Anaerobe sporar: Femten analyseresultat over fem månadar, og maks fire veker mellom to påfølgjande prøvar leiar til eit endeleg analyseresultat og eit grunnlag for avrekning, presiserer Tine

Sporeregelverket til Tine har vore grobotn for uvisse. Bønder fryktar kvalitetstrekk og stopp i mjølkehentinga.

Sjur Håland

No kjem meieriselskapet med ei presisering som synar at produsentane har greitt med tid til å setja inn tiltak før problema får økonomiske konsekvensar. Presiseringane frå Tine er knytt til lengda på oppfølgingane, talet prøvar og makstida mellom to påfølgjande prøvar.

Startar med tankbilprøve

Tine Råvare sitt regelverk kring aerobe og anaerobe sporar, skal forvaltast av deira fagavdeling. På Tine sitt fagmøte på Særheim først i oktober, vedgjekk Tine at reglane er kompliserte. Bondevennen har i etterkant av møtet snakka med mangeårig rådgjevar i Tine, Ingve Dubland, som har mjølkekvalitet som eitt av sine spesialområde.
– Mjølkeprodusentane kan senke skuldrane etter at Tine i slutten av september kom med presiseringane kring korleis sporeprøvane blir tekne, oppfølginga og korleis konsekvensane blir, meiner han.
Dubland forklarar korleis sporejakta går føre seg:
– Kvar månad blir det teke prøve av samlemjølka i tankbilen for både aerobe og anaerobe sporar. Dersom prøven på tankbilen er 3 (høg), blir det ved neste prøvetaking teke ut sporeprøvar på alle dei aktuelle gardstankane. I denne prøvetakingsrunden vil alle leverandørane til samlemjølka få svaret på analysane, anten resultatet er 0,1,2 eller 3.

Ingve Dubland

Ny oppfølgingsprøve

Dersom resultata her blir 2 (middels) eller 3 hjå produsenten, blir det ein ny oppfølgingsprøve ved neste ordinære prøveuttak. Oppfølginga hjå desse produsentane stoppar når resultata frå dei fire siste prøvane synar eit middel på 1,5 eller lågare.
– Blir det teke sporeprøvar på gardstankane utanom desse månadlege samleprøvane?
– Ja. Nå er rutinane at det skal takast minst to prøvar i året, styrt etter risiko. Det betyr gjerne ein prøve knytt til aerobe sporar i sommarhalvåret og ein prøve knytt til anaerobe sporar i vinterhalvåret. Framtidsmålet til Tine er prøvar kvar 14. dag.

Før femte dagen

Før oppfølginga på gardsmjølka startar, skal teljande analyseresultat vera 2 eller 3. Første prøven skal vere teken før den femte dagen i gjeldande månad.
– Dersom ikkje, blir det månaden etter som blir den første avrekningsmånaden. For å få eit analyseresultat der aerobe sporedannande bakteriar skal leggjast til grunn i avrekningsgrunnlaget, er kravet at det skal vera minimum seks analyseresultat over to månadar, og at det maksimalt skal gå tre veker mellom to påfølgjande prøveuttak.
– Kva med anaerobe sporar, som er mest aktuelt utover vinteren?
– Her er kravet at Tine skal ha minimum 15 analyseresultat over fem månadar, og at det maksimalt skal gå fire veker mellom to påfølgjande prøvar som leiar til eit endeleg analyseresultat og eit grunnlag for avrekning.
– Kva tid startar denne fem månadars perioden?
– Den startar når det blir registrert ein prøve på gardstanken din med resultat 2 eller 3.

Får telefonbeskjed

Ingve Dubland understrekar at om du får ein prøve som synar 2 eller 3, vil du få ein telefon frå meieriet.
– Dermed får du høve til å gå gjennom stoda i fjøs og fôrlager på eit tidleg tidspunkt for å starta arbeidet med å få ned snitt-sporetalet i oppfølgingsperioden. Mjølkeprodusenten som får varsel om høgt sporetal har sjølvsagt ansvar for å følgja med på sine tal, men Tine har også eit krav på seg i følgje regelverket, understrekar Ingve Dubland.
– Om meieriet tabbar seg ut under oppfølgingsperioden, skal det koma bonden til gode ved at ho eller han får enda lengre tid til å jobba ned talet på sporar før sporetalet får økonomiske konsekvensar.

Anaerobe og aerobe sporar:

Elitemjølk: 1,5 eller lågare
1. klasse: 1,6-2,0
2. klasse: 2,1-2,5
3. klasse: 2,6-3,0

Stikkord denne saka: , ,