Eit viktig tilbod: I snart eit år har Kjetil Rødland vore mentor for dei ferske sauebøndene, Lillian Hovda og Steinar Jørstad – og Laura. Svært lærerikt, er kommentaren frå bøndene. No rullar NLR  entorordninga ut for heile landet. Søknadsfristen nærmar seg raskt. Er du interessert ta kontakt med NLR. www.nlr.no/nyhetsarkiv/2019/mentor-2020/

 

Betre bønder med mentor

Litt tilfeldig vart Lillian og Steinar ein del av mentorordninga til Norsk Landbruksrådgiving. Eit år seinare takkar dei både mentor Kjetil og NLR for eit lærerikt år.

Liv Kristin Sola

I 2016 overtok Lillian Hovda og Steinar Jørstad heimegarden til Lillian i Vestbygdi på Voss. Eit bruk med mjølkeproduksjon i båsfjøs og 30 vinterfôra sauer. Lillian er einebarn. Gjennom heile oppveksten har ho visst at det er opp til henne å velje om ho ville satse på landbruket.
Steinar er frå Meldal i Trøndelag. Han har landbrukserfaring frå mjølkebruket til ein onkel.

Vegval

Dei unge bøndene bestemde seg for å overta garden, men valde å avslutte mjølkeproduksjonen og satse på sauehald. Med dei ressursane dei  rår over og med ventande krav om modernisering og lausdrift i mjølkeproduksjonen, var ikkje valet så krevjande.

– Me var bestemt på å drive garden og halde husdyr, men eg veit kor mykje arbeid det er med mjølk. For oss passa det best med sau, seier Lillian.

Stadig færre driv med mjølk i bygda, men dei aller fleste bruka har sau. Det er ‘lys i gardshusa i Vestbygdi.

Lillian har bachelor i reiseliv og utdanning i kunst og handverk, samt pedagogikk. Steinar er sivilingeniør. Begge er i fast arbeid, noko dei gjerne vil halde fram med. Dei har to små jenter, Sofie på 1,5 år og Laura på 3,5 år. Til det daglege fjøsstellet har dei god hjelp av Leif, far til Lillian. Dei unge bøndene håper på sikt at ein av dei kan vere meir heime på garden.

– For det er ein fantastisk jobb. Å sleppe sau og lam ut på beite om våren er heilt ubetaleleg, seier Steinar.

Arrangert partnarskap

Kufjøset er bygd om og Lillian og Steinar har rundt 100 vinterfôra sauer, kor kring 80 av dei skal lamme i april. Dei legg ikkje skjul på at det har vore hektisk, både å overta ein gard, små ungar, og jobb utanom. Det er mykje å sette seg inn i. Somme ting har dei lært den tunge vegen, og våren i fjor vil dei helst gløyme. Den var prega av jurbetennelsar, svake og sjuke lam og store tap.

Fram mot vinteren same året ringde Leif Trygve Berge frå NLR og spurde om dei var interessert i å få ein mentor.

– Me visste ikkje at slikt fanst og tilbodet var for godt til å takke nei til, seier Lillian.

Berge kontakta Kjetil Rødland for å høyre om han kunne tenke seg å vere mentor for Lillian og Steinar. Kjetil var ikkje vanskeleg å be.

– Når unge bønder vil satse på sau og treng råd på vegen, deler eg mine erfaringar med glede, seier han.

Den erfarne bonden meiner det er viktig at nye brukarar hentar impulsar utanfrå og finn sin måte å drive garden vidare på.

– Held du fram på same måte som førre generasjon, trur eg du vil stagnere og etter kvart slite med motivasjonen, seier Kjetil.

Viktige verdiar: Det er ikkje berre økonomiske grunnar til å velje bondelivet. For Lillian og Steinar er det ein ekstra verdi at barna kan vokse opp i lag med dyr. Foto: Privat.

Over snittet interessert

Kjetil har 25 års erfaring som bonde. På det meste hadde han og kona 170 vinterfôra sau. Han var rådgivar på sau hjå Nortura fram til 2009, var aktiv saueklippar på slakteriet i mange år, og er nestleiar i Hordaland Sau og Geit.

– Ei litt overdriven interesse for sau, medgir mentoren.

Dottera og svigersonen har overteke garden, men som hjå Lillian og Steinar – kårkallen er gull verdt. Kjetil er framleis aktiv i sauefjøset i tillegg til jobben på trelasthandelen på Voss. Det er deltidsbonden som dominerer sauehaldet i Hordaland.

– Hordalandsbonden vart aldri hekta på den store produksjonsauken som starta i 2015, men har halde på bruksstrukturen. Me er små, men mange. Voss har 14.000 sau og eit buskapsmiddel på 44 søyer per bruk. Med sau må du anten vere liten og ha jobb utanfor bruket, eller satse stort. Det har me ikkje arealgrunnlag for i store delar av Hordaland, slår Kjetil fast.

Lillian og Steinar har 100 dekar dyrka jord og 160 dekar beite av høg kvalitet. Dei har kort avstand frå fjøs til frodige beite i fjellet. Ein tidleg vår gjer at dei kan sende sauene til fjells allereie 10. juni.

Lærerikt med mentor

NLR inviterer alle mentor-par til ei felles samling tidleg på året kor dei må avtale dato for første møte og lage ein avtale med konkrete mål. For Lillian og Steinar handla det om å få ned lammetapet, etablere betre rutinar fram mot lamming, og ha betre kontroll på utrangering om hausten.

For dei ferske bøndene har Kjetil sin erfaring vore til stor nytte. Dei har fått eit innblikk i nettverket til Kjetil, dei har fått system på drifta og er betre budd for lamming.

– Når sauene er para og fosterteljing er gjennomført, er det viktig å tilpasse fôringa til dei ulike gruppene slik at søyene er i rett hald, og bonden er klar den dagen lamminga er i gang. Og ikkje gløym e-vitamin, seier Kjetil.

Dei ferske sauebøndene har bytta ut den lokale vêren med to avkomstgranska vêrar frå Nordhordland vêrering. Avlsarbeidet skal målrettast, i første omgang for betre slakteklasse og ein endå betre morsau.

Kven passar ordninga til?

Ut over den første samlinga er det opp til dei enkelte korleis samarbeidet skal fungere. Lillian, Steinar og Kjetil har ikkje hatt mange møter, men telefonen er flittig brukt. For det skal vere låg terskel for å ringe. 

Lillian og Steinar oppmodar nye brukarar til å søke mentor gjennom ordninga. Deira råd er å tørre å sette ord på utfordringane og ha klare mål for kva du ønsker hjelp til.

– Og ikkje nøl med å ringe. Mentor er der for deg og alt er lov å spørje om, seier Steinar.

– Kven passar som mentor?

– Det er alltid stas å bli spurt, men du må tenke gjennom om du har tid til å vere disponibel, slik ordninga krev. Og du må vere i stand til å gi ærlege vurderingar og svar når det krevst. Hugs at dei som melder seg på ordninga gjer det for å få ærlege tilbakemeldingar, seier Kjetil.

For Lillian, Steinar og Kjetil er mentoråret snart omme. Men det sluttar visst ikkje her.

– Eg blir så motivert når folk er engasjert og interessert i sau, så eg gir ikkje slepp så lenge dei vil ha kontakt. Eg vil jo gjerne sjå resultat av det me har starta, seier han, og smiler lurt. 

Eit tilbod Lillian og Steinar veit å takke ja til.

Stikkord denne saka: , ,