Rask vekst: Auka produksjon, ein svak nedgang i etterspurnaden, og lågare befolkningsauke enn venta, gjer at marknaden for storfekjøt nærmar seg balanse raskare enn venta.

 

 

Det ryktast om stor pågang av storfeslakt, fulle lager, og skyving av slaktetidspunkt ut over basisveke.

Liv Kristin Sola

Ein krevjande sesong for mange har gjort at Nortura har behov for å utnytte fleksibiliteten i avtaleordninga for storfeslakt, skriv Nortura på sine nettsider. Somme bønder erfarer at dyra vert henta heilt fram mot siste dag i avtaleperioden, mot normalt tre veker etter innmelding (basisveke).

Nortura fekk tidlegare i år midlertidig dispensasjon til å auke volumet av storfekjøt på reguleringslager frå 2500 tonn til 5000 tonn. Samstundes fekk dei mottaksplikt av overskotsslakt av storfe også frå konkurrerande slakteri.

– Ja, me har fått inn meir slakt enn normalt, men me følgjer nøye med og situasjonen er handterbar, seier direktør for Nortura Marked og Bransje, Rolf Gjermund Fjeldheim, til Bondevennen.

Volumet av storfekjøt på reguleringslager er per i dag i overkant av 2000 tonn. Fjeldheim trur ikkje lageret vil auke, men skal tærast på fram mot jul og over nyåret. Direktøren seier at Nortura strekk seg langt for å halde seg innanfor avtalane, men ber samstundes bønder som har fôr og plass nok, om å vurdere å vente litt med å melde dyra inn til slakt.

– Ved å utnytte avtalane best mogleg kan me avgrense volumet til reguleringslager, og dermed redusere innfrysing, og få mest mogleg fersk storfekjøt ut i butikkane fram mot jul, seier Fjeldheim.

Rolf Gjermund Fjeldheim, Nortura Marked og Bransje.

Historisk stort lager: Diagramma viser utviklinga i lagerbehaldning av store, sau/lam og svin dei tre siste åra.

Auka tilgang om våren

Generelt er det størst etterspurnad etter storfekjøt om våren. Då er det færrast innmeldingar. Situasjonen om hausten  er tilnærma i balanse for storfekjøt. Gjennom prisregulering har Nortura prøvd å skyve slaktetidspunkt for storfe for å få inn meir slakt om våren, noko dei til ein viss grad har lukkast med.

– Veksten i storfeslakt dei siste fem åra har relativt sett vore høgare i første halvdel av året. Bøndene har tatt signalet. Sjølv om driftsopplegget legg føringar for slaktetidspunkt, ser me at somme klarer å planlegge for meir slakt om våren, seier Fjeldheim.

Tilnærma balanse for storfekjøt

Fjeldheim stadfestar at kombinasjonen av auka produksjon, ein svak nedgang i etterspurnaden, og lågare befolkningsauke enn venta, gjer at marknaden for storfekjøt nærmar seg balanse raskare enn venta. Prognosane for storfekjøt viser ein underdekning også i 2019. Noko er reell underdekning, medan ein del nok også skuldast slakting av dyr med lågare vekter i inneverande år.

– Kva vil du seie til bønder som vil utvikle drifta på garden?

– Som ung bonde i dag ville eg kritisk vurdert moglegheitene på eige bruk og kva ein har lyst til sjølv. Lytt til råd frå marknadsaktørane om kva det er behov for i marknaden, og om kva som er venta av auka produksjonsvolum framover. Per i dag er det avgrensa høve til produksjonsauke, men me veit av erfaring at det av generasjonsskifte, utslitt driftsapparat eller manglande interesse. Det generelle rådet er altså; ligg litt på været, finn ut kva du vil, lytt til marknadsaktørane og sjå kor det opnar seg handlingsrom. Me må unngå å produsere meir mat enn det me er i stand til å selje, seier Fjeldheim.

I den situasjonen me står i, oppmodar Fjeldheim Innovasjon Norge til å satse spesielt på klimatiltak i landbruket i åra som kjem.

– Klimatiltak vert eit viktig satsingsområde for norsk landbruk og vil trenge innovasjonsmidlar, seier Fjeldheim.

Stikkord denne saka: , ,