• Romsleg og oversiktleg: Forutan god plass, med plass til 28 mordyr i kvar av dei fire gardane, er det lyst og triveleg i det nye fjøset. Det er reine drivgangar rundt heile fjøset.

Ingenting blir gjort på slump hjå Torleif Susort, heller ikkje tidspunktet for når dei første dyra skulle flyttast inn i det nye fjøset; 12.12 klokka 12 skulle det skje.

Jane Brit Sande

Sidan 2015 har Torleif Susort, Tysvær i Rogaland, drive aktiv avlsbesetning av Limousin. Første kvige av rasen kom til garden i 2005, og no tel besetninga i underkant av 200 reinrasa dyr. No står eit nytt fjøs klart på garden, med plass til 112 mordyr pluss kalv, og i tillegg 19 oksar. Fjøset er 50 meter langt og 30 meter breitt, og er bygd saman med ein av driftsbygningane på garden. Gravinga på tomta starta i mai 2016, og støypinga starta i midten av juni.
– Velkommen til gards, seier bonden, medan han med eit stolt glis opnar fjøsdøra inn til det nesten ferdigstilte fjøset.
– Eg er ikkje heilt ferdig enda, men eg har sagt eg skal ha dei første dyra inn 12.12 klokka 12, og då skal eg få det til.

Flotte fasilitetar

Fasilitetane i fjøset er mange. Det er fangfront på alle bingar, og ein fullfôrblandar med transportbelte tek seg av utfôringa. Kraftfôrautomatar er sett ut i kvar garde, men det er berre dei kyrne som nettopp har kalva, som får kraftfôr. For å beskytte kablar og leidningar mot nyfikne kalvar, har Torleif sett opp rustfrie plater rundt automaten.
– Det mesta av utstyr og innreiing er berekna på mjølkekyr, og driftsopplegget i mjølkeproduksjonen. Men med litt kreativitet og tilpassing, løyser alt seg, seier han.
Det nye fjøset er bygd inn i fire gardar, der to og to gardar er spegelvende av kvarandre. I kvar garde er det 2×14 liggebåsar. I kvar ende er det romsleg kalvegarde, og kalvings/velferdsgarde. Drifta er lagt opp til konsentrert kalving to gonger i året; i månadsskiftet februar/mars og oktober/november. Oksen går saman med 28 kyr om gongen.

Byggeleiar

Torleif har sjølv vore byggeleiar under bygginga.
– Sidan eg arbeider som prosjektleiar i oljenæringa ved sida av garden, har eg noko kompetanse til å gjere det sjølv. Det blir ikkje heilt utan prøving og feiling, for å seie det slik, det er klart det vart litt endringar undervegs, smiler Torleif.
«Litt endringar» er vel det me kan kalla relativt. Torleif fann ut han måtte forskyve heile bygget noko, i forhold til allereie eksisterande driftsbygning.
– Det viste seg at det var ei betre plassering, med tanke på seinare utnytting av utearealet. No har eg eit betre uteområde til å lagra rundballane. Prisen det viste seg at eg måtte betale, var at det nye bygget då kom skeivt ut med tanke på det rullande fôrbeltet. Det ordna seg sjølvsagt, gliser Torleif. Han er ikkje kjend for å la seg stoppe av litt motstand.

Viktig synfaring

Torleif har eit klart råd til alle som vil byggja fjøs.
– Ta deg råd og tid til å reisa rundt å sjå på fleire forskjellige fjøs. Det var den beste investeringa eg gjorde i forkant av bygginga, slår han fast.

Stikkord denne saka: , ,