Dyrker grønsaker 775 meter over havet: Det gir fullstendig meining å dyrke grønsaker også her, seier Kristina Huitfeldt Carlsen. No vil ho prøve ut ulike sortar for å finne ut kva som trivst her, høgt over havet. – Eg er så heldig at eg bur her og kan ha maten min rundt meg, seier ho. Foto: Tone Lundeberg.

Mykje fall på plass då Kristina leste om marknadshagar. Ho fekk ein mentor frå Larvik, men avstand, korona og mangel på erfaring får henne til å tenke at det var for tidleg.

Liv Kristin Sola

Mykje har skjedd på dei tolv åra sidan Kristina Huitfeldt Carlsen flytte heim til Øyfjell i Vinje i Telemark.

– Eg har alltid vore glad i å dyrke grønsaker. Men hadde eg gjort dette for ti år sidan er det ikkje sikker folk hadde vore så klar som dei er i dag, seier ho.

Så kom korona

Då ho hadde bestemt seg for å prøve ut grønsaksdyrking, søkte Kristina like godt både midlar frå Innovasjon Norge og mentor gjennom NLR. Ho fekk begge delar, noko ho er svært nøgd med. Som mentor fekk ho ein erfaren grønsaksdyrkar frå Larvik.

– Ein kjempefin og dyktig fyr som eg er veldig takknemleg for å kunne spørje til råds, seier ho.

Mentor har vore på besøk, men mesteparten av kontakten har dei hatt på e-post og telefon. For det er langt frå Larvik til Øyfjell. 2,5 timar med bil kvar veg. Så kom korona, lenge før sesongen var i gang. Det gjorde det vanskeleg både med besøk av mentor, men også å delta på markvandringar og besøke andre grønsaksdyrkarar. Spesielt fordi Kristina er sjukepleiar og ikkje vil ta sjansar.

Ho kjenner på litt dårleg samvit for ikkje å ha brukt mentoren sin godt nok, men er usikker på kva som kunne vore annleis, ikkje minst på grunn av korona.

– Eg tapte nok litt tid i starten. Mangel på erfaring gjorde meg usikker på kva eg skulle spørje om. Spørsmåla kom når eg stod i åkeren og nettopp hadde sådd, såg noko eg trudde kunne vere sjukdom, eller var i gang med planlegging, seier ho.

Etterkvart som spørsmåla har meldt seg har bonden ringt eller sendt ein e-post til mentoren sin. Aller helst skulle ho ønska at ordninga varte over to år for å få meir erfaring.

– Kan hende melde eg meg på eitt år for tidleg, men når blir det eigentleg rett tid? undrar ho.

Les om Lillian Hovda og Steinar Jørstad: Eitt år etter, og Torgeir Lavik og Evind Myrdal: Gode råd på byggeplassen.

Spørsmåla kom når eg
stod i åkeren og nettopp hadde sådd.

Kristina Huitfeldt Carlsen

Det måtte bli grønsaker

Kristina vaks opp med sau, med jakt og fiske, bærplukking og kjøkenhage. Ho vil gjerne vere mest mogleg sjølvforsynt, og motivasjonen til å dyrke grønsaker var større enn å drive med dyr. Det passar i
lag med å jobbe turnus og vere mor til to seksåringar.

– Kan hende skal vi ha nokre geiter, for beiting og eigen husdyrgjødsel. Kontakt med dyr er også fint for ungane, seier Kristina.

Å dyrke grønsaker til husbruk har dei gjort til alle tider her på Dyrdal. No vil Kristina prøve ut fleire vekstar, sjå kva som trivst her så høgt over havet, anna enn potet og kålrot. Vekstsesongen er kort og hektisk og fri for kunstgjødsel og sprøytemidlar. Snøen låg til 1. juni, og i starten av november er det framleis bart.

– Noko er i endring, seier Kristina.

Må vere meg sjølv

Sjølv om sommaren var kald, fekk ho gode avlingar av ulike sortar kål, urter, salatar, lauk, gulrot, blomkål, brokkoli, kålrot, fennikel, vårlauk, jordskokk, potet og kvitlauk.

– Squash gjekk det også bra med, under duk, seier Kristina.

Ikkje alle grønnsakene vart heilt ferdig, men tilbakemeldingane er at dei er spesielt søte og smakfulle. Sjølve dyrkinga er ein ting. Det verste som kan skje er at ho ikkje har nok grønsaker til å dekke etterspurnaden. Men pris og marknadsføring og alt som følgjer med må også lærast.

– Stort sett får eg tilbakemelding om at eg må ta ein høgare pris. Det ikkje lett å sette ein verdi på det eg gjer, seier ho.

Nokon tipsa lokalavisene. De sette fart på salet. Rehabiliteringssenter på Rauland har også blitt ein viktig kunde. Senteret kjøper grønsakene rett frå jorda og tilpassar menyen etter kva dei får kjøpt.

– Det er litt overveldande – heilt rått, seier Kristina.

Mange kjem med velmeinte råd om å selje ei historie, fronte lokalmat og opne for gardsturisme og omvising. Kristina veit det er godt meint, men det er for tidleg å tenke slik no.

– Eg må ta det i mitt tempo og sjå kva retning det tek og om det kan kombinerast med jobb og familie. Eg vil ikkje skape forventningar eg ikkje kan leve opp til, seier Kristina.

 Ho set pris på alle som kjem innom, men responsen frå lokalbefolkninga betyr aller mest. Kristina håper aller mest å inspirere andre i kommunen til også å dyrke sine eigne grønsaker.

– Slik kan vi utfylle kvarandre og auke sjølvforsyninga her i Vinje, seier ho.

Ikkje eit glansbilete

Garden og livet her er ein livsstil. Jobb og fritid heng i hop. Ikkje alle forstår det, men det er ikkje så farleg.

– Grønsakshagen er viktig for meg, for garden og for bygda, og for ungane. Det er verdifullt at både våre og andre sine ungar får lære å dyrke mat og smake på grønsakene. Plutseleg likar dei brokkoli, seier Kristina.

Men ho understrekar at det ikkje er eit glansbilete.
– Vi drar jo ikkje på ferie, på ein måte. Men vi spiser også posesuppe, seier Kristina og ler godt.

 

 

Stikkord denne saka: , , ,