Godt leie før lamming: Nokre søyer kan få problem med bein, bekken og elles i bevegelsesapparatet, særleg på slutten av drektigheita. Då er det godt å ha mogelegheit til å flytta dei til ein binge med mjukt underlag med talle. Foto: Istock / Wieland Teixeira
VETERINÆREN:
Mjukt leie til tunge søyer
No nærmar det seg lamming, og ein del søyer vert tunge og får vondt i bein og bekken. Det beste rådet for desse dyra, er at dei får vera på mjukt underlag.
Oddfrid Vange Bergfjord, privatpraktiserande dyrlege i Sogndal og Luster, og frilansjournalist for Buskap.
Lamtunge søyer med mange foster kan ha ei fostervekt på om lag 20 kg. Det gir stor belastning på bein og bekken. Er våren kommen og det er lageleg ute, kan ei god løysing vera å sleppa dyra ut. Går ikkje det, er talle eit veldig godt alternativ.
«Talle er eit veldig godt alternativ.»
Mjukt og sikkert
Storparten av sauene går enten på strekkmetall eller plastrister, men det er også nokon som har dei på talle heile innefôringssesongen. Det er fordeler og ulemper med alle underlag, men viss dyra får problem med å bevega seg, er det veldig godt å ha mogelegheit til å flytta dyra til eit mjukt underlag med god friksjon.
Når golvet er mjukt og stødig å gå på, vert det ikkje så vondt å gå i tillegg til at dyra har lettare for å holda balansen.
Søyer som ligg mykje på slutten av drektigheita, kan også få liggjesår i varierande grad, og slike sår vert det også mindre av viss dei får liggja mjukt.
Samarbeid om kjøp av halm
For å ha eit alternativ til dyr med problem i bevegelsesapparatet, er det derfor lurt å ha ein binge med talleløysing. Eg likar veldig godt å bruka halm til strø, så det å ha tilgang på halm, kan vera lurt.
Her i Luster organiserer sauebøndene felles innkjøp av halmballar. Då vert det mange å dela frakta med og følgeleg ikkje så dyrt.
Mjuke klauver på talle
Dersom dyra går på talle heile sesongen, må ein vera merksam på at det vert liten slitasje på klauvene i høve til strekkmetall, slik at klauvene må skjerast for å unngå at dei vert forvaksne. Klauvene er vanlegvis mjuke på talleløysing, slik at jobben med å klippe klauver går greitt.
Tilstrekkeleg med strø
Nokre kvir seg for å ha talleløysing viss dyra får surfôr fordi avføringa då vert blautare, men det bør eigentleg gå bra berre ein brukar tilstrekkeleg med strø for å halda det reint og tørt i bingen. Viss ein i tillegg får varmgang i tallen, vert det varmt å liggja på og fuktigheita fordampar.
Siste frå veterinæren:
