Debatterer: Frå venstre, styremedlem i Norges Bondelag og rådsmedlem i Tine, Arthur Salte, leiar av produsenttenesta i Q-Jæren, Geir Vestly, og Q-sjef Bent Myrdahl. Biletet er tatt då konkurrentane underviste på Vinterlandbruksskulen på Jæren i januar 2019. Arkivfoto.

 

– Dette er ei kraftig bevisstgjering om kor viktig samvirket er for oss bønder, seier Arthur Salte, rådsmedlem i Tine, om utspela til Q-direktør Bent Myrdahl.

Liv Kristin Sola

 

Det var mange som mest sette kaffien i halsen og måtte hente fram dei skarpaste lesebrillene då dei opna Bondebladet torsdag for to veker sidan. Somme måtte lese to gonger før beskjeden tok til å synke inn. Er Q-sjef Bent Myrdahl verkeleg villig til å sette heile mjølkeordninga i spel for å sikre eige selskap?

Sterke reaksjonar frå sine eigne

Telefonen har gløda hjå Geir Vestly, leiar av produsenttenesta i Q-Jæren. Nokre få bønder har reagert kraftig i media på utspelet. At Bent Myrdahl kan sparke frå seg er ikkje nytt, men denne gongen gjekk han langt over streken, etter reaksjonane å dømme. Å bli ei brikke i eit politisk spel kor Q-sjefen tilsynelatande vil risikere framtida til sine eigne leverandørar, kjennest krevjande.

Somme har fått nok og melder overgang til Tine. Vestly stadfestar at dei har fått utmeldingar og fryktar fleire. At Q-sjefen i ettertid meiner seg mistolka og delvis har beklaga utspelet, har ikkje verka spesielt dempande.

– Skremmer Myrdahl sine eigne leverandørar meir enn han skremmer Tine?

– Vel, me mister leverandørar på dette. Samstundes er det heilt klart at Tine ser med uro på at Q styrkar seg i sluttmarknaden på kostnad av Tine, seier Vestly til Bondevennen.

Løftebrot?

Han trur det er ein viktig grunn til at både Tine og Bondelaget går hardt ut mot Tine-konkurrentane si støtte.

– Me står midt i ei stor investering og kjenner på eit massivt press både frå Tine og frå Bondelaget, om å fjerne alle tilskot. Hadde me frykta ordningane skulle forsvinna, hadde grunnlaget for å satse vore heilt annleis, seier Vestly.

I 2017 fekk Q lovnad frå dåverande landbruksminister Jon Georg Dale, om at dei ikkje skulle tape økonomisk på å ha eigne leverandørar. Politikarane ville ha konkurranse i heile verdikjeda og innførte ordninga med kapitalavkasting. Fire år seinare fryktar Vestly at politikarane sviktar løfta sine.

– Det blir utfordrande å fjerne tilskota utan å vurdere heile ordninga. Q er heilt avhengig av eit system som sikrar lik mjølkepris dersom vi skal klare konkurransen mot Tine, seier Vestly.

Q er heilt avhengig av eit system som sikrar lik mjølkepris dersom vi skal klare konkurransen mot Tine.

Geir Vestly

Fakta om PU

Prisutjamningsordninga (PU) er ei offentleg ordning som skal sikre lik mjølkepris til alle mjølkeprodusentar, uavhengig av kor dei driv, og kva mjølka blir brukt til.

Inntektene i PU kjem frå avgift på drikkemjølk og flytande produkt, medan utgiftene er knytt til faste produkt som ost, smør og tørrmjølk, samt konkurransefremjande tilskot.

Ordninga skal legge til rette for å oppnå målprisen på mjølk. PU-ordninga finansierer i tillegg dei såkalla konkurransepolitiske tiltaka, som i sum utgjer om lag 180 millionar kroner.

Av denne potten får Q 140 millionar fordelt på distribusjonstilskot på 50 øre per liter, eit småmeieritilskot på 27 øre per liter (inntil hundre millionar liter), og kapitalavkasting som er regulert i forhold til etterbetalinga i Tine.

 

Ulik pris: Ein del av debatten er kva mjølka kostar i butikk – og kven som er ansvarleg for prisskilnaden. 

Maktforskyving frå bonde til marknad

Arthur Salte, styremedlem i Norges Bondelag og rådsmedlem i Tine, følgjer debatten tett.

– Bent Myrdahl har trekt det siste kortet. Han presenterer eit tankesett som nok overraskar mange. Dette ville blitt starten på slutten på ein velfungerande meierimarknad. Reaksjonane viser at me er i ferd med å vakne og sjå kva som er i spel, seier Salte.

Han setter Q-sjefen sitt utspel inn i ein samanheng som handlar om ei maktforskyving frå bonde til marknad. Sjølv om samvirka kan vise til auka salstal og gode resultat i året som gjekk, tapar dei marknadsandelar til konkurrentane.

– Eg trur bøndene forstår og fryktar konsekvensane av eit svekka samvirke, seier Salte.

Landbruket er pressa frå fleire kantar. Sjølv i eit godt år, er det ingen av råvareaktørane som når daglegvarehandelen til knea. Dei omsette for 209 milliardar i fjor. Ein auke på over 30 milliardar, tilsvarande 17 prosent.

– Dette er ei kraftig bevisstgjering om kor viktig samvirket er for oss bønder. Mange ser at det å stå i lag, mot kjedene og mot kapitalen, er avgjerande, seier Salte.

Han beklagar at Tine ikkje alltid har oppført seg eksemplarisk overfor bønder som har gått til Q.

– Slik skal det ikkje være blant oss bønder. Eg har full respekt for dei som ønsker å ha ein annan råvaremottakar enn Tine. Q er ein solid merkevare og me har alle ansvar for å legge til rette for rettferdig konkurranse, seier Salte.

Sakleg debatt om PU og tilskot

Men når det kjem til å fylgje same spelereglar skurrar det hjå Salte.

– Q betaler ein meirpris på 14 øre for mjølkeråstoffet. I tillegg kan Q-bøndene tilpasse seg ei av fleire prisløyper og slik kan dei optimalisere mjølkeprisen, seier Salte.

Vestly på si side, understrekar at ein meirpris er avgjerande for å vere attraktiv råvaremottakar i konkurranse med Tine sitt omfattande medlemsapparat.

– Utan konkurransefremjande tilskot hadde Q aldri hatt økonomi til å halde seg med eigne leverandørar, seier Vestly.

Den kjøper ikkje Salte.

– Ifølgje proff.no er både lønsemd og soliditet svært bra for Q-meieriene. Dei er råflinke, og er i god stand til å gjere investeringar utan økonomisk draghjelp frå PU, seier han.

Salte har også merka seg at fleire av Q sine eigne produsentar tek til orde for å vurdere tilskotsordningane.

– Me må sjå på dei tre tilskotsordningane kvar for seg slik at det vert rettferdig for alle partar. Først ut er distribusjonstilskotet, seier Salte.

Han ser ingen grunn til at Q skal få 50 øre per liter i distribusjonstilskot, og minner om at Asko er Norges mest effektive distributør. Ordninga med kapitalavkasting kan han lettare forstå argumentasjonen for, men ikkje måten det blir rekna ut på.

– Det er klart at når ein bonde går til Q, blir all kapital som dei historisk har vore med og bygd opp, liggande att i Tine og er grunnlag for verdiskapinga i selskapet, seier Salte.

Vestly reagerer på kommentaren om at Q har konkurransedyktig transport.

– Q har to meieri som er plassert der mjølka er, men langt frå dei folkerike byane. Det gir lang og kostbar transport frå fabrikk til marknad, samanlikna med Tine, seier Vestly, og minner om at Q i si tid ønska å ta del i landbrukets ferskvaredistribusjon, men fekk nei.

Me er i ferd med å
vakne og sjå kva
som er i spel.

Arthur Salte

Treng ro og stabilitet

Både Vestly og Salte håper på ein grundig debatt om PU og dei ulike tilskotsordningane. Begge fryktar import meir enn kvarandre.

– Eg trur denne debatten som no går er ei bevisstgjering både for bønder og politikarar, seier Salte.

Han håper at Stortinget med landbruksminister Bollestad i spissen, no tek rev i segla og sikrar stabilitet i rammevilkåra.

– Me treng ei ny forskrift for korleis me skal innrette konkurransen i mjølkemarknaden for å bli ferdige med dette og kome oss vidare, seier Salte.

Både Salte og Vestly håper på ei konstruktiv løysing på korleis betalinga for råstoffet skal vere.

– Me må sikre lik tilgang på mjølkeråstoff og lik pris på mjølka inn til meieriet. Det betyr i praksis å vidareføre ordninga med kapitalavkastning, seier Vestly.

 

20 år tilbake i tid

Vestly er overtydd om at Q-meieriene kjem til å vekse og bli større.

– Me får ein flott fabrikk og skal innovere og vere ein god konkurrent til dei andre i sluttmarknaden. Men eg hadde håpt det vart med eigne leverandørar, seier Vestly.

Etter å ha kjempa så lenge for å etablere konkurranse i primærleddet, meiner Vestly det er heilt utenkeleg å halde fram utan eigne leverandørar.

– For Q er det viktig å ha hand om heile verdikjeda. Bøndene er sjela vår. Det blir som å stille klokka tjue år tilbake til ei tid kor det var monopol på råvareleverandørane. Det er ingen tente med, seier han.

Men om så skulle skje meiner han mjølkeråvara skulle vore fristilt frå meieriaktørane, gjerne som eit statleg uavhengig selskap, som norsk mjølkeråvare.

Alternative sanningar

Salte trur situasjonen vil stabilisere seg, og ser på det heile som ein vekkjar. Samstundes oppmodar han bønder om å lese aviser som Dagens Næringsliv, Aftenposten, E24 og Dagligvarehandelen.

– Me må vere klar over at dei private aktørane heilt bevisst brukar desse avisene for å snakke si sak overfor det politiske miljøet. Stilt og roleg, utan debatt, kan enkeltaktørar påverke det politiske miljøet og etablere sanningar, utan at me bønder er klar over det, seier Salte.

Stikkord denne saka: , ,