Hei, eg heiter Ingrid Synnøve Nødland. Veninna mi er Nora Eline Berner. Me eig kalven Safira, som me kallar Saffen. Saffen er forresten ingen kalv lenger, men ei kvige som vart fødd 20. april i år. Mora er ei NRF-ku og faren er av rasen hereford. Me bur på ein gard på Nødland i Gjesdal i Rogaland.

Då Saffen vart fødd, bestemde me oss for å trene ho opp og lære ho litt triks. Ho får godbitar og mjølk som premie. Eg bruker ein klikkert, slik som dei trener hundar med, for å trene Saffen. På kalvemønstringa i Gjesdal i sommar, fekk Saffen premie for finaste kalv og den best dresserte kalven under mønstringa. Ho har lært seg å hoppe hinder, og kan hoppe femti centimeter høge hinder. I sommar hoppa ho over gjerdet og sprang til fjøsdøra for å vente på oss.

I ferien var Saffen med oss overalt og ho rautar når ho høyrer oss. Ho likar å vere med til barnehagen, og var med på skulen då me hadde førestilling for foreldra våre. Me fekk vera med då historielaget var på vandring på Dirdal. Då vart Saffen kjendis i lokalavisa. Når me skal til butikken vil Saffen alltid vera med. Ho er ekstra glad i Sørlandschips og puffa kveitegryn.

Saffen er glad i fart og spenning og ho likar godt å vera med å trene fotball. Ho likar også å vera med når me rir tur med nabohesten. Saffen har fem seks grimer og tre dekken. Planen er å ri henne inn når ho vert vaksen. Derfor har me på henne shabrack og ein sele som me strammar rundt kroppen.

I går var eg ute i snøen med Saffen. Eg festa tau på henne slik at ho kunne dra meg på ski. Ho var kjempeflink. Saffen har sin eigen instagramkonto, #thecalfsafira. Den laga me to dagar etter at ho vart fødd. Der har ho passert 200 følgjarar. Så lik og del, viss du vil.

Stikkord denne saka: , ,
Share This