I Bondevennen nummer 42, var me på besøk i den nye fjøset til familien Helland, på Helland i Bjerkreim kommune i Rogaland. Her kjem fleire inntrykk frå besøket på garden.
Elias (10), og broren Kristoffer (14) Helland avløyser gjerne far Tønnes i fjøset. Mor Mona har kontroll på logistikken og far til Tønnes tek og gjerne i eit tak, så familien kan få nokre dagar fri.
Liv Kristin Sola
Dei er tre generasjonar som delar på arbeidet i det nye robotfjøset. Kyrne flytta inn i juli dette året. Fjøset er lyst og trivelig, med plass til 40 kyr. I dag har dei 24 mjølkekyr, men vil gradvis bygge opp besetninga slik at dei klarer å produsera kvoten på 250.000 liter.
Heile familien var til stades då bondevennen var på besøk. Mor Mona, Far Tønnes, Kristoffer på 14, Elias på 10 og minstejenta Linea på 6 år. Kristoffer og Elias er mest dagleg med i fjøset. Dei er nøgd med det nye fjøset, og seier at dei får enda betre kontakt med dyra no når dei går lause.
Historia om familien og drifta vart presentert i Bondenvennen nr 42.
Elias og Kristoffer hadde følgjande lure tips til andre som skal bygga:
• Legg vasspunkt på ulike stadar rundt om langs veggane fjøset. Då er det fort gjort og spyla langs veggar og hjørne for å halda det reint og fint.
• Montér uttak for straum i begge endar av fôrbrettet. Då vert det enklare å ta fram klyppemaskinen og klyppa halar når det trengs.
• Utlufting; ei smal skyvedør i lausdriftsarealet og ei breiare skyvedør diagonalt i motsett ende, gir rask og effektiv utlufting i fjøset.
• Måkerobot med vatn og ladestasjon for måkeroboten i nærleiken av vasspunkt slik at den legg kan fylle seg før den tek runden.
• Unngå glatt fôrbrett ved å dryssa litt sand i betongen i midten av fôrbrettet der ein skal gå.
Stikkord denne saka: Driftsbygning, Mjølkeproduksjon, Storfe