Fire på rad: Inga Lill Rossevatn, Thor Henning Vatland, Ole Petter Ljosdal og Nils Ørjan Hamre er alle del av Nortura Klyppeteam, og tilbragte fleire veker saman i New Zealand. (Foto: Nils Ørjan Hamre)

Ole Petter Ljosdal reiser til New Zealand for å bli ein betre saueklippar.

Jane Brit Sande

I desember vendte Ole Petter Ljosdal snuten mot New Zealand (NZ) for tredje gong. Målet for ungdomen frå øya Brimse i Rogaland er alltid å kome heim som ein betre saueklippar. Mengdetrening og lagarbeid er viktige faktorar.

– Det er bånn gass, kvar dag, seier Ole Petter.

I løpet av to månadar i NZ klipte han 7-8 000 sauer. På same tid i Norge, klipper han 2-3000 sauer.

Klippeteam

Heime i Norge er Ole Petter del av Nortura Klyppeteam, og reiser stort sett åleine frå gard til gard. I New Zealand er han tilsett i eit saueklipparfirma. Der er han del av eit team, saman med opp til sju andre klipparar. Eit team på åtte klipper gjerne 2000 sauer i løpet av ein arbeidsdag.

– I kvart team er det klipparar på forskjellige nivå, og det er alltid med ein lærling. Me lærer av kvarandre, og det blir alltid litt konkurranse mellom klipparane, seier Ole Petter.

– Ingen av oss norske er best, viss klipparar frå NZ er med i teamet. Eg lærer noko nytt, og blir litt betre kvar dag. Men eg når nok aldri til topps, innrømmer han.

Forutan klipparar, er det også ullsorterarar med i teamet. Dei får unna ulla etter kvart som klipparen jobbar, og sorterer den effektivt og korrekt.

Lettare om sommaren

På andre sida av jorda klipper dei sauene om sommaren. Det gjer arbeidet lettare for klipparen, skal me tru Ole Petter.

– Når ulla er varm, er den lettare å handtere. Er lanolinen i ulla kald, er den vanskelegare å handtere, og det blir fysisk tyngre for klipparen.

– I tillegg er dei norske sauene tyngre enn dei på NZ. Halekupering er også vanleg praksis, noko me ikkje ser her heime, seier Ole Petter.

I sving: Ole Petter Ljosdal og Inga Lill Rossevatn i full sving i eit av mange klippeskur. Foto: Nils Ørjan Hamre

Stort sett klipper han ein kvit krysningssau, men også ein del sau av rasen romney.

– Me får prøvd oss på forskjellige rasar. Ein dag klipte me feitthalesauer, som er heilt annleis å arbeide med. Med lite feitt i ulla, må utstyret smørast heile tida, seier han.

Beiter utan ly

Med tusenvis av sauer på kvar gard, blir driftsopplegget noko annleis enn kva me er vane med i Norge.

– Dyra beiter på svære område, utan høve til å søka ly, heile året. På gardane er det strategisk plasserte skur, men dei er ikkje til sauene. Dei er til klipparane, seier Ole Petter.

I skura er det laga til klippestasjonar med fastmonterte klippemaskinar. Klipparane har berre med seg eigne handstykker.

– Her heime er me inne i fjøset saman med bonden og kanskje nokon hjelparar. Me står sjølve for alt naudsynt utstyr, og bonden sorterer ulla, seier Ole Petter.

Enkle kår

Det er ikkje betalinga som lokkar klipparen på langreis.

– Me fekk riktignok eit lønshopp i år, men jobben er fortsatt mykje dårlegare betalt enn heime. Betalinga er på 1,80 NZ dollar per sau, snautt 11 kroner. Her i Rogaland ligg betalinga på mellom 35 og 45 kroner per sau, seier Ole Petter.

I NZ bur klipparane samla, i husvere som er eigd av firmaet dei klipper for. Dei har eigen kokk, som syter for frukost, matpakke og middag.

– God og næringsrik mat, som me sjølvsagt må betale for, seier Ole Petter.

Dei bur to til seks personar på same rom. Dagane startar tidleg.

– Me blir henta mellom fem og halv seks om morgonen, og køyrt ut til garden der me skal klippe den dagen. Klokka er gjerne seks før me er heime igjen.

 

Mjuk pause: Ullpressar Murray slappar av i ullhaugen i lunsjpausen. (Foto: Ole Petter Ljosdal)

Ikkje for pyser

Klippesesongen i New Zealand går over fleire månadar. Høgsesong er typisk frå november til mars og frå juli til september. Arbeidsdagen blir fort åtte til ni timar lang, berre avbrote om det regnar og sauene blir våte, eller om dei blir ferdig med alle sauene før tida.

– Dette er ein jobb dei færraste blir gamle i, seier Ole Petter.

– Det er fysisk tungt og krevjande. Kroppane seier stopp på eit tidspunkt, det er berre naturleg.

Klar for ny tur

Første gong Ole Petter reiste til NZ, var han nybegynnar og hadde ikkje klipt meir enn kring 200 sauer.

– Erfaring er ikkje eit krav, ein får mykje god trening der. Men skal ein halde følgje, bør ein nok greie mellom 15 og 20 sauer i timen, seier han.

Neste tur er allereie planlagt, og i desember går ferda sørover att.

– Det blir same opplegget, fjerde år på rad. Eg har eige utstyr der nede, som ligg klart, seier Ole Petter.

Stikkord denne saka: ,