
Mål for hold ved kalving: På slutten av laktasjonen har kyrne lett for å leggja på seg og bli i litt for godt hold. Denne kua har om lag 4 i holdpoeng. Mange kan setja seg mål om at holdet bør liggja stabilt mellom 3 og 3,5 ved kalving og ved avsining. Kyrne skal vera litt «kantete».
Unngå feite kyr
Rett hold gjennom laktasjonen er viktig for at kua skal ha god helse, oppnå ynskjeleg avdrått og bli drektig att i rett tid.
Oddfrid Vange Bergfjord,
privatpraktiserande dyrlege i Sogndal og Luster, og frilansjournalist for Buskap.
Det blir sett høge krav til mjølkekyrne med tanke på både å bli drektige att innan ei viss tid etter kalving, ha god helse og at mjølkeytinga er på det nivået ein ynskjer. For å lukkast med mjølkeproduksjonen er det viktig med rett hold på dyra.
Hold vert målt på ein skala frå 1 – 5 der 1 er avmagra, medan 5 er overfeit. Ein ynskjer at holdet skal vera mest mogeleg stabilt gjennom laktasjonen, og liggja mellom 3 og 3,5 ved kalving og ved avsining. Frå kalving til topplaktasjon er det normalt og ynskjeleg med eit holdtap på mellom 0,25 - 0,5 holdpoeng. Det er viktig at holdtapet ikkje er større enn 0,5 poeng. Det går utover fruktbarheita og helsa til dyra.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.







