Arne Berge, bonde og leiar av Time Bondelag

Arne Berge er bonde, leiar av Time Bondelag og medlem av Jærsmiå. Han skildra utfordringane ein bonde møter i det jærske landskapet.

 

– Me som bønder vil ha rom til å utvikle oss. Me kan ikkje oppføre oss som ein hannhund, og gå rundt å skvette litt her og der, sa bonden Arne Berge, i sitt innlegg under dialogmøtet om jærlandskapet.

 

Jofrid Åsland
Korleis kan ulike interesser einast om bruken av det jærske landskapet? Medlemmene i Jærsmiå har sett nærare på dette spørsmålet.
– Tema er ikkje så spissa som sist, men minst like viktig, innleia Dag Jørund Lønning, professor/rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling og prosjektleiar for Jærsmiå .
Om lag 60 personar fann vegen til ope dialogmøte i Klepp rådhus denne onsdagskvelden.
– Med andre sitt blikk inn mot eit fenomen, blir heile fenomenet mykje større, sa Lønning frå scena.
Han snakka som alltid varmt om dialogbasert arbeid. Jærsmiå er eit dialogforum med mål om å skape nye modellar og visjonar for utvikling av jærlandskapet. Fleire av medlemmene av forumet hadde innlegg med ulik vinkling på bruken av landskapet.

Urbanisering og friluftsliv

– I Klepp har me mykje grønt rundt oss, men kan ikkje gå tur på dyrka jord. Eg trur me kunne lagt til rette for turstiar. Det vil i tilfelle krevje dialog mellom dei involverte: Det offentlege, kommunar, grunneigarar og politikarar, sa Arne Sæbø.
Han vart introdusert som friluftseksperten, og arbeider til dagleg hjå Bioforsk Vest på Særheim. Han peika på at urbanisering er ein stor trend verda over. Samfunnet vert stadig meir urbanisert, noko som igjen fører til mindre aktivitet og større behov for areal til fritidsaktiviteter.
– Min draum er ein skiltpåle i kvar tettstad og by, med forskjellige løyper. Eit skikkeleg lågterskel tilbod om fysisk aktivitet, sa Sæbø.

Gode tankar møter motstand

Cato Østerhus, jærsmed og medlem i ØsterHus-gruppen, delte sine erfaringar i samband med vern av kulturminner. Han peika på fleire døme der han meinte at han som utbyggar har hatt gode intensjonar om å nytte ressursar for å gjere verna område endå meir tilgjengeleg for folk flest. Likevel har det ikkje vore mogleg å realisere på grunn av restriksjonar frå myndigheitene. Han viste fram bilete av området som ber namnet Orstadhaugen. Her ville utbyggaren få til ei samanslåing av bustader og verna natur. Målet var at vernet skulle verte endå betre, og bustader kunne byggjast på uproduktiv jord. Per i dag har dei ikkje fått klarsignal for dette prosjektet.
– Slike situasjonar aukar presset på matjorda, sa Østerhus.
– Når ein zoomar inn og ut ser me at slike hendingar ikkje gir meining. Sett med vidvinkel ser me at det er nokre gode hensikter her, zoomar me inn ser me at dialogen ikkje fungerer heilt, summerte Lønning, etter Østerhus sitt innlegg.
Lønning overrakk fleire eksemplar av dialogforumet si prinsipperklæring til assisterande fylkesmann, Harald Thune.
– Det som er spesielt med desse prinsippa er stor bærekraft på grunn av at dei er utvikla på tvers av interesser, sa Lønning til Thune.
– Fylkesmannen skal ivareta dei nasjonale verdiane. Me har som oppgåve å styte for at nasjonale mål blir sett ut i livet. Eg kunne kanskje tenke seg at noko i erklæringa var meir utdjupa, men det er ikkje mykje ein ikkje kan slutte seg til her, sa Thune.

Mykje frustrasjon knytt til vern

Arne Berge, mjølkeprodusent, leiar i Time Bondelag og medlem av Jærsmiå, fortalde om korleis vern av jærlandskapet påverkar livet som bonde. Han snakka om restriksjonar, søknader, hundremeterssoner, saksbehandlarar og turfolk.
– Nokon personar her inne har vore på besøk hjå meg, og me har hatt det både varmt og kaldt, sa bonden.
Han skildra prosessane han må gjennom for å sette i gang med nydyrking av jorda.
– Mykje frustrasjon er knytt til vern. Dersom berre saksbehandlaren hadde hatt berre litt sundt bondevett, utfordra Berge.Mange i salen trakk på smilebandet under bonden sitt innlegg med humor, som tydleg verkemiddel for å få fram utfordringane.
– Me må verne noko skikkeleg, og ikkje alt litt. Me som bønder vil ha rom til å utvikle oss, me kan ikkje oppføre oss som ein hannhund, og gå rundt å skvette litt her og der, sa han.
Berge fortalte om kyr som gjekk til angrep på turgåarar og hissige vêrar som dunka til barna. Bonden var i utgangpunktet positiv til turfolket, men skisserte også ein del utfordringar. Han avslutta med å slå eit slag for eit mangfaldig jordbruk over heile landet.

Dag Jørund Lønning (t.v.), professor/rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling og prosjektleiar for Jærsmiå, gir prinsipperklæringa til assisterande fylkesmann, Harald Thune.

Dag Jørund Lønning (t.v.), professor/rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling og prosjektleiar for Jærsmiå, gir prinsipperklæringa til assisterande fylkesmann, Harald Thune.

Eit viktig verktøy

– Jærsmiå tek opp tema eg brenn for. Tema som er noko av grunnen til at eg har blitt politikar, sa Elin Schanche, fylkespolitikar og medlem av Jærsmiå.
– Noko av grunnen til at eg synast det er spanande å vere med i Jærsmiå er at eg sjølv har vore bonde og grunneigar i 24 år. Eg kjenner meg att i mange av Arne Berge sine skildringar, sa ho og held fram:
– I den tida eg var bonde, kunne eg hatt behov for ein arena der eg møtte andre som ville bruke området. Kanskje eg hadde sett at det var mogleg å opne meir for turfolket.
– Ja, kanskje er prinsipperklæringa naiv på somme områder, men eg trur veldig på open dialog, fortalde Schanche.
Ho skildra Jærsmiå som eit viktig regionalt verktøy, og etterlyste ei kunnskaps- og haldningsendring av korleis areala vert nytta. Ho tok til orde for for fleirbruk, og bruk av opplevingsareal.
– Det har skjedd mykje dei siste åra. Eg opplever at fortetting, transformasjon og urbanisering er ein av dei beste måtane å ta vare på matjorda på, sa Schanche.
Lønning runda av innlegga og opna for dialog i grupper:
– Eg høyrer ordet naiv bli brukt. Me liker heller ordet visjonær. Det er eit mykje betre ord. Så slepp dykk laus, ver visjonære, oppmoda han.

 

 

Prinsipperklæring om jærlandskapet

Jærsmiå har kome fram til ei prinsipperklæring om næring, natur-/kulturvern og friluftsliv:
• Fleirbruk må vere hovudmålet, ikkje unntaket: Målet er at jærlandskapet i større grad kjem fellesskapet til gode.
• Vern gjennom bruk: Både bønder og opplevingsaktørar bør trekkast aktivt inn i planlegging, utvikling og gjennomføring av verneinteresser.
• Behov for eit verdiskapingsprogram for jærlandskapet: Ønskje er ein open og fordomsfri dialog om landskapsbasert produkt-/tenesteutvikling, samt verdiskapingspotensial i og ringverknader av å stimulera til/leggja til rette for private betalingsordningar.
• Ei meir dialogbasert forvalting: Målet er å finne løysingar som alle aktørar kan vere del av, løysingar med felles eigarskap og ansvar.
Kjelde: www.dialogportalen.no

Stikkord denne saka: , ,