Overblikk i byggeprosessen: Torgeir Lavik (t.v.) meiner ein mentor gjerne bør ha evne til å løfte blikket og sjå heilskapen, men vise til fagfolk når det trengst. T.h. mentor Eivind Myrdal.
Som ny bonde er det alltid noko ein ikkje har tenkt på, har undervurdert eller overvurdert. Då kjennest det godt å bli følgd opp av ein mentor med nettverk, overblikk og erfaring.
– Det viktigaste er likevel eit positivt sinn, seier Torgeir Lavik.

Liv Kristin Sola

 

– Du ser fjøset når du kjem oppover, seier Torgeir Lavik, då me avtaler besøk.

Og det er ikkje til å ta feil av. Ikkje fordi det er stort og påkosta. Meir fordi det er i tre, det er majestetisk, men passar godt inn i landskapet, og det er eit av få nye driftsbygningar her i Langedalen nord i Bergen kommune. Fjøset er ikkje heilt klart, men dyra har flytta inn. Kjellaren er betong med spalt, medan innreiinga er i tre og overbygget er eit tradisjonelt grindverksbygg.

– Det er mange som sakkar farten og køyrer sakte forbi, innrømmer bonden.

Viktig å bygge nettverk

Torgeir har hatt mykje god hjelp av naboar og folk i dalen. Med seg på laget har han også hatt mjølkebonde Eivind Myrdal som mentor. Dei er ikkje omgangsvener, men heller ikkje ukjende for kvarandre. For driv du med landbruk i Bergenstraktene skal det godt gjerast å ikkje ha møtt Eivind Myrdal. Bonden frå Jordal i Bergen er engasjert i mykje og har gjennom mange år hatt tillitsverv blant anna i samvirkeorganisasjonane og i Bondelaget.

– Samvirke for meg, seier han og smiler godt, men det ligg eit snev av alvor bak kommentaren. – Me blir sterkare når me står i lag, seier han.

Gjennom engasjement har Eivind bygd seg opp eit stort nettverk. Han meier det blir viktig også for yngre bønder som skal satse i næringa.

For Torgeir var det viktig å få ein mentor som han visste han hadde kjemi med. Og som ny i næringa, har nettverket til Eivind vore viktig, også for Torgeir

– Om Eivind ikkje kan svare, så kjenner han ein som kan, eller som kjenner ein som kan, seier Torgeir og smiler nøgd.
– Svaret finst jo der ute. Det handlar berre om å finne dei rette folka, seier Eivind.

Les om Kristina Huitfeldt Carlsen: Litt tidleg ute?, og Lillian Hovda og Steinar Jørstad: Eitt år etter. 

Men det er eit unntaksår – og me har klart å halde middagen heilag med alle
samla rundt bordet kvar dag.

Torgeir Lavik

Vekker oppsikt: Grindverksbygget til Torgeir og Kristine Lavik lyser av optimisme.

Kontrollerte investeringar

Torgeir overtok garden i 2015 etter at den har vore leidd vekk i fleire år. Målet var heile tida å satse på ammekyr. Men han starta med sau for å kome i gang og få litt inntekter.

– Heilt rett strategi, seier Eivind. – Store investeringar bind mykje kapital. Du gjer lurt i å ta det steg for steg og betale ned på lån før du gjer nye investeringar.

For det er ikkje berre driftsbygningen som krev kapital. Torgeir har erfart at når produksjonen aukar må resten av driftsapparatet henge med. Det trengst meir utstyr, meir gjerding og ikkje minst meir beite.

Med store beiter til fjells vart gjerding ei utfordring. Men i 2020 kan slikt løysast med teknologi. Torgeir kjøpte Nofenceklavar til kyrne sine. Erfaringane er svært gode, men også dette skal betalast. Bonden trur likevel han kjem betre frå det med Nofence enn med gjerding.

– Det hadde teke meg ti år å gjerde inn det arealet eg no styrer frå telefonen, seier han.

Trass store investeringar – Eivind har god tru. Både på den ferske bonden og på landbruket. For Torgeir er det tryggande å høyre frå ein med erfaring frå oppturar og nedturar.

– Det er viktig å tenke langsiktig og gjere bevisste val. Men du oppnår lite med å sitte på gjerdet og vente. På eit tidspunkt må du berre hoppe skal du henge med. Og hugs at dei aller fleste får det til, seier han.

Det vanskelegaste er å tørre gi råd
som kan gjere vondt, men som
er godt meint.

Eivind Myrdal

Ein god start

Eivind er mentor for to bønder. Han trur det viktigaste som mentor er å evne å ha overblikk.

– Detaljane finst det alltid fagfolk til. Ein mentor må først og fremst løfte blikket og sjå heilskapen. I tillegg må me vere ærlege og tydelege, også i detaljane, seier Eivind.

Han minner om at ein biologisk produksjon krev langsiktig tenking og planlegging.

– Det vanskelegaste er å tørre gi råd som kan gjere vondt, men som er godt meint, seier Eivind.

Han meiner tillit er avgjerande for at mottakaren skal forstå nettopp dette.

Torgeir og Eivind valde å køyre i lag til den første mentor-samlinga. Slik vart dei kjende og fekk ein god start. Både Torgeir og Eivind tilrår ordninga på det sterkaste. For bønder som nettopp har teke over, eller som skal til med noko heilt nytt på garden. Heilt nye vegval. Sjølv om avtalen mellom bonde og mentor snart er historie, er nok ikkje dei siste råda utveksla mellom desse to.

– Eg ser ingen grunn til å ikkje følgje Torgeir vidare. Eg er jo nysgjerrig. Eg må jo følgje med på kva som skjer, seier Eivind, før han kjem med eit siste råd for dagen: – Involver resten av familien. Fortel
kva som føregår, snakk om fritid og ta deg tid til familien.

Torgeir kjenner på samvitet. Han har ikkje sett så mykje til kona Kristine, og ungane på tre, seks og ni år, det siste halve året.

– Men det er eit unntaksår – og me har klart å halde middagen heilag med alle samla rundt bordet kvar dag, seier han.

Stikkord denne saka: , , ,