Omsetning av mjølkekvotar vert digitalisert: LMD vil tyeleggjere skilje mellom eigar og leigar av mjølkekvote, og ansvarleggjere partane slik at dei sikrar seg ryddige privatrettslege avtalar om kvoteleige.

Ikkje baser kvoteleiga på eit handtrykk, ein munnleg avtale, eller god tru, åtvarar Olav Sandlund i landbruksdirektoratet. – Få på plass ein ryddig avtale for å sikre produksjonsgrunnlaget for investeringa di, seier han.

Liv Kristin Sola

Første juni fastsette Landbruks- og matdepartementet (LMD) endringar i kvoteforskrifta for mjølk. Samstundes lanserte Landbruksdirektoratet ei digital løysing for mjølkekvoteordningar.

Ved å logge inn på Altinn, kan alle som eig og disponerer mjølkekvote raskt få oversikt over eigne kvoteopplysningar. Vil du selje kvoten, er det her du skal registrere salet. Skal du leige ut kvoten, er det og her du skal registrere kva føretak som skal produsere på kvota di neste år.

Kan endre på kvoteleige utan samtykke

Nytt i forskrifta er at eigar av grunnkvote sjølv melder frå om endring i leigetilhøvet, utan samtykke frå leigetakar. Leigetakar vil få ein SMS frå Landbruksdirektoratet om at endringa er føretatt.

– Ordninga er meint å gjere søknadsprosessen enklare, raskare og tryggare, seier seksjonssjef Olav Sandlund i Landbruksdirektoratet.

Olav Sandlund, seksjonssjef LMD. Foto: LMD.

John-Erik Skjellnes Johansen, mjølkebonde. Foto: Bondelaget.

Men Bondelaget er ikkje trygge på at endringa sikrar rettane til den aktive mjølkeprodusenten.

– Vi bad om ei varslingsordning slik at den aktive bonden fekk betre oversikt. Det kunne dei fått til då dei laga den digitale løysinga. Men vi vart ikkje høyrt, seier John-Erik Skjellnes Johansen, styremedlem i Bondelaget.

Også Johansen meiner det er viktig å sikre gode privatrettslege avtalar. Samstundes meiner han det forpliktar å ha ei slik avtale dokumentert i eit offentlege register. Når Staten valde å sjå vekk frå Bondelaget sine ønsker, oppmodar Johansen no bøndene til å sette seg grundig inn i avtalen dei signerer på.

– Sjekk at du er oppdatert på alle punkt. Bruk gjerne Bondelaget sin standardkontrakt som heile tida er oppdatert, seier han,.

Johansen minner om at Bondelaget vil jobbe hardt for at kvotesystemet skal fungerer på ein god måte.

– Vår oppgåve vil alltid vere å sikre den aktive produsenten, seier Johansen.

Sett deg grundig inn i kva du skriv under på
før du inngår ein avtale om leige av mjølkekvote.
John-Erik Skjellnes Johansen

LMD på si side, ønsker eit tydelegare skilje mellom eit føretak som disponerer og produserer ei kvote, og den som eig kvota, som er ein verdi som høyrer til ein landbrukseigedom.

Sandlund viser til at heller ikkje den «gamle» ordninga, kor begge partar måtte samtykke, var fri for konflikt. Når to partar står på sitt, blir det konflikt.

Johansen minner om at Bondelaget vil jobbe hardt for at kvotesystemet skal fungerer på ein god måte.

– Vår oppgåve vil alltid vere å sikre den aktive produsenten, seier Johansen.

LMD på si side, ønsker eit tydelegare skilje mellom eit føretak som disponerer og produserer ei kvote, og den som eig kvota, som er ein verdi som høyrer til ein landbrukseigedom.

Sandlund viser til at heller ikkje den «gamle» ordninga, kor begge partar måtte samtykke, var fri for konflikt. Når to partar står på sitt, blir det konflikt.

Utvikling i gjennomsnittskvote og talet på føretak:

Talet på føretak med kumjølkproduksjon går jamt nedover. Frå 2003 til 2020 er det ein reduksjon på rundt 58 prosent. I 2020 var det 3782 eigedomar som heilt eller delvis hadde leigd ut kvote. 2982 føretak leigde inn kvote, og nærare 338 millionar liter grunnkvote var i leigeforhold i 2020.

Tilsvarande tal for geitmjølk er ein reduksjon frå 589 føretak i 2003 til 272 føretak i 2020. 130 geitmjølkkvotar er heilt eller delvis leigd ut. 

Sikre deg med ein ryddig avtale

Sandlund minner om at ei registrering hjå direktoratet ikkje gir større sikkerheit enn ein god privatrettsleg avtale mellom to partar. Direktoratet ser det ikkje som si oppgåve å løyse opp i private tvistar som gjeld tolking av privatrettslege avtalar.

– Slike saker må løysast mellom partane, og eventuelt i rettssystemet, seier Sandlund.

Han har merka seg at avtalar mellom partane i eit leigeforhold har vore av ymse art. Både når det gjeld kvote, men også jordleige.

– Sett på spissen er enkelte avtalar berre stadfesta med eit handtrykk, seier seksjonssjefen.

Han understrekar at gode skriftlege avtalar er viktig om det oppstår konfliktar. Spesielt for dei som skal investere mange millionar basert på leigd jord og kvote.

– Det er svært viktig å inngå ryddige avtalar. Avtalen må avklare kor stort volum det er snakk om, til kva pris, og kor lenge avtalen gjeld, seier Sandlund.

Det er svært viktig å inngå ryddige og gode avtalar.

Olav Sandlund

– Kor sterkt står slike avtalar juridisk?

– Det er det sjølvsagt rettssystemet som avgjer. Men ein godt formulert avtale som begge partar har signert på, er heilt klart forpliktande for begge partar, understrekar seksjonssjefen.

– Bør partane involvere ein tredjepart i prosessen?

– Eg vil tru at både faglaga og meieriene, eller landbruksrådgivinga og rekneskapskontor er interessert i å bidra. Avtalen treng ikkje vere komplisert, men må innehalde dei viktige punkta, seier Sandlund.

– Så kvoteleigar står ikkje svakare med denne ordninga, slik enkelte fryktar?

– Nei, absolutt ikkje. Der er å svartmale situasjonen. Vår hensikt er å rydde opp og i større grad ansvarleggjere begge partane. Om du investerer mange millionar i fjøs og berre eig ein tredjedel av produksjonsgrunnlaget, er det reint lotteri å satse utan skriftlege avtalar som sikrar deg. Eg vil tru at IN også vil krevje meir langsiktige avtalar, seier Sandlund.

Stikkord denne saka: , ,