
Teikn på sjukdom: Vêrlam med typiske symptom oktober månad. Foto: Asle Bjørgaas.
Hjort, elg og rein er vertsdyr for spolormen Elaphostrongylus. Denne parasitten kan overførast til sau og geit som beiter i samme område som desse dyra. Smitta dyr blir ustøe og etter kvart lamma i bakparten.
Asle Bjørgaas
34 års klinisk praksis i Voss, no praktiserande veterinær i Vaksdal og Modalen med vaktsamarbeid med Voss.
Fyrste gongen eg kom i kontakt med denne sjukdomen var ei helg for om lag 30 år sidan. Eg hadde vakt i Vik i Sogn. Det var sanke-helg. Sundag kveld ringde ein fortvila bonde og fortalde at fleire lam hadde problem med å gå heim frå beite. Dei var ustøe og delvis lamma i bakparten.
To av lamma vart avliva og sende til Veterinærinstituttet for obduksjon. Diagnosen var infeksjon med larver frå spolormen Elaphostrongylus. Seinare dukka det opp liknande tilfelle av sjukdomen på Voss, der eg då praktiserte.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.






