om grovfôret, seier ho.– Om dei andre tiltaka kan ha ein positiv effekt på jurhelse og velvære, er det fôret som må skiftast ut. Sporane går gjennom meltingssystemet, ut i gjødsla og inn i mjølka. Er sporenivået i fôret høgt, er det mest uråd å halda jur og spenar reine nok. Du må i tilfelle ha eit manuelt system der du brukar god tid og vaskar jur og spenar reine manuelt før kvart einaste påsett.

Reint: Per M. Moland er nøye med jurklipping og generelt reinhald i fjøset sitt. Her er vaskekoppen på DeLaval-roboten i aksjon.

Tok prøvar

Fôrprøvar vart tekne av tredjeslått rundballar, første- og andreslått i plansiloen og av fôret i tårnsiloane. Alt før svara frå laboratoriet var klare, kutta Per ut fôret frå plansiloen til mjølkekyrne og byrja med tårnsilofôret.

– Tungvint i vårt opplegg, men nødvendig. Då snudde også trenden i mjølkeprøvane, seier han.

Det synte seg at sporane skreiv seg frå førsteslåtten i plansiloen.

– Det var overraskande. Eg ville trudd at det infiserte fôret høyrde til andreslåtten. Då var det ekstremt tørt, avlingsnivået var elendig og me måtte bruke raka på område der husdyrgjødsla mest ikkje hadde fått regn. Her var fôret bra, medan første slåtten, som ikkje vart raka, hadde sporar.

– Korleis forklarer du det?

– Nei, det kan eg ikkje forklara, svarer han, og snur seg mot eksperten i Tine.

– Sporebakterien, Clostridium tyrobutricum, finns naturleg i jord og vatn. Dei kan dannast i hopetal ved feilgjæring, eller følgja grovfôret inn i siloen. Fleire har fortalt at det låg ei støvsky bak hausteutstyret etter førsteslåtten 2018, då det var så tørt. Jordstøv kan vera svaret. Eksempelet frå denne garden, denne sesongen, synar kompleksiteten. Det er ikkje alltid lett å finna kjelda til sporeproblemet og kva tiltak som vil gje best effekt når nytt fôr skal haustast i sommar, seier ho.

Lessevogn og snittar

Det er ein entreprenør som presser rundballane, her blir det alltid raka. Per bruker elles lessevogn i plansilo-slåtten, medan han brukar finsnittar i graset som skal i tårnsiloane. Karin rår mjølkeprodusentane til å vera tidleg ute og ta ut fôrprøvar av dei ulike slåttane.

– Kryss av for hygienisk analyse, eller kryss i det minste av for smørsyresporeanalyse. Då kan du skilja parti med lågt nivå, slik at du veit kva fôr du kan ty til om sporenivået i mjølka aukar, seier ho.

– Så veit eg at eg frå denne sesongen skal gå frå Grasaat til Kofasil LP som ensileringsmiddel i plansiloen og i rundballane, legg Per til.

Bør ha fôrbuffer

Tine-rådgjevaren erfarer at det er mange bønder med sporetrøbbel, som ikkje har høve til å skifta fôr, slik Per M. Moland hadde. Særleg i eit dårleg fôrår, slik det har vore dei to siste åra.

– Nokre kan kanskje berga naudsituasjonen ved å plukka ut dei delane av fôrlageret der dei veit at husdyrgjødsla fekk regn, eller det partiet som ikkje vart raka. Andre må rett og slett ut på bygda og sjå om det er fôr å få kjøpt, eller om du eventuelt kan byta fôr med ein kjøtprodusent der silofôret er ok, seier ho.

– Er det gambling å legga alt i ein stor plansilo, Karin?

– Mitt råd er at du prøver å ha eit buffer-fôrparti der mest mogleg er optimalisert, og som kan fungere som eit naudlager (med nok Kofasil og gjerne utan husdyrgjødsel). Blaut husdyrgjødsel tidleg spreidd, høyrer med blant råda. Syt for at den som køyrer med riva skrur av musikken og køyrer med opne vindauga. Så tilrår me vidare ti centimeter høg stubb.

– Kva med bruk av lessevogn, Per?

– Enkelte er skeptiske. Hjå meg handlar det om kapasitet og evne til å få gjort jobben i ein fart utan å vera avhengig av fleire andre. Eg ser normalt ingen skil etter tre sesongar med lessevogn i forhold til då eg brukte finsnittar.

Reint II: Skraperoboten er ei investering som lettar reinhaldet i fjøset.

Gardsdrifta:

Per M. Moland driv garden sin på Moland på Mo i Vikedal saman med kona, Karine Anette Orset Klæboe, som er lærar på Ølen vidaregåande skule. Dei to har barna Ingeborg og Anders. Per si dotter frå eit tidlegare forhold, Katrine, bur i Oslo. Ein treng ikkje vera ekspert på dialektar for å høyra at Per ikkje er oppvaksen i Vikedal. Han er vestfolding, men med både mor og far frå Vikedal.

– Forklaringa på kvifor eg hamna her, er at eg i 1991 flytte frå Vestfold og tok over garden etter to av far sine brør, som dreiv garden før meg. Garden mor kjem frå, paktar me nå, fortel han.

Leiger beite

Garden ligg 65 meter over havet. Jorda skifter frå sandjord nede ved elva til moderat steinrik morene oppe på Moen-flata, midt på den store sletta, midt i grenda Mo. Alt er dyrka, dermed er det ikkje naturleg å driva med sau. Kring 50 kviger, med stort og smått, beiter i området i sommarhalvåret.

– Me har litt beite sjølv, men mesteparten av det som trengs av beite til kvigene, leiger me. Gratis faktisk. Dei som har beite nær eigedomane sine er opptekne av at områda skal sjå godt ut og ikkje gro att. For dei er det stas med beitedyr.

God plass

I tillegg til eigen gard på 135 dekar, leiger dei to gardar, for å få nok dyrka mark. Til saman haustar dei gras på 280 dekar. Produksjonen på garden er mjølk, storfekjøt og livdyrsal. Mjølkekvoten var i fjor på 325.000 liter. For 2019 er forholdstalet redusert frå 104 til 98.

– I år må me førehalda oss til ein produksjon på 305.000 liter, fortel bonden.

Lausdriftsfjøset med tilhøyrande mjølkerobot var nytt i 2008. I fjøset er det 54 liggebåsar.

– Dermed har me god plass. Det er sjeldan talet på mjølkekyr er over 40, seier Per.

I tillegg er det plass til småkalvar og nokre få kviger i fjøset, som har fôrbrettet langs eine langsida. Her er det ein port i kvar ende. Fôringa skjer med to veteranar. Ein Volvo 430 og ei Underhaug avlessarvogn.

Meir kraftfôr

I den eldre driftsbygningen på garden held kvigene og oksane hus.

– Me må selja litt, for å få plass. Mellom fem og ti kalvar blir selt gjennom året. Resten fôrar me opp sjølv.

Oksane blir slakta ved 17-19 månadars alder. Då ligg dei kring 320-330 kilo slaktevekt.

– I vinter har oksane blitt fôra med meir kraftfôr enn vanleg grunna fôrsituasjonen. Me har vore oppe i sju kilo Formel Biff Intensiv per dyr og dag, noko oksane taklar fint. Med så stor kraftfôrrasjon sparar me grovfôr, sjølv om me fôrar etter appetitt.

Lite grovfôr førte til at Per prioriterte å heller bruka meir kraftfôr enn å kjøpa større mengder grovfôr. I sum har han kjøpt 35 tonn grovfôr frå ein produsent som hadde meir enn han hadde bruk for.

– Då har eg betre kontroll med fôrkvaliteten og veit kva eg har å rutte med, seier han.

Høg yting

Ein besøkjande som ikkje er ekspert på avl og eksteriør, kan likevel sjå at NRF-kyrne er store, vel proporsjonerte med fine jur. Ytinga ligg på kring 10.000 kilo per årsku.

– Men ikkje i fjor. Då var fôret så dårleg at ytinga fall eit stykke med på 9.000-talet.

– Med så pass høg yting, er du vel oppteken av å dyrka godt fôr?

– Ja, det prøver eg på. Anja Våg Skjold frå Tine er ofte innlogga og justerer fôrtabellane på mjølkeroboten ut frå grovfôrkvalitet, mjølkekurve og andre omsyn.

Også i avlsplanlegginga blir ytingsnivået prioritert, saman med lynne. Gjennom året blir nokre nykalva kviger selt. Per held fram att kvigene skal visa at dei kan mjølka godt før dei blir selde.

– Nå er nivået der det skal vera. Å få nok kalvar til kjøtproduksjon, rekruttering og livdyrsal er også ein viktig del av driftsopplegget. Dermed er det ikkje om og gjera at dei mjølkar meir enn no, seier Per.

Sjølvmelding

Mest nøgd med:

Om me held oss til fôringa, vil eg seia at plansiloen med asfaltdekke og betongkantar fungerer fint. Det er reinsleg, godt å sleppa all plasten, og enkelt å fôra.

Gjort annleis:

Eg skulle gjerne hatt meir styring på vêret, men det går det vel ikkje an å svara. Ei bandfôring over fôrbrettet som på litt sikt erstattar traktoren og avlessarvogna, kan vera eit anna svar.

Råd til andre:

Det finns lite fasitsvar. Drifta må tilpassast den du er og kor garden din ligg. Eg er heldig og har det lagleg med 200 dekar av slåttejorda kring plansiloen.

Stikkord denne saka: ,