BN+

Ekstrarekning: Auke i kraftfôrprisen gir negativt utslag på botnlinja. Ein smågrisprodusent med full konsesjon får ei ekstrarekning på 34.500 kroner når kraftfôrprisen stig med fem øre kiloen.


Ein varsla prisauke på kraftfôr skapar både bekymringar og forventningar til kompensasjon i vårens jordbruksforhandlingar.


Sjur Håland


– Ingen likar å gå ned i løn, seier leiar i Jæren Rekneskapslag SA, Martin Svebestad.


Det er nettopp mindre løn og enda større problem med å handtera gjeld og førefallande rekningar som kan bli konsekvensen når nå den store kraftfôrprodusenten Felleskjøpet Rogaland Agder skrur opp kraftfôrprisen, i første omgang med kring 5 øre i snitt på dei proteinrike blandingane. Om ein reknar ein kraftfôrpris på fire kroner kiloen, vil ein prisauke på fem øre utgjera ein kostnadsauke på 1,25 prosent. Ein uryddig marknadssituasjon der mellom anna Kina hamstrar mais og korn, medan lagera av mais og kveite minkar i USA, er ein del av bakteppet for prisauken.

Marginane blir mindre

Rekneskapskontoret Svebestad leiar, er stasjonert midt på Jæren. Dei fleste av dei 850 kundane driv med landbruk.
Sjølv ei forsiktig auke på ti øre, får konsekvensar for husdyrprodusentane, slår Svebestad fast.


– Så lenge prisane går opp på dei ulike innsatsfaktorane medan oppgjersprisane på mjølk, kjøt og egg er nærast uendra, blir marginane mindre, seier han.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

Kjøp abonnement her

Allereie digital abonnent?
Logg inn her

Sjå veiledning for korleis du bytar passord.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

Stikkord denne saka: ,