BN+

Til uro og irritasjon: Flugene er til stor irritasjon for dyra. Dei ber med seg smitte og angrip spesielt sjuke dyr kor dei kan gi store sår og betennelse i huda.


Når flugene dukkar opp utpå sommaren er det lett å miste motet. Men du kan gjere små tiltak for å dempe flugeproblemet – og gjere det trivelegare for dyra i fjøset.


Tone Runhild Skadsem,
privatpraktiserande veterinær ved Tu veterinærkontor og rådgjevar i Fiskå Mølle.



Eg har aldri høyrt eit godt ord om fluger. Fluger er plagsame både for folk og ikkje minst for dyr. Det er ein evinneleg kamp å halde flugebestanden i sjakk, og for dei svært få, heilt fri frå hus og fjøs.
I det siste har eg observert kva ulike flugesortar faktisk kan gjere med eit dyr. Mykje fluger er dårleg dyrevelferd. Sjuke dyr er eit offer for flugekolonisering. Både fordi dyra gjerne har feber og fordi det ikkje kan røre seg normalt. På få timar kan skinnet til dyret få mykje sårskadar i huda som følgje av flugestikk. Det er smertefullt og skapar hevelse og betennelse i huda.
Fleire dyr har gjennom døgnet lang kviletid. Då landar fluga på dyret. Dyra blir urolege og kvilen blir ikkje den same. Under beiting er fluger også plagsame og fører til halevifting og uro hjå storfe. Mykje fluger, særleg stikkfluger, kan påverke tilvekst og trivsel negativt. Fluger kan også vere smitteberarar og ta med seg bakteriar både via tarmkanalen sin og utanpå kroppen. Fluger er ein viktig spreiar av nokre mastittbakteriar på storfe.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: