Riktig å reforhandla

13. februar 2026 | Leiarar

Leder

Bothild Å. Nordsletten

Sjølv den mest krampepositive sørvestlending bør nå innsjå at me ikkje kjem i mål med landbruket sin klimaavtale innan 2030. Riksrevisjonen sin dom over sektoren sin innsats frå i fjor er då òg utvitydig: (…) ingenting tyder på at det er mogleg. Målkonfliktane er store og klimaavtalen mellom staten og jordbruket er urealistisk.*

Ei heller ser det lyst ut for sjølvforsyningsmålet på 50 prosent med same frist, eller forpliktinga etter Klimaloven om å kutta 90-95 prosent av alle norske utslepp innan 2050.

Ambisiøse målsettingar er bra, men utan vilje, realisme eller tidfesta planar for korleis ein skal oppnå kva undervegs, fordampar det heile i motløyse og svekka tru på politikken si endringskraft.

Dit vil me ikkje. Vel er det mykje ved verdssituasjonen som kan ta gneista frå oss nå, men nettopp derfor er det så viktig å bygga trua på at endring er mogleg gjennom klok og djerv politikk. Også i norsk landbruks- og klimapolitikk. Kva anna kan me gjera?

I så måte er det gledeleg når klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) i Nationen ikkje utelukkar at ein kan gå inn i avtalar på nytt. For også han har forstått kor vanskeleg det er å følgja opp landbruket si klimaavtale. Også han innser kor kort tid det er att til 2030.

Medan landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen førebels er negativ til ei reforhandling, får Bjelland Eriksen draghjelp av MDG, Frp, Sp og KrF. Desse partia har sagt at dei ønskjer å skrota dagens klimaplan for landbruket, og å reforhandla ein ny før 2030.

Dette er eit syn Bondevennen deler. Landbruket skal sjølvsagt kutta klimautslepp – og betre agronomi på gardsnivå vil framleis vera ein av dei viktigaste måtane å gjera det på. Men ein reforhandla klimaavtale må også reflektera dei nye tryggingspolitiske realitetane, behovet for auka beredskap, samt det faktum at auka sjølvforsyning vil auka utsleppa frå sektoren.

Gjer ikkje ein klimaavtale det, risikerer me å kutta i motivasjonen for klimaarbeid og matproduksjon, heller enn i klimautslepp.

 
*riksrevisjonen.no

Siste frå leiaren:

Er det greitt å sove i timen?

Er det greitt å sove i timen?

Stadig fleire forbrukarar vil ha økologisk mat. Då vert alternativet for mange å velje mat frå andre land. I Norge har me mellom anna underdekning på økologisk mjølk. Samstundes vel meierisamvirket å ikkje nytte all den økologiske mjølka som blir produsert som økologisk.

Read More
Kva er det eigenleg me vil ha?

Kva er det eigenleg me vil ha?

«Dei bøndene syter og klagar uansett», kan ein høyre frå folk flest. Med si mag­re lommebok kjøper bonden seg likevel den gildaste traktoren, før han dreg med seg gjødselspreiaren inn til byen for å demonstrere.

Read More
I medvind og storm

I medvind og storm

Kva veg bles vinden? Skal me tru tall frå både Statistisk Sentralbyrå og NIBIO går det ganske bra for mange bønder. Særleg heiltidsbøndene har positiv inntektsutvikling.

Read More
Lag ein grøn slagplan

Lag ein grøn slagplan

Sjølv om frosten har sloppe taket, kan det isa kaldt nedover ryggen hjå hardbarka bønder. Dei siste par vekene, etter at plussgradene kom, har mange speida intenst etter grøne livsteikn i gulbrun eng.

Read More
Fagbrev nå

Fagbrev nå

Det er langt frå rikmannsklubben i Davos, NHO-møtet i Oslo og Sola-møtet til bondemønstringa på Varhaug. Felles for desse faste januararrangementa er likevel at dei prøver å analysera status og å seia noko viktig om vegen fram.

Read More