BN+

Halen etter amputasjon: Øydelagt vev er borte og sårkanten sydd saman.


Lamme lam er ikkje uvanleg. Årsaka kan vera at søya tråkkar eller bit på halen. Bakteriar frå såret set seg som ein verkebyll i ryggen, og lammet blir lamma i bakparten.


Asle Bjørgaas
34 års klinisk praksis i Voss, no praktiserande veterinær i Vaksdal og Modalen med vaktsamarbeid med Voss.


Det er alltid like trist å måtta avliva eit stort, fint lam fordi det er heilt lamma i bakparten og ikkje klarer å gå. I løpet av dei åra eg har vore i praksis er det ikkje få gonger eg har opplevd dette. Ved nærmare ettersyn syner det seg ofte i slike høve at halen er skada og betent. Dette er grunnen til at lammet ikkje klarer å gå. Lita tuve kan velta stort lass.

Årsak til haleskader

Haleskadar hjå lam kan oppstå på to måtar. Den mest vanlege årsaka er truleg at mora til lammet, eller ei anna søye, tråkkar på halen til lammet når det ligg. Det er gjerne ei oppkava og «vimsete» søye som gjer dette like etter fødselen. Lammet prøver å reisa seg, og ein ser at ein del av huda er borte og at det står att ein beinsplint i enden av halen. Halen kan vera meir eller mindre «maltraktert».

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

Kjøp abonnement her

Allereie digital abonnent?
Logg inn her

Sjå veiledning for korleis du bytar passord.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

Stikkord denne saka: , ,