Slitne: – Norske pelsdyrbønder er slitne og fortvila, fastslår Morgan Rege til venstre saman med leiaren i Rogaland pelsdyralslag, Jan Ove Horpestad.

Framtida til pelsdyrbøndene Morgan Rege og Jan Ove Horpestad heng i ein syltynn tråd. – Heile næringa er prega av botnlaus fortviling, seier dei.

Sjur Håland

Rundt eit kvitmåla kjøkkenbord i eit våningshus på Rege, sit to vaksne menn og klemmer hendene hardt rundt kvart sitt kaffikrus. Saman med Morgan Rege og Jan Ove Horpestad på kjøkkenet, er ein usynleg elefant. Situasjonen for pelsdyrbøndene er no så prekær at dei fryktar det dei ikkje ein gong våger å nemna.

– Om eg må slutta, er det ein ting som er brennsikkert. Eg skal aldri meir driva med dyr, seier Rege, og ristar oppgitt på hovudet.

Blir rasert

Då den første bygningen hans vart sett opp i 2005, var drifta meint å vera grunnlaget for Rege si yrkeskarriere.

– Garden er liten, kring 30 dekar med dyrka jord. Før dreiv me med gris. Pelsdyr var langt meir attraktivt, særleg grunna storleiken på garden, seier han.

Bonden har investert drygt 5,5 millionar kroner i pelsdyrfarmen. Besetninga består av 1500 tisper. Til saman har han mellom 8-9000 dyr i dei to nye bygningane. No må han førehalda seg til at dyra må ut og dørene i produksjonslokala stenga innan utgangen av 2024. Pelsesesongen er i kjømda. Rege og kollegane hans går inn i ein travlare periode.

– Det er bra å ha det travelt. Det blir mindre tid til gruvling når dagane er travle, seier han.

– Kan du beskriva situasjonen du er i no?

– Det er alt anna enn lett. Enkelte morgonar kan det vera tungt å koma i gang. Det går lettare ut på dagen. Eg har det greitt, men det er tøft. No har eg nådd den produksjonen eg skulle ha, med topp avlsdyr og alt på stell. Meininga var at me skulle leva av dette. Nå blir det heile rasert.

Sjokkbeskjed

Rege og Horpestad fortel om den korte vegen frå januar 2017 då det grøne lyset vart tent etter at eit fleirtal på stortinget gjekk inn for ei berekraftig utvikling av pelsdyrnæringa, fram til januar året etter, då Venstre kom inn i regjeringa og fekk medhald hjå Høgre og Framstegspartiet i at næringa skulle avviklast innan utgangen av 2024. Horpestad, som er leiar i Rogaland Pelsdyralslag, var på nyttårskonsert i Klepp rådhus då han fekk beskjeden kviskra inn i øyra.

– Det var eit stort sjokk. Heilt uventa. Telefonen gjekk varm utover kvelden og natta. Pelsdyrbøndene var djupt fortvilte og spørsmåla var mange.

No, eit snautt år etter, er pelsdyrbøndene slitne.

– Det røyner frykteleg på, stadfestar Rege og Horpestad.

Rege understrekar behovet for ei snarleg avklaring.

– Skal styresmaktene forby ei næring, er ein økonomisk kompensasjon ein sjølvfølgje, men etter alt som har skjedd, er eg jammen ikkje trygg på det heller.

Tafatte styresmakter

– Har du alternativ som du vil i gang med på garden?

– Nei. Det einaste eg veit er at om det endelege vedtaket om nedlegging av pelsdyrnæringa kjem, skal eg ut av alt som heiter norsk landbruk. Det blir ikkje meir husdyr her på garden. Med desse tafatte styresmaktene veit ein aldri kva som kjem rundt neste sving. Pressgruppene tar ikkje pause når pelsdyra er vekke. Då er det dei andre dyreslaga kampen kjem til å stå om. Eg orkar ikkje meir av dette, seier Rege. Han har sjølv opplevd å ha dyrevernaktivistar med kamera i pelsdyrfarmen sin.

Jan Ove Horpestad står i spissen for 75 pelsdyrbønder i Rogaland og er den som har den tettaste kontakten med pelsdyrfarmarane. Han fortel at det den første tida var svært turbulent. Så roa det seg ned. Men utpå sommaren byrja fleire pelsdyrfarmarar å få økonomisk trøbbel.

– Bønder er uroa over økonomien, drifta og korleis det vil gå med slektsgarden deira, seier Horpestad, som sjølv har måtta søkt hjelp for til å ventilera alle inntrykka etter samtalar med kollegane sine.

I økonomisk trøbbel

Fleire unge bønder har starta med pelsdyr for å bygga kapital og rusta seg til å ta over garden. Verdsmarknadsprisane på skinn har vore labre den siste tida. Lite tydar på at auksjonane på nyåret vil løfte skinnprisane. Å få lån eller utvida driftskreditt for å dekka eit akutt behov, til dømes ein ny fôringsmaskin etter eit havari, har blitt nærast umogleg.

– Ein gard som her hjå Morgan Rege, hadde kanskje ein verdi på åtte til ti millionar kroner. No har verdien på dyr og driftsapparat forsvunne. Dermed kan ikkje bonden stilla sikkerheit for ei låneauke. Dette er rett og slett dramatisk for dei som av ein eller annan grunn har kome i ein akutt økonomisk skvis, illustrerer Horpestad.

Kjennar seg gløymde

Pelsdyrbøndene har kome i skuggen av regn og tørke og stor mediemerksemd mot bønder i trøbbel grunna vêret, fortel Horpestad.

– Då er det naturleg at pelsdyrbonden kjenner seg gløymd og tenkjer; kva med meg – eg må faktisk legga ned, og veit ikkje om eg får erstatning for dei seks millionane eg har investert, kanskje eg må gå frå gard og grunn, seier han.

– Lovnadane om kompensasjon, er dessutan ikkje meir truverdig enn det grøne lyset me fekk av politikarane i fjor, legg Rege til.

Ulukka har ikkje berre råka dei unge bøndene som har satsa millionsummar dei siste åra. Pelsdyrleiaren held også fram stoda til eldre pelsdyrbønder som har arbeidd med mink heile livet.

– Dei har gjerne tent godt og betalt ned gjelda. Minkfarmen deira har vore ein tryggheit for god økonomi etter gardsoverdraging og oppnådd pensjonsalder. No er verdiane vekke.

Gruppesamlingar

Dei ventar på svar frå styresmaktene, men har lite tru på snarleg avklaring. Ein eventuell ny politisk kurs med ei raudgrøn regjering kan endra statusen.

– Det blir uansett mykje om og viss, som hjelper lite den enkelte produsenten som treng svar her og no, seier Rege.

Pelsdyrbøndene i Rogaland har kome saman i mindre grupper i haust, etter fleire og alvorlegare tilbakemeldingar til styret i Rogaland Pelsdyralslag.

– Dette gjorde me i styret for å imøtekoma den einskilde bonden best mogleg. Det har aldri vore gjort på denne måten før. Me var samla i grupper på seks til åtte personar. Desse «nabomøta» var svært nyttige. Det er lettare for den enkelte å snakka i små grupper enn å ta ordet i store møte.

Legeråd: Når presset øker

Det å stå i en presset og usikker situasjon over tid er uheldig for helsen, både fysisk og psykisk. Vi mennesker tåler mye, og der vi kjenner utfordringene kan vi ta tak og gjøre noe, det oppleves bedre enn å ikke kjenne utgangen av en situasjon. Det vanskeligste er usikkerheten og utryggheten omkring f.eks fare for å miste jobb og inntekt. Det kan gi søvnløse netter, redusert matlyst og kan føre til slitenhet og redusert energi, kvalme og smerter i hode og kropp, eller psykiske plager som nedstemthet og uro. Der man ikke selv har påvirkningskraft og føler maktesløshet øker ofte symptomene.
En metode som kan hjelpe litt når alt synes mørkt og grått er å forsøke å dele opp problemene man hele tiden tenker på, se hvilken kategori de faller inn under:

Hva kan man selv gjøre noe med? Det å gjøre noe, uansett hvor lite, oppleves godt, det gir opplevelse av kontroll på noen områder. Gi deg selv kreditt for det som gjøres og ordnes.

Hva kan noen andre hjelpe med? Bruk familie, venner, naboer, Bondelaget eller andre yrkesfellesskap, NLR (Norsk Landbruksrådgivning), bedriftshelsetjenesten, fastlegen, banken – ikke vær redd for å be andre om en hjelpende hånd.

Hva er det ikke mulig å få gjort noe med? (i alle fall ikke her og nå) Forsøk legge dette til side inntil videre, disse problemene gir kun grunnlag for grubling og negative tanker.

Det er viktig å snakke med andre i samme situasjon, fellesskap og samhold gjør godt, og også lurt å snakke med personer som ikke deler de samme utfordringene, og med det profesjonelle apparatet, de kan bidra på andre måter. NLR og bedriftshelsetjenesten har tilbud til bønder i krise, benytt deg av dette. Ikke vær alene med problemene. Bruk ordninger som finnes og de du har rundt deg!

Laila M Torp er bedriftsoverlege i Ringvoll Bedriftshelsetjenste, som også betjener Norsk Landbruksrådgivning i området.

Stikkord denne saka: , ,