Geitebøndene vil sjå is og yoghurt av geitemjølk i butikkane. Tine har meir tru på å løfte brunosten og vurderer sterkare satsing på eksport av geitost.

Liv Kristin Sola

140 geitebønder frå heile landet hadde fått avløysing frå gard og støl, og funne vegen til Geitedagane 2019 på Geilo førre helg. 140 av totalt 271 geitebønder, det er eit frammøte andre næringar ikkje ein gong drøymer om.
Helga var fullstappa med politikk, fag og utferd. Men viktigast av alt . samlinga er ein sosial arena for geitebøndene som er spreidd på små miljø over heile landet. Geitebøndene har kjempa for seg og geita si, og klora seg fast på bruk som ikkje kan nyttast til anna enn å drive med geit. Men geita er veslesyster i alle samanhengar – i Tine, i Sau og Geit, og i Bondelaget.

Eit ekte motbakkeløp

Kirsti Skrattegard, Jorun Teksle Gurigard og Åse Thune-Majormoen innleier Geitedagane med å minne om at det ikkje har mangla på planar og store tankar for geitemjølka – men mjølkekvaliteten har ikkje vore god nok.

– Me bretta opp ermane og gjorde jobben; med smak, frie feittsyrer, jurhelse, og ikkje minst sanering. Det skulle satsast på geit i Tine. Eg meiner me har gjort jobben, og me skal jobbe vidare, men eg veit ikkje om eg synast Tine har gjort jobben, seier Gurigard.

Stor som liten: Norsk geitmjølk er i verdsklasse. Nå må folk få smake på produkta, som denne iskremen av geitmjølk med smak av brunost frå Storfjord.

Etter saneringa har mjølkekvaliteten blitt stadig betre. Ja, såpass god at Tine i fjor såg seg nøydd til å kutte på kvalitetstillegga for geitemjølka. Og konsernstyre vil kutte meir.

– Det er slik at somme meiner differansen mellom utbetalingspris for geitemjølk og kumjølk har blitt for stor, stadfestar Marit Haugen, styreleiar i Tine.

Det kan i verste fall bety ei krone i redusert mjølkepris for geitemjølka. 20 millionar kroner skal så smørast ut over kubøndene sine 1,43 milliardar liter. Det blir ubetydeleg. Samstundes skal geitebøndene vere med og ta kostnaden med auka omsetningsavgift for redusert mjølkevolum for bortfall av Jarlsbergeksporten.

Brunosten i motvind

Det står om framtida for geitenæringa. 60 prosent av geitemjølka vert nytta til brunost. Matpakka er ikkje lenger sjølvsagt, og frukost ikkje det det ein gong var – med mjølk, brød og brunost. Når sjølve lokomotivet blant dei norske ostane gjennom 150 år taper marknad, merkast det på volumet. Forholdstalet for geitemjølk er 0,94.

– Marknaden vert mindre. Tine tener for lite, innovasjon er ikkje bra nok, og me klarer ikkje å vekse. Det blir tøffe tider både for geite- og kumjølkprodusentar, er Haugen si melding.

Styreleiaren er ikkje med på at geita er ein klamp om foten, som arrangøren ymta til i programmet.

– Geita er ein ressurs. Ferdig snakka, konstaterer styreleiaren frå talarstolen. Det får Hege Gonsholt frå Arabygdi til å etterlyse ein tydelegare strategi for kva Tine meiner med akkurat dette. Ho åtvarar samstundes mot å sette ku- og geitebønder opp mot kvarandre.

 

Krevjande vegval: Marit Haugen, styreleiar i Tine (t.v.) og Kjersti Hoff, leiar av Norsk Bonde og Småbrukarlag, er begge kubønder som vil geita det beste.

 

Brunosten ut i verda

Og Tine har ein strategi. Målet er internasjonalt gjennombrot for norsk mjølk mot 2025, og samstundes styrke posisjonen nasjonalt.

– Skal Tine vekse må me utanlands. Det kan bli suksess – blir det ein fiasko tapar me mykje pengar, konstaterer styreleiaren.

Ho understrekar at dette er eit kostnadsspørsmål.

– Det kostar mindre å utvikle det me har enn å utvikle heilt nye produkt. Tine må prioritere knallhard framover, seier Haugen, og ber om råd frå bøndene.

Steinar Larsen frå Ål, er skeptisk: – Du kan få det til å høyres fint ut, at Tine satsar i utlandet, men du vil ikkje satse på geit i Norge. Eg trur dette også handlar om konkurransen med kumjølka. Og det kjennes litt vondt. Skal du lage ei sterk merkevare må du klare det her heime først, seier Larsen.

Han tek til orde for meir forsking på dei påståtte helsemessige fordelane med geitemjølk, i staden for å sende mjølk til utlandet.

Også Gurigard understrekar nettopp det poenget: – Me veit at mange som ikkje tåler kumjølk, kan tåle geitemjølk. Kva gjer Tine med det? Jau, no er hyllene fulle med laktosereduserte og laktosefrie produkt av kumjølk. Dette er ei utfordring til Tine: Lag produkt av geitemjølka med tanke på laktose-intoleranse. Prøv med yoghurt og is av geitemjølk, seier geitebonden frå Ål.

Geit er trendy

Stadig fleire geitebønder tek saka i eigne hender og satsar på foredling på eige bruk. Dei som har hoppa i det, har ikkje problem med sal. Men skal det vere slik at geitebøndene må foredle råvara sjølv for å overleve?
Hege Gonsholt minner om at geit har blitt trendy. I Europa og USA aukar etterspurnaden, spesielt etter smakssett geitemjølk. Geitebonden viser til ein rapport frå Global Goat Milk Market 2018-2022, som spår at etterspurnad etter geitemjølk vil auke med seks prosent fram mot 2022.

– Av erfaring veit me at slike trendar også kjem hit, seier ho.

Geitebøndene får langt på veg støtte frå Kjersti Hoff, leiar av Bonde og Småbrukarlaget.

– Lokalmatprodusentane viser veg og får det til med både is og yoghurt. Eg trur me må tenke særpreg og ikkje likskap i satsinga på geit, seier Hoff.

Geita er trendy: Etterspurnaden etter produkt av geitmjølk er venta å auke med seks prosent fram mot 2020. →

Starten på eit godt samarbeid?

Geitebøndene takka tineleiar Haugen først og fremst for å stille opp, men også for å vere open og ærleg og invitere til dialog.

– Kva vil du seie til geitebøndene?

– Det har vore tøft, og det vil bli tøffare, både for ku og geit, seier Haugen.

Ho oppmodar geitebøndene om ikkje å tenke om seg sjølve som små, men delta aktivt i organisasjonane for å snakke geita si sak.

– Tine vurderer å satse sterkare i utlandet, medan geitebøndene vil sjå nye produkttypar av geitemjølk her heime. Ser du risikoen ved å satse i utlandet som mindre enn å utvikle geitemjølka her heime?

– Ja den som visste det, svarar Haugen med eit sukk. – Det er risiko knytt til å satse berre heime. Det er risiko knytt til å satse ute, det me veit er at den nasjonale marknaden er avgrensa, konstaterer tineleiaren.

Nytt pågangsmot: Janne Marie og Gjermund Vassbø reiser heim til Bjerkreim fulle av pågangsmot. No skal dei bygge ysteri og framsnakke geita.

Nytt pågangsmot

Litt bak i salen sit to unge bønder frå Veen i Bjerkreim i Rogaland. Janne Marie og Gjermund Vassbø har fått tre dagar fri frå ein travel kvardag med 166 mjølkegeiter, gardscamping og gardsbutikk – og tre barn på to, fire og seks år. No er dei førstereis på Geitedagane og er her først og fremst for å bli kjent med andre bønder.

– Geitemiljøet heime er lite og me er ferske i faget. Her treff me mange som kan og vil mykje. Dette var vanvitig mykje meir oppløftande enn det eg hadde venta meg seier Gjermund.

Måten dei blei møtt på i miljøet og møte med andre unge geitebønder, har gitt nytt pågangsmot. Ein tur til det lokale Hol ysteri ga dei unge mange idear til å ruste opp eigen gardsbutikk.

– Me kunne spørje om alt. Det var enormt interessant og nyttig, seier Janne Marie.

I gardsbutikken sel dei alle geiteostane til Tine, også dei mest eksklusive som du ikkje får i butikk. Men ganske ofte opplever dei at Tine ikkje kan levere meir enn halvparten av bestillinga.

– Me opplever at folk vert positivt overraska når dei får smake på kjøt og ost av geit. Mange kjem attende for å kjøpe meir, seier Janne Marie.

No skal dei heim og planlegge nytt fjøs. Og skal dei først bygge, vil dei også bygge eige ysteri. Lysta til å satse er større enn nokon gong.

– Bedrifter som klarer å omstille seg og heile tida sjå framover, dei vil alltid ha ei framtid, seier Gjermund.

Stikkord denne saka: , ,