Lyst, reint og tørt: Trond og Rigmor tek fjøsstellet i lag. Dei er klar over at den aller viktigaste jobben dei gjer for å sikre elitemjølk, er den daglege innsatsen i fjøset når dei mjølker, gjer reint og ser til dyra sine.

Etter 25 år med elitemjølk har Rigmor og Trond Hennestad fått både Sølvtine og Mjølkespann. Det gir bøndene motivasjon til å stå på vidare.

Liv Kristin Sola

Rigmor og Trond Hennestad driv mjølkeproduksjon på Lølandsmo i Lindesnes kommune i Agder. I stova står Tineplakettane etter fem og ti års elitemjølk i hylla i lag med fleire utmerkingar. Eit mjølkespann er prov på at Miss Audnedal 2009 var frå denne garden, samt ein statuett for ku med Beste kropp i 2003. 

Bonde i snart førti år

Trond er yngst av ni sysken. Likevel vart det han som gjekk i kompaniskap med faren i 1982, og overtok garden seks år seinare. Rigmor er rekneskapsførar og jobbar 65 prosent utanfor garden. Dei har 29 årskyr og eig ein kvote på 225 tonn. Garden har 175 dekar fulldyrka sandjord. Rikeleg med areal gjer at dei sel mellom femti og to hundre rundballar kvart år. Men jorda er svært utsett for flaum.

– Når vatnet stig må me sikre at ikkje kyrne strandar på holmane. Då får me dei ikkje inn att, seier Trond.

Så tidleg som i 1975 gjekk fem bønder i lag og etablerte Løland fellesbeite. Far til Trond var ein av dei. Fellesbeitet på 250 dekar er ikkje lenger vekke enn at dei ser fjøset frå stoveglaset. Rundt nitti kyr beitar ute natt og dag frå 20.mai til 1. oktober og blir mjølka i ein 2×8 fiskebein mjølkestall.

Bøndene hyrer inn to røktarar og dei siste åra har dei hatt stabil og god hjelp til mjølkinga. At røktarane på fellesbeitet har klart å levere elitemjølk er ikkje mindre imponerande enn at bøndene sjølve har klart det.

– All honnør til dei som mjølker, seier Rigmor.

Triveleg arbeidsplass: Mykje lys og rolege dyr gjer fjøset til ein triveleg arbeidsplass både for dyr og bønder. 

Oversikt og orden: Over kvar ku heng ei fjøstavle. I tillegg til informasjon om kua, er dei merka med tape i ulike fargar. Kvar farge har ein kode; om kua er sina, om ho er trespent, eller om ho kan vere uroleg. Fôrbrettet er dekka av flis, både hjå kyr og ungdyr. Slik er det lett å halde reint. 

I forkant

Godt grovfôr er viktig for god mjølkekvalitet. Husdyrgjødsla må ut tidleg, helst på ein gråvêrsdag, og ikkje på grønt gras. Dei nyttar Kofasil Ultra i rundballane, men Trond fryktar sporane.

– Med sporar i ôret er løpet litt køyrt. Då må jurvasken gjerast ekstra grundig, med blaut klut og tørt papir, seier han.

Rigmor og Trond har mykje kalving haust og vinter. Difor er dei ekstra merksame på frie feittsyrer i mjølka når kyrne kjem frå fellesbeite. Fleire nærmar seg avsining og det er lite mjølk i tanken. Då vaktar dei kjølinga og styrer rørebladet manuelt slik at mjølka ikkje skal fryse.

Bøndene er komfortable med eit celletal under 80 tusen på samlemjølka. Stig det mot 150 gjer dei tiltak. Schalmtesten er eit viktig hjelpemiddel. Kyr med høgt celletal vert mjølka på spann til det betrar seg.

– Slik får eg tømt spenane og massert kjertlane. Det pleier gi resultat, seier Trond.

Om det ikkje hjelper tek dei speneprøvar og vurderer behandling. Mjølkerekkefølgja er også viktig. Førstekalvarane står først, medan sinkyrne vert flytta innerst i fjøset på begge sider av fôrbrettet.

Meiningslause båsfjøskrav

Trond og Rigmor akseptere at lausdriftskravet har kome for å bli, men ser mange fordelar med båsfjøs, ikkje minst for dei svakaste dyra.

– Eg er ikkje overtydd om at lausdrift alltid er det beste for dyra. Eg trur mange finn meir ro i eit båsfjøs kor dei har plassen sin, får maten servert, og slepp å kjempe for alt, seier Trond.

For han er det heilt sjølvsagt at dyra skal ha det bra, men på kva måte og i kva system dyra har det best, er ikkje like sjølvsagt.

– Byfolk har for stor innverknad på korleis bøndene skal drive. Me kan ikkje styrast av deira kjensler, seier Trond.

Men om dei kan akseptere lausdriftskravet, har dei større problem med å forstå at det kjem nye krav til båsfjøs, berre ti år før dei vert forbode.

– Å flytte kua vekk frå dei andre for å kalve, og så ta kalven etter at dei har knytt band. Det er meiningslaust og ikkje god dyrevelferd i mine auge, seier Trond.

Styrkedrikk: Etter 25 år med topp mjølkekvalitet er det lov å unne seg ein kvit skål, for godt lagarbeid og for fleire år i næringa. At dei driv i båsfjøs betyr ikkje at dei er utan ambisjonar. 

Det blir som ein massesuggesjon. Som om det er anten investering eller resignasjon

Rigmor Hennestad

Motivert for meir

Mjølkebøndene på Lølandsmo er stolt av det dei har oppnådd i fjøset. Men dei gir seg ikkje enda. Rigmor og Trond skal mjølke nokre år til. Iallfall til dei er pensjonistar. Dei ser gjerne at ein av dei fire barna overtek, men dei må velje sjølve.

– Skal dei overta, må det vere fordi dei er motivert og verkeleg ønsker det, ikkje av plikt eller ansvarskjensle, seier Rigmor.

– Eg er nøgd om nokon vil overta, men kvir meg heller ikkje for å selje garden ut or familien, seier Trond.

Han håper det vert mjølk på garden også i framtida, men ser at det krev store investeringar. Investeringar som han og Rigmor ikkje kjem til å ta.

Rigmor meiner debatten om lausdriftskravet har blitt krevjande. Alt handlar om investeringar og nye fjøs, som om lausdriftskravet alt var her. Ho merkar det når mjølkebønder samlast, sist på årets Sørlandssamling.

– Det blir som ein massesuggesjon. Som om det er anten investering eller resignasjon, seier den erfarne bonden.

At dei ikkje har byggeplanar betyr ikkje at dei ikkje vil eller er i stand til å tenke framover. Tvert om. Mjølkespannet er like mykje ein motivasjon som eit punktum.

– Me prøver heile tida å bli betre. Betre på mjølkekvalitet, på helse, på grovfôr. Målet er å oppnå eit betre resultat i drifta, seier Rigmor.

Skal det monne må investeringsstøtta aukast opp mot 75 prosent. Folk må klare å tene til livets opphald, utan å
snu på kvar ei krone.

Trond Hennestad

Investeringsstøtta må aukas

Rigmor og Trond fryktar framtida for mjølkeproduksjonen i Agder. Første test blir dei nye båsfjøskrava i 2024, men dei fryktar den verkeleg store smellen kjem i 2034.

– Skal det monne må investeringsstøtta aukast opp mot 75 prosent. Folk må klare å tene til livets opphald, utan å snu på kvar ei krone, seier Trond.

Den erfarne bonden meiner at sjølv større bruk på 200 tonn vil slite med å investere i nybygg med dagens ordningar. Han ser heller ikkje føre seg korleis innteninga i næringa kan aukast i framtida.

– Mjølkeprisen stagnerer medan kostnadane aukar. Samstundes kan ikkje målprisen aukast utan å utfordre tollvernet, seier Trond.

Han trur det er urealistisk å håpe på auka statlege overføringar.

– Sjølv om dei seier det motsette, legg staten opp til at det er større bruk som skal overleve, sjølv om forbrukar vil ha mindre bruk. Skal me klare å halde liv i mjølkeproduksjonen i Agder, må fjøsa vere tilpassa areala. Dei kan ikkje bli så mykje større enn dei er i dag, seier Trond.

Mjølkespann og Sølvtine

Kvart år deler Tine ut utmerkingar til produsentar som har levert elitemjølk over tid. Aller høgst heng Sølvtina, for femten samanhengande år med elitemjølk, og Mjølkespannet, for tjuefem samanhengande år med elitemjølk.

Tildelinga skjer under ei høgtideleg samling i samband med Tine sitt årsmøte i starten av april kvart år. Pandemien gjorde at årsmøtet i år vart gjennomført digitalt og tildelinga vart utsett. For ikkje å drøye for lenge vart overrekkinga lagt til dei lokale produsentlaga. Men smittetiltaka vart innskjerpa og dei fleste møta vart avlyst.Slik vart det tildeling heime i tunet.

Les også om Bjørg og Torbjørn Madland i Gjesdal, som fekk Sølvtina.

Stikkord denne saka: , ,