Smittevern: Hundre besetninger i Rogaland har sidan rett før jul blitt råka av smittsam diaré. Strengt smittevern mellom besetningane er viktigaste tiltaket for å hindra ytterlegare smittespreiing. (Illustrasjonsbilete frå Bondevennen sitt arkiv)

Opp mot 100 mjølkebesetningar i Rogaland har slitt med smittsam diaré dei siste vekene. Tine oppmodar til skjerpa smittevern og vonar at smittetoppen er nådd.

Sjur Håland

Bøndene fortvilar over sjuke dyr, skitne fjøs og tapte mjølkeinntekter. Truleg er det det Coronaviruset som herjar blant kyr og ungdyr i dei kring 100 mjølkefjøsa som er råka.
– Dei prøvane er tekne og gitt svar på så langt, tyder på Coronaviruset. Dette er eit velkjent virus som Tine og norske bønder har kjørt eit program for å bekjempa i fleire år, men som dessverre dukkar opp av og til, stadfestar Dag Lindheim, Spesialrådgjevar beredskap og mjølkekvalitet hjå Tine.

Dag Lindheim

60 prosent reduksjon

Dei første tilfella vart melde rett før jul. Besetningar i Hå, Klepp og Time er råka, saman med tilfelle i Sandnes, Gjesdal, Bjerkreim, Egersund, Sokndal og Lund kommunar. Medan enkelte produsentar knapt merkar effekt av viruset, blir andre hardare råka.
– Dette slår varierande ut.  I går snakka eg med tre produsentar som stod midt i ein kvardag med opp mot 60 prosent reduksjon i ytinga. Då er det temmeleg alvorleg medan det står på, seier Lindheim.
Smitta dyr har eit svekka immunforsvar og kan vera utsett for bakterielle sekundærinfeksjonar som mellom anna kan føra til alvorleg lungebetennelse. I følgje Tine sine hemesider er dødelegheita låg ved smittsam diaré. Enkeltdyr kjem gjerne til hektene att etter nokre få dagar. Sjølv om dyra byrjar å koma til hektene relativt fort, kan det gå ei tid før mjølkeproduksjonen tek seg opp att til eit meir normalt nivå.

Bonden er ansvarleg

Tine koordinerer informasjon om smittsame sjukdommar, og varslar relevant personell som mjølkebilsjåførar, rådgjevarar og gardstankpersonell når dei får beskjed om smittsam diaré i ei mjølkebesetning. Dag Lindheim understrekar at tilstrekkeleg smittevern er bonden sitt ansvar.
– Kanskje har det vore litt slakke rutinar der ute. Det handlar uansett nå om å få opp merksemda på godt smittevern. Bonden må gå gjennom rutinane på sin gard, så skal Tine bidra med koordinering med andre aktørar utanom garden.
Har smitten nådd fjøset, er det viktig med rask veterinærkontakt og varsling til Tine.
– Ta kontakt med veterinæren din og få ein plan å behandling og oppfølging. Så må du vera føre var slik at du unngår å smitte andre besetningar.

Smittar ved avføring

– Korleis smittar sjukdommen?
– Enkelt forklart kan ein seia at det er avføring frå dyr som følgjer to eller firbeinte mellom besetningane. Det skal ikkje meir til enn om du tar i ei leiegrime som har vore i kontakt med ei anna besetning. Utstrakt livdyrhandel er med andre ord ikkje eit godt sjakktrekk i Rogaland for tida, illustrerer Lindheim.

Bruk smitteslusa

Å unngå spreiing av smittsame sjukdommar, inneberer bruk av smitteslusa.
– Det er sjølvsagt avgjerande viktig at slusa er i orden og blir brukt på rett måte, også av bonden sjølv, familien og alle andre som må inn i fjøset, understrekar Lindheim.
Gardstunet må vera reint som råd. Ein god praksis er å gje tankbilsjåføren, som brukar plasttrekk på skoa, høve til å leggja mjølkeslangen på reine europallar i staden for på bakken.
Tine opprettheld sine tiltak kring eit smitta gardsbruk til det har gått to veker utan nye dyr med symptom på diaré i besetninga.
– Kan me venta at epidemien breier om seg dei komande dagane?
– Det er vanskeleg å seia. Eg har ei kjensle av at det byrjar å roa seg litt nå.

Stikkord denne saka: , ,