Har aldri angra: Det var lite snakk om SPF-gris då Rita og Lars Våge sanerte for dysenteri i 2015. Men etter oppmoding frå Nortura valde dei å legge om. – Mindre sjukdom, betre tilvekst og redusert fôrforbruk gjer at bønder som legg om vil tene inn att kostnaden på få år, meiner Rita.

Betre kvardag med SPF

jun 24, 2020

Etter at dei la om til SPF er smågrisperioden korta ned med to veker. – No har me betre tilvekst, mindre arbeid og god tid til reingjering og tørking før neste innsett, seier Lars Våge.

Liv Kristin Sola

Rita Austrheim Våge og Lars Våge i Årdal i Ryfylke, la om kombinertbesetninga si til SPF-gris etter at dei måtte sanere for dysenteri i 2015.

– Etter ei tid med mykje diare på smågrisen, kom Nortura og tok prøve som påviste dysenteri. Det var tøft å få beskjed om å slakte ut og sanere, seier Rita.

Les også: Valde vekk SPF

Eit godt råd

Grisene vart slakta og fjøset grundig vaska, desinfisert og tørka. Huset stod tomt i juli og august. I september fekk dei nye drektige purker og produksjon var i gang att i 2016. Kostnaden kom på rundt to millionar. Forsikringa dekka alt, bortsett frå vaskinga som dei gjorde sjølve.

– Sett i ettertid skulle me ha hyra eit firma til jobben og fått dekka det også, seier Lars.

Årdals-bøndene er ikkje i tvil. Skaff deg ei god forsikring som dekker to års driftstap. Sjølv om forsikringspremiane har auka, er det småpengar mot kva det kostar om noko skjer. Nortura, spesielt Arvid Søyland og Flemming Mæland, var viktige denne tida. Dei tok all kommunikasjon med Gjensidige, og rådde bøndene til å legge om til SPF.

– Den gong var det lite snakk om SPF, men Nortura meinte det var framtida. Dei fekk rett, seier Lars.

Bøndene er glad for at det i løpet av året vert fleire SPF-besetningar i bygda.

Gardsfakta

Rita Austrheim Våge og Lars Våge har drive heimegarden til Lars i Årdal i Ryfylke sidan 1998. Begge er heiltidsbønder og har svært god hjelp av barna Martha (21), Johannes (19) og Daniel (16).

Dei har SPF-gris med full konsesjon og sju-vekers puljar. Smågrisen sel dei til faste mottakarar.

Ammekufjøset har plass til 38 mordyr pluss oppdrett av rasen Angus. Vegg i vegg har dei 150 vinterfôra sau av rasen NKS. Dei har kalving i februar og mars og lamming i april.

Om våren opnar dei fjøsdøra og dyra kan beite samanhengande til opp til 550 meter til fjells. I juni slaktar dei siste pulje med oksar og fjøset blir tomt for sommaren.

Dei eig 310 dekar dyrka jord, mykje gjødsla beite med vegar langt inn i beiteområda, og gode beiteområde til fjells.

Første SPF-besetning i bygda

Med SPF-gris byrja ein ny kvardag, med skjerpa rutinar for smittevern og dusj og garderobe i smitteslusa. Det betyr munnbind, hovudplagg og eingongshanskar. Dei skifter alt av klede og lar telefonen ligge att i slusa. Har dei vore utanfor bruket eller hatt besøk, går dei alltid gjennom dusjen i smitteslusa før neste økt i fjøset.

– Me måtte nullstille tankegangen og begynne på nytt. No er det rein rutine, men me var spent då dei første dyra kom. Var rutinane gode nok til å hindre re-smitte, seier Rita.

Alle rådgivar- og veterinærbesøk, som vaksinering og kastrering, blir lagt til måndag morgon. Då er det minst 48 timar sidan dei har vore i andre grisehus.
Dyrebilen som hentar smågris kjem også måndag morgon, med rein bil og 48 timars «karantene».
Bøndene og sjåføren har fråskilde område på lasterampa, som blir vaska og desinfisert etter lasting. Kadaverhenting skjer aldri inne på garden. Daude dyr vert køyrt ned til hovudvegen i kadaverkassen.

Friskare og jamnare kull

Omlegginga har ført til mindre sjukdom i fjøset, færre tapargrisar og jamnare kull. Fôrforbruket er redusert og smågrisen er klar for sal berre ni veker gamal. Sink og saltbalanse er historie, det same er smågrisdiare.

– Me mistar færre smågris og har svært lite problem med halebiting, seier Rita.

At tida i smågrisavdelinga er korta ned med to veker trur ho er litt av forklaringa. Hovudpuljen griser i løpet av ei veke og smågrisen går maks fem veker med purka, som tidlegare. Tida i smågrisavdelinga er redusert frå seks til fire veker.

– No har me fjorten dagar til å vaske, desinfisere og ikkje minst tørke ut smågrisavdelinga før nytt innsett. Det er avgjerande for å redusere smittepresset, seier Lars.

Tidleg ute med SPF: Nortura rådde Rita og Lars til å legge om til SPF-gris etter at dei fekk påvist dysenteri og likevel måtte sanere. Spørsmålet er om det er slike kriser og forsikringspengar som skal løfte næringa, eller er det snart grisen sin tur til å få økonomisk støtte til fornying og innovasjon? Foto: Privat

Ammepurker avlastar store kull

I kvar pulje held dei att fire purker, gjerne ungpurker, som vert inseminert noko seinare enn resten. Dei går med kullet sitt til neste pulje griser og vert nytta som ammepurke for overskotsgris frå puljar med store kull.

– Med fjorten i kullet blir det eit jamt kull med svært få taparar og det slit mindre på purka. Ho tapar ikkje hald og er lettare å få drektig att, seier Lars.

Dei største grisungane i store kull vert sikra råmjølk før dei vert flytta til andre kull eller til ammepurka.

– Ammepurker lettar arbeidet og me nyttar lite pulvermjølk, seier Rita.

Purkene får i snitt fire kull, aldri meir enn seks. Målet er å få 14 avvende per kull. Det hender dei lukkast. Førre pulje ende på 14,2 avvende.

Bles ut fôr og strø

I samband med ombygging til rein smågrisproduksjon investerte bøndene i fôringsanlegget Agrisys Airfeed. Systemet bles ut tørrfôr og tilfører vatn like før utløp til fôrkrybba. Det gir god hygiene og grisene får ferskt fôr kvar fôring. Anlegget blir også brukt til strø. Strø får dei i bulk frå Felleskjøpet, det blir blåst inn på ein kraftfôrsilo.

– Eit viktig smitteverntiltak, seier Lars.

– Fôringsanlegget hentar flis frå siloen og bles det inn i smågrisbingane. Me sparar tid som me heller kan bruke på dyra, seier Rita.

Smågrisen får Format Kvikk 160. Dei siste vekene blir smågrisfôret blanda med litt purkefôr. Purkene får Format Purke. I gjeldperioden blir kraftfôret tilsett 15 prosent roepellets.

– Det gir ei kjensle av mettheit og er bra for magen, seier Lars.

Bøndene er svært nøgde med rådgivinga dei får frå Gert Vognstoft i Felleskjøpet.

Verdien bak etiketten

Rita har merka seg at verdien av norsk mat har fått ein del merksemd under koronakrisa. Norske bønder har strenge krav på seg, ikkje minst svinenæringa. Ho meiner det er heilt rett, og trur SPF er framtida.

– Eg trur det er viktig for omdømmet vårt å ha ein slik standard. Eg blir stolt av det me produserer når me kan dokumentere god dyrehelse og kvalitet gjennom heile produksjonen. Dette er livsverket vårt, seier ho.

At folk har lite kunnskap om norsk matproduksjon meiner bonden er ei stor utfordring for landbruket.

– Skal folk velje norsk mat må dei forstå kvifor, seier ho. Med meir kunnskap om samanhengane mellom matproduksjon og korleis landet ser ut, trur ho det ville vore mindre «kjøtskam».

– Me må få folk til å forstå at det ligg mykje hardt arbeid og god dyrevelferd bak etiketten til norsk mat, seier Rita, som er utdanna institusjonskokk.

Hit, men ikkje lenger: Berre dei som har ein jobb å gjere får sluse seg gjennom dusjen og garderoben og inn i grisehuset. Smittevern blir teke på høgste alvor.

Grisen sin tur

Skal Norsvin nå målet om å omstille heile svinenæringa til SPF må det god planlegging til og ein god del pengar. Rita og Lars trur tapt inntekt i saneringsåret og fare for re-smitte i grisetette område blir ei stor utfordring.

– Eit tilskot på fem tusen kroner per purke er ein god start. Men det trengst meir pengar samt ein overordna saneringsplan skal me kome i mål, seier Lars.

Han meiner det er på høg tid at også grisen får litt av potten til Innovasjon Norge. I lag med Rita har han utvikla dei tre produksjonane på garden jamt og trutt. Grisehuset er ombygd og utbygd i fleire omgangar. Etter saneringa la dei om til SPF. To år seinare måtte fødeavdelinga moderniserast. Då vart det rein smågrisproduksjon.

Etterlyser investeringsstøtte

Lars og Rita har investert mange millionar i svineproduksjonen på garden. Utan ei krone frå staten. I 2012 bygde dei fjøs til ammeku og sau. Då kom pengane. For svinenæringa betyr tilskotet svært lite for totaløkonomien. For ammeku er det motsett.

– Svinenæringa skal liksom klare seg sjølv, men slik økonomien har utvikla seg dei siste åra, er det krevjande, seier Lars.

Han trur mange kan vurdere omlegging til SPF som ein moglegheit til å halde fram med gris. Då er investeringstilskot heilt avgjerande.

– Eit slikt tilskot kan ha eit absolutt krav om å legge om til SPF utan å auke produksjonen, seier Lars.

Bonden forstår frykta for overproduksjon, men meiner næringa er i endring. Faste avtaler om levering av smågris blir standard.

– Ingen aukar talet på purker utan ein garanti for avsetning på smågrisen. Å bygge for spottmarknaden er det ingen som tør, seier han.

Grisen er viktig for distrikta

Dersom svinenæringa ikkje får betre vilkår, fryktar Årdals-bøndene ei avskaling, spesielt i distrikta.

– Mange har tæra lenge nok på det dei har. Det går ikkje ein generasjon til. Det krevst investeringar jamt og trutt skal neste generasjon ha lyst til å overta, seier Lars.

Han meiner svinenæringa har ei viktig rolle i distriktslandbruket og etterlyser ei meir aktiv rolle frå Bondelaget for å modernisere og utvikle svinenæringa og slik sikre at det fortsatt vil vere gris i heile landet.

– Grisen er viktig for norsk kornproduksjon og heilt avgjerande for slakteristrukturen. Ei sunn svinenæring er god distriktspolitikk. Utan gris blir det svært krevjande å drive med sau og storfe over heile landet. Om grisebøndene ikkje kjem i posisjon til å investere står me i fare for å miste distriktsgrisen. Det er alvorleg, seier Lars.

Stikkord denne saka: ,