Valde konvensjonelt: Magnhild Aanestad vil ha moglegheita til å invitera skular og barnehagar inn i grisehuset. – Enn så lenge lar ikkje dette seg kombinera med SPF, seier ho. Foto: Sjur Håland

Magnhild Aanestad valde å halde fram med konvensjonell produksjon. – Men døra er ikkje lukka att. Eg kan sanera seinare, seier ho.

Jane Brit Sande

Magnhild Aanestad bygde nyleg på eksisterande grisehus på garden på Varhaug i Hå kommune. Ho valde å halde fram med konvensjonell produksjon, i staden for å legga om til SPF.

– Me veit at det bankar på døra, og at me ein dag må legga om, seier ho til Bondevennen.

– Eg har ikkje tatt standpunkt til om eg er for eller mot SPF. Det er fleire ting som speler inn til at me valde halde fram med konvensjonell produksjon. Økonomi er ein grunn, smittevernkrava er ein annan.

Magnhild og sambuaren, Jan Ove Hobberstad, har til saman fem born mellom halvanna og 17 år.

– Ungane er mykje med i fjøset, og eg såg ikkje syn på å dusje dei inn i grisehuset etter skule og barnehage, seier Magnhild.

– Eg har alltid hatt ein visjon om å invitera barnehagar og skular til gards, og ta dei med inn i fjøsa. Enn så lenge lar ikkje dette seg kombinera med SPF, seier ho.

Les også: Betre kvardag med SPF

Mange investeringar

Då paret tok over heimegarden til Magnhild i 2017, hadde dei smågrisproduksjon og mjølkeproduksjon.

– Kort tid etter at me tok over garden, bygde me ut kufjøset. Det var eigentleg ikkje ein del av planen å investera i grisehuset før etter fleire år, seier Magnhild.

Marknaden for smågris vart veldig dårleg kort tid etter at dei tok over garden. Magnhild såg at det var naudsynt med eit grep.

– Me bestemte oss for å legga om til kombinert produksjon, og sidan gjekk det slag i slag. No er me godt i gang med å bygga oss opp til full konsesjon, seier ho.

Burde lagt om?

Magnhild avfeia kjapt tanken om å legga om til SPF då dei skulle legga om produksjonen.

– Det var aldri ein diskusjon. Me bygde på eksisterande bygg, og me hadde drifta i gang medan bygginga stod på. Eg veit ikkje ein gong om me hadde hatt banken med oss viss me i tillegg skulle tatt kostnaden med å sanera, seier ho.

Etter tre hektiske år med gardsovertaking, bygging og baby, har dei endeleg hovudet over vatnet.

– No, når me er ferdig, hender det at eg lurer på om me burde lagt om til SPF, når me først var i gang. Og det er heilt sikkert nokon som tenker at me tok eit dårleg val. Eg veit ikkje om me hadde valt annleis om me skulle bygd nytt grisehus, seier ho.

Valet handlar også om økonomi.

– Skulle me sanert no, måtte me nok hatt ein Lotto-vinst først, seier Magnhild.

– No skal me endeleg ha moglegheita til å tene litt på alt arbeidet her på garden, seier ho.

Magnhild kjenner fleire produsentar som har lagt om til SPF, som synest det fungerer godt – også på Jæren.

– Eg har høyrt mykje positivt om SPF, også om korleis produksjonsresultata har endra seg. Men for oss var ikkje dette den rette tida til å legga om. Men døra er ikkje lukka att. Eg kan sanera seinare.

Stikkord denne saka: ,