For deg som vil satse: Jo Helge Sunde, (f.v.) Kjartan Nyhammer og Karsten Valland vil ikkje leite etter utfordringar, men løfte fram bønder som vil og tør satse på mjølkeproduksjon i Vestland.

Eit eller to nye prosjekt kan få ballen til å rulle. Kjartan Nyhammer, landbrukssjef i Alver, utfordrar lokale landbrukskontor til å ta ei aktiv rolle for å motivere mjølkebønder til å bygge om til lausdrift.

Liv Kristin Sola 

– Tidleg på 2000-talet kom det eit par lokomotiv som blei ein slags grunnstamme for mykje av det som har skjedd i mjølkeproduksjonen på Radøy i ettertid, seier Kjartan Nyhammer, leiar for landbruk i kommunane Alver, Austrheim, Fedje og Modalen i Nordhordland.

Han har invitert Jo Helge Sunde, prosjektleiar Storfeprosjekt Vestland, og Karsten Valland i Innovasjon Norge Vestland, til ein kopp kaffi og ein uformell prat om utviklinga av mjølkeproduksjonen i regionen.

Les om Satsing på Radøy her.

Les om Dagros i Gulen her.

Lokomotiv i steinrøysa

Lokomotiva Nyhammer viser til er blant anna Hedra samdrift og Toska storfe.

– Med utgangpunkt i det som kan kallast ei steinrøys og eit lappeteppe av små teigar, har dei produsert opp mot maks heilt frå starten, seier Nyhammer.

Det vart bygdesnakk. Stormannsgalskap, meinte folk, og rykte gjekk om høg gjeld og ein snarleg konkurs, fortel Nyhammer. Men det gjekk eitt år, to år og fleire. Skepsisen snudde til beundring. Rundt desse lokomotiva vaks det fram eit positivt og inkluderande landbruksmiljø kor bønder såg moglegheiter i staden for avgrensingar.

– Det vart mest ein fan-klubb rundt desse som satsa, spesielt av unge gutar, som vart inkludert av dei meir erfarne bøndene, seier Nyhammer.

Ikkje start med utfordringane

Bøndene på Radøy etablerte blant anna eit maskinlag med førti medlemmar, eit samarbeid som framleis fungerer.

– Det trur eg er ganske unikt, seier Nyhammer.

Han ser at pågangsmot er smittsamt og trur at landbrukskontora rundt om i det ganske land har ei viktig rolle i å motivere og samle bøndene. Spesielt i ei tid kor samvirka er i omstilling og ikkje lenger har tydelege nøkkelpersonar som kjenner næringa ut og inn og møter bøndene der dei er på heimebane.

– Me skulle hatt ein ny Ola Alne og ein Karl Vie, seier Nyhammer, og viser til dei to rådgivarane, Alne i Tine (Hordaland) og Vie Nortura (Sogn og Fjordane), som i ei årrekkje reiste fylket rundt og snakka med bøndene.

– Verda er i endring. Me må innsjå at det ikkje blir som før og tenke nytt for å klare å halde oppe engasjement og motivasjon i distrikta, seier Sunde.

– Det kan virke banalt, men med litt småpengar til kaffi og rundstykke kan me gjere ganske mykje på lokale landbrukskontor – om me berre vil, seier Nyhammer.

– Det kan virke banalt, men med litt småpengar til kaffi og rundstykke kan me gjere ganske mykje på lokale landbrukskontor – om me berre vil.

KJartan Nyhammer

Radøy ku- og kaffiklubb

Som fersk landbrukssjef i Radøy på starten av 2000-talet merka Nyhammer eit behov hjå unge bønder om å samlast utanfor etablerte landbruksmiljø. Han inviterte til pizza på kommunehuset og samla 30-40 bønder under 35 år. Det vart starten på Radøy ku- og kaffiklubb, med faste møte første tysdag i månaden heime hjå ein bonde.

– Fast rutine: Fag, kaffi og rundstykke, og ein tur i fjøset, seier Nyhammer.

Det har virka på Radøy.

Både Sunde og Valland erfarer at landbrukskontora har ulike føresetnadar for å hjelpe dei som vil satse. Ikkje alle landbrukskontor er like innovative, skal me tru Valland.

– Eg trur det handlar meir om engasjement enn kunnskap, seier Sunde.

Valland meiner landbrukskontoret si rolle er å rettleie bøndene og vise kven som kan hjelpe undervegs, ikkje ramse opp alle utfordringane.

– Me kan ikkje starte alle prosjekt som om det er eit problem, for det er det ikkje, seier Valland.

– Me kan ikkje starte alle prosjekt som om det er eit problem, for det er det ikkje.

Karsten Valland

Vakta deg for bygdedyret

Nyhammer har erfart kor effektivt nokre få negative røyster kan sette stemninga for eit heilt lokalsamfunn. Då er ingenting mogleg. Spesielt kritisk er han til
bønder som sel kvoten og legg ned drifta, og som legaliserer eiga avgjersle ved å konstatere så ofte dei kan at «det var det einaste rette».

– Tidlegare bønder kan vere landbruket sin verste fiende, seier Nyhammer.

– Den utfordringa skulle me gjerne vore forutan. Det nye bygdedyret, seier Sunde.

Dei tre vestlendingane rundt bordet har lang fartstid frå ulike posisjonar i landbruket. Felles er eit oppriktig ønske om at dei som verkeleg vil vere mjølkebønder i framtida må sjå at moglegheitene er større enn utfordringane. Dei veit mykje om oppturar og nedturar, og at pågangsmot, tolmod og samarbeid er nyttige eigenskapar.

For landbruket i Alver er tilgang til anna arbeid ei av dei store utfordringane. Nyhammer meiner regionen tapar dyktig landbruksungdom til gode jobbar i Bergen og Mongstad. Samstundes er Bergen landets nest største marknad. Lokalmat og REKO-ring har blitt svært ettertrakta. Det gir moglegheiter.

– Nordhordland treng ein lokal bonde som vil «gønne på» med ost, oppmodar landbruksleiaren.

Det trengst vilje og pengar: Skal Vestland klare å oppretthalde sin del av mjølkeproduksjonen også etter 2034 trengst det bønder som vil satse, landbrukskontor og rådgivarar som motiverer og eit tilskot frå staten som held tritt med prisauken.

…og så har me hjorten

Det er ikkje til å unngå at hjorten blir ein del av samtalen. Blir ingenting gjort med hjorten, kan det bli den størst trusselen mot mjølkebonden i vest, fryktar dei tre rådgivarane. Nyhammer kjenner til bønder som tapar opp mot femti prosent av førsteslåtten, og tapar 150.000 kroner i året på tapt avling til hjorten.

– Enkeltbønder skal ikkje måtte betale ein så høg pris for å finansiere andre si hjortejakt. Det er frykteleg demotiverande, seier Nyhammer.

Han fortel om folk som skyt hjort frå kjøkenglaset.

– Hjorten er som oss folk. Dei går på beste restauranten – og det ryktast, seier Nyhammer.

Må gire opp

Ved årsskiftet vart Radøy, Lindås og Meland slått saman til Alver kommune. Alver har 30.000 innbyggarar og er ein stor landbrukskommune i vestlandsk målestokk. 470 bønder søker om produksjonstilskot. Seksti av dei er mjølkebønder og ti av dei har lausdrift. Om lag 40 prosent av det totale mjølkevolumet på 7,7 millionar liter mjølk vert levert frå lausdriftsfjøs.

Sett under eitt har det vore lite byggeaktivitet i Nordhordland (Alver, Masfjorden og Austrheim). Men dei to siste åra er det søkt om til saman fem prosjekt på
mjølk.

Doble kvotane

52 prosent av mjølkevolumet i Vestland kjem frå lausdrift, medan 73 prosent av fjøsa er båsfjøs som har ein snittkvote på 95 tonn.

– Om halvparten av fjøsa forsvinn og totalvolumet skal oppretthaldast, må kvotane doble seg på enkeltbruk, seier Sunde.

Ei kvote på 200 tonn er i tråd med gjeldande politiske prioriteringar, og for Vestland er det truleg ei gunstig tilpassing.

– Utfordringa er at dagens rammevilkår ikkje heng i hop med dei politiske prioriteringane, seier Sunde.

– Utfordringa er at dagens rammevilkår ikkje heng i hop med dei politiske prioriteringane.

Jo Helge Sunde

Ei trenering av nyinvesteringar

– Kvifor ikkje be om ein ekstra milliard for å få fortgang i omstillinga, slik enkelte har ytra ønske om?

– Eg skulle gjerne blitt med på det, men det er to års budsjett for oss, seier Valland.

Han meiner langt på veg det var ein tabbe å utsette lausdriftskravet, ikkje minst for investeringslystne vestlandsbønder.

– Med kortare frist hadde me vore i betre posisjon til å krevje meir pengar, seier han.

Ifølgje Sunde er det rundt 40 driftsplanar i arbeid i Vestland. Ein del av desse er på vent på grunn av for svak økonomi. Andre er på vent av andre årsaker, og ein del er på vent fordi IN er tomme for pengar.

I 2015 vart makstilskotet frå IN auka til to millionar. No ønsker Sunde seg enda ein tilskotsmillion for å kompensere for auka kostnadar i byggeprosjekta.

– Det er på langt nær alle prosjekt som går i hop sjølv med to millionar i tilskot. Det handlar om situasjonen før dei vil gjere investeringane, seier Sunde.

Stikkord denne saka: , , ,