Best på grovfôr: Ottar Flatland frå Skorve Samdrift, med det synlege beviset på at han, etter ei totaltvurdering av juryen, stod att som vinnar av Grovfôrkampen 2017.

I ein krevjande grovfôrsesong, vart det Ottar Flatland frå Skorve Samdrift som gjekk sigrande ut av Grovfôrkampen 2017.

Liv Kristin Sola

Vinnaren vart kåra under Grovfôrkonferansen 2018 i Stjørdal, førre veke. Ottar Flatland, som er ein av tre medlemmar i Skorve Samdrift i Flatdal i Seljord, var til stades og tok imot utmerkinga.

Grovfôrkampen kom i stand som ein konkurranse i Agropro-prosjektet, fortel Lars Nesheim i NIBIO. Det siste året er Grovfôrkampen knytt til Grovfôr 2020, eit nasjonalt prosjekt som har som mål å heve grovfôravlinga både i mengde og kvaliet.

Om ein samanliknar resultata i Grovfôrkampen med gjennomsnittstal for avling landet over, viser det store skilnadar. Store skilnader syner det enorme potensialet mange har til å heve både avlingsnivået, kvaliteten og grovfôrmengd i fôrrasjonen. Det er nettopp dette grovfôr 2020 handlar om:

20 prosent høgare avling – 20 prosent reduserte grovfôrkostnad – 20 prosent betre kvalitet, høgare fôropptak og auka del grovfôr i rasjonen.

Enormt potensial: Tabellen viser kor store avlingar som er oppnådd i Grovfôrkampen 2014-2016. Firkanten viser potensialet i Grovfôr 2020.  Nedste linja i rektangelet Grovfôr 2020 viser dagens avlingsnivå i snitt, medan den øvste linja viser kor nivået vil ligge dersom snittet vart heva med 20 prosent – til 600 FEm per dekar. Framleis eit stykke att på å nå dei beste. Kjelde: Lars Nesheim, Nibio.

Årets deltakarar

Rådgivarar i Tine og NLR vert oppfordra til å tipse engasjerte grovfôrprodusentar om Grovfôrkampen. I lag med rådgivar vel bonden ut eit areal på ti dekar som skal vere av andreårs eng. Bonde og rådgivar legg ein plan for korleis dei skal optimalisere avling og kvalitet på arealet. Avlinga blir målt i mengd tørrstoff (ts), fôreiningar (FEm) per dekar og kvalitet på grovfôret. Til å vurdere grovfôrkvaliteten har juryen nytta NLR surfôrtolken.

Energiinnhald i grovfôret til dei fire deltakarane varierte frå 870 FEm per dekar til 1033 FEm. Vêret har spelt ei rolle, også i år, fortel Nesheim, og berre to av deltakarane klarte tre slåttar.

Rinda Samdrift ved Terje Jonny Sveen i Heidal, Sel kommune i Gudbrandsdalen, ligg 600 meter over havet (moh), fekk to slåttar med totalt 1162 kg ts og 1023 FEm per dekar.

John Bjarne Lie på Skardsøya i Aure kommune Nordmøre, ligg ved kysten, fekk tre slåttar med totalt 972 kg ts og 866 FEm.

Lars Henrik Dagsland frå Skjold i Ryfylke, ligg rundt 15 moh, tek normalt tre slåttar, men mykje nedbør utsette førsteslåtten med fire veker. Resultat på to slåttar vart 1234 kg ts og 1033 FEm.

Ottar Flatland i Skorve Samdrift i Flatdal, Seljord i Telemark ligg 170 moh, fekk tre slåttar med totalt 1327 kg ts og 1120 FEm.

Grovfôranalysane: Analyseresultata viser variasjonar både mellom slåttar og mellom deltakarar. Krevjande vêrtilhøve over det meste av landet må ta noko av skulda. Kjelde: Grovfôrkampen 2020/Lars Nesheim, Nibio.

Team Rogaland: Lars Henry Dagsland, Skjold, nr to f.h. Foto: Lars Nesheim, NLR.

Team Telemark: F.h. Ottar Flatland, Flatdal i Seljord, Odd Arne Byberg og Tore Mæland i lag med NLR-rådgivar Knut Vollan. Foto: Lars Nesheim, NLR.

Team Oppland: Rinda Samdrift, Heidal. Foto: Lars Nesheim, NLR.

Team Møre og Romsdal: John Bjarne Lie, Aure, i midten. Foto: Lars Nesheim, NLR.

Juryen si grunngjeving

I juryen dette året var Anders Rognlien, Yara, Erik Brodshaug, Tine og Lars Nesheim, Nibio, leiar av juryen.

– Arbeidet i juryen har vore både gledeleg og frustrerande. Her var det jamt, sa Lars Nesheim, då vinnaren vart avslørt under Grovfôrkonferansen 2018.

I grunngjevinga viser juryen til at Flatland nådde ei høg avling med rimeleg god kvalitet. Vinnaren skåra litt svakare på samla kvalitet, samanlikna med dei andre deltakarane, noko som i stor grad skuldast sein andreslått med stor avling og mykje fiber. Årsaka til sein andreslått var delvis ein plan for å auke avlingsmengd etter at vinterskader reduserte avlinga på førsteslåtten. I tillegg gjorde veret det umogleg å hauste til ønska tidspunkt.

– I ein utfordrande vekstsesong er det vanskeleg å oppnå topp kvalitet ved alle slåttar, men juryen meiner at det høge avlingsnivået gjer Ottar Flatland og Skorve samdrift til ein verdig vinnar av Grovfôrkampen 2017, skriv juryen i si grunngjeving.

Juryen gratulerer vinnaren: Frå venstre Anders Rognlien, Yara, Ottar Flatland, vinnar, Erik Brodshaug, Tine og Lars Nesheim, NLR og leiar av juryen.

Vinnaren

Ottar Flatland vart både stolt og audmjuk då han tok imot hyllest og beviset på at han vann Grovfôrkampen 2017.

– Kva føler du no? spurde juryleiar Nesheim.

– Å bli invitert med i Grovfôrkampen ga motivasjon til å skjerpe seg, seier han.

Skorve Samdrift har ein mjølkekvote på 870.000 liter. Dei tre deltakarane dyrkar gras kvar for seg, og sel grovfôr til samdrifta. Flatland driv 5-600 dekar og får hjelp av sonen i slåtten.

På dei flate jordene på Flatdal er isbrann den største utfordringa. Årvisst er det areal som må pløyast opp att eller reparerast på grunn av gras som er svidd av isbrann. Eit av tiltaka er å unngå køyring på enga om vinteren, også på snø.

– Me ser at køyring, anten det er med traktor eller skuter, aukar faren for skade i køyrespora, seier Flatland.

Bonden er oppteken av gode og korrekte avlingar. Det kan han berre oppnå gjennom god planlegging og ved å gjennomføre det ein veit er rett. Hans råd for god grovfôravling er blant anna å Ikkje la enga bli for gammal, og gjødsle etter ønska avling.

– Gjødslingsplanane er tilpassa eit gjennomsnitt. Det er derfor viktig å tenke avlingsnivå når ein skal planlegge gjødslinga. Tek du ut meir enn snittet må du gjødsle meir enn snittet, seier Flatland.

Optimaliser grovfôret: Det krevst planlegging for å oppnå gode og korrekte avlingar. Ottar Flatland tilrår å tilpasse gjødslinga til mengd avling som er forventa. Gjødsling etter eit gjennomsnitt er tilpassa gjennomsnittsavlingar.

Grovfôrkampen

Kvar av deltakarane skal plukke ut eit areal på ti dekar som er andreårs eng. I lag med rådgivar legg dei ein plan for drift og slått.

Etter sesongen vert avlinga vurdert både i mengd tørrstoff, energiverdi og hygienisk kvalitet.

Grovfôrkampen starta i 2014 som ein konkurranse i Agropro-prosjektet og er nå knytt til prosjektet Grovfôr 2020.

Grovfôrkampen er eit samarbeid mellom Norsk Landbruksrådgiving, Yara, Tine og fagbladet Norsk Landbruk. Eurofins sørger for analysar.

Stikkord denne saka: , ,