Eit godt team: Å overta tidleg har vore hektisk, men fint på same tid. Ikkje minst blir heile familien involverte i drifta. Frå venstre: Sofie (14), Lina (12), Bjørg, Eirik (5), Torbjørn og Tormod (9).

 

Bjørg og Torbjørn Madland har levert elitemjølk frå den dagen dei overtok garden for snart seksten år sidan. I november fekk dei Tine si Sølvtine.

Liv Kristin Sola

Bjørg og Torbjørn Madland er blant dei yngste som får Sølvtina. I 2005, berre 22 og 23 år gamle, overtok dei heimegarden til Torbjørn i Brekko i Gjesdal i Rogaland.

Seksten år med flaks?

Torbjørn dreg litt på det når det vert snakk om kvifor dei klarer å levere mjølk av topp kvalitet år etter år.

– Når eg høyrer korleis andre driv, trur eg det går litt på slump her hjå oss, seier han med eit smil.

Bjørg protesterer.

– Du er god til å mjølke. Du er nøye med reinsligheit og har god kontroll på celletalet, konstaterer ho.

Torbjørn medgir at han er grundig i fjøset og vil ha det reint og ryddig. Og han trivst best når celletalet er under sytti tusen. Stig det langt over hundre er han snar med å schalme. Han har ein mistanke kor han skal starte.

– Så lenge eg veit kven som er årsaken, kan eg akseptere litt høgare celletal ein periode, seier han.

Blir det store utslag, tek han speneprøve og behandlar om nødvendig. Alternativet er å vente og behandle ved avgjelding. Verstingane vert utrangerte.

Sølvtina: Tidleg i november, medan det framleis var lov å samlast, fekk Bjørg og Torbjørn Madland overrekt Sølvtina under ei produsentlagssamling i Gjesdal. Gudmund Edland, leiar av produsentlaget, står for overrekkinga. Foto: Gjesdal produsentlag.

Les også om Rigmor og Trond Hennestad som fekk Tine sitt Mjølkespann for 25 år med elitemjølk.

Kontroll i fjøset

Fjøset er eit lågbygg frå 1987. Ein fôrsentral skil båsfjøset frå det gamle sauehuset. I ti år leigde dei kvote og mjølka 145 tonn, men kontrakten vart ikkje fornya.

– Eg er like glad nå, slik som prisane har utvikla seg. Eg aukar heller med ammekyr, seier Torbjørn.

No er grunnkvoten 111 tonn. Dei har rundt 20 mjølkekyr, kviger og kalvar, 150 vinterfôra sau og ti ammekyr. Kyrne er stort sett friske og mjølker stabilt. Grovfôret har jamt god kvalitet, med rundt 0,90 i fôreiningskonsentrasjon. Slik kjem dei i hamn rundt kvoten kvart år.

– Eg er nok litt gammaldags. Er ikkje spesielt glad i data og lister og brukar sjeldan mjølkeprognosen, seier Torbjørn.

Han var ivrig til å levere mjølkeprøvar dei første ti tolv åra, men må innrømme at han ikkje hugsar sist han leverte prøvar.

– Eg ser ikkje same behovet. Med hyppige analysar av tankmjølka rett inn på telefonen, og schalmen i bakhand har eg ein viss kontroll, seier Torbjørn.

Ikkje arbeidssky

Torbjørn var knapt ferdig med militæret før han overtok mykje av ansvaret for gardsdrifta. No er han bonde på heiltid medan Bjørg, som er sjukepleiar, jobbar på legevakta på Sandnes og som praksislærar ved Universitetet i Stavanger. Fleksible arbeidsgivarar gjer at ho kan
jobbe meir på vinteren enn i sommarhalvåret.

Unge og fulle av pågangsmot starta dei med 64 tonn i kvote. Dei mjølka opp og fekk kjøpt ein sovande kvote i nabogrenda. Ungdyra hadde dei «på bygda».

– Me haldt nok lys i fire fjøs ein periode, minnast Torbjørn.

Mellom fjøsøktene var han med faren på graveoppdrag. Arbeidslysten har han arva frå foreldra, Eva og Svein Madland, som bygde opp garden.

– At far ikkje jobba seg ihel på åttitalet, det forstår eg ikkje, seier Torbjørn.

Garden er på 170 dekar dyrka. Mykje av det er det nettopp Svein som har dyrka fram. Han har bygd vegar og rydda beite, og er ein kunstnar med gravemaskina. Eva trør til med barnepass og lamming slik at kvardagen går rundt.

Dei gode hjelparane: Foreldra til Torbjørn, Eva og Svein, er viktige for at kvardagen skal gå i hop. Også Lina, Eirik, Tormod og Sofie har sine oppgåver på garden. Foto: Privat.

Viktig med nettverk

Dei auka produksjonen og familien vart til seks. Bjørg jobba mest natt, og Torbjørn sjonglerte med barn og fjøs på dagtid. Spesielt eldstedottera Sofie, var mykje med – i bæremeis, både i fjøset og med anna gardsarbeid.

– Dei første sju åra var hektiske, seier Bjørg.

– Me var nok litt unge og overmodige. Skulle klare alt. I ettertid ser eg at det nok gjekk ut over familien, seier Torbjørn.

Likevel meiner dei at det å overta i ung alder er meir på godt enn på vondt. Dei har klart å få kabalen til å gå i hop, med gardsarbeid, familie og arbeid utanom.

No er dei meir avslappa. Dei har meir avløysing – og unner seg ferie og helgeturar.

Godt landbruksmiljø

Bjørg og Torbjørn er ein del av ein ung generasjon Gjesdal-bønder. Mange på same alder overtok samstundes og damene starta ei kuforeining. Bjørg medgir at det har vore til god læring og støtte.

– Å ha dei andre å snakke med trur eg har vore avgjerande for mi gardsinteresse og trivsel, seier Bjørg.

Med felles interesser og ungar i same alder, har dei delt på køyring til fritidsaktivitetar og hjelpt kvarandre med små og større ting.

Avventar lausdriftskravet: Bjørg og Torbjørn skal tilpasse båsfjøset til nye krav i 2024, men kva som skal skje i 2034 vil dei vente med å ta stilling til. Om ti år er dei tre eldste passert tjue og veit meir kva dei vil. Om nokon vil ta over skal foreldra støtte dei.  

Avventar lausdriftskravet

Frå 2010 til 2012 bygde dei sauehus og ammekufjøs i kombinasjon med reiskapshus. Ein kostnad på rundt to millionar i reine utgifter. God tid, svært mykje eigeninnsats og god hjelp av vener og familie, haldt utgiftene nede.

– Me har snakka om å bygge om til lausdrift, men det blir ikkje med det første. Med vår produksjon og areal er det i alle fall ikkje lønsamt med nytt frittståande fjøs, seier Torbjørn.

Dei har leika med tanken om å bygge ein hall, fylle den med flis eller tilsvarande, og bruke båsfjøset til mjølking. Men først skal dei bygge om det gamle sauehuset til kalv og ungdyr. Innan 2024 skal dei lage kalvings- og omsorgsbingar i fôrsentralen. Å lufte kyr på godvêrsdagar vinterstid ser dei heller ikkje mørkt på. Allereie i dag hender det at kyrne får seg ein luftetur.

Sofie (14) og Lina (12) sine tips til god mjølking:

• Vaska godt av juret.
• Prøv å unngå luftinnslepp.
• Vær nøye å skjubla i båsane.
• Gje beskjed om ein gjer feil, til dømes mjølker feil ku på tanken.
• Sjekka filteret når ein er ferdig å mjølka.

Involverer ungane

Sofie, Lina og Tormod kjem frå skulen. Jentene set seg ned ved kjøkenbordet. Begge har lært å mjølke. Når dei blir femten skal dei ha faste helger som avløysar.

Før 2034 skal familien gjere ei ny vurdering om vegen vidare. Målet er at alle ungane skal lære seg å ta fjøsstellet slik at dei veit kva dei takkar ja eller nei til når den tid kjem.

– Om ti år har dei tre eldste passert tjue og veit meir kva dei vil. Om nokon vil overta og fortsette å mjølke, skal dei få full støtte, lover foreldra, som likevel håper alle fire vil ta ei utdanning før dei eventuelt skal overta.

Både Sofie og Lina kan sjå føre seg å drive garden, men Lina veit godt at ho er nummer to i køen. Tormod er ikkje like glad i mjølkinga, men når våren kjem og utearbeidet tek til, då er han klar til innsats.

Om sommaren har heile ungeflokken sommarjobb med å hakke tistlar. Betalinga varierer, per time eller per plante.

– Litt trøysteslaust, men det går framover. Når det går trått har det god effekt å betale per plante, seier Bjørg og smiler.

 

 

Stikkord denne saka: , ,